Kontrastar

Eit streif avgrensa til øya eg bur på, kan by på mange kontrastar. I fleire år har eg fotografert det eg kallar installasjonar av siloballar. Eg var tilfreds med å attgje dei i svart kvitt. Så kom dei rosa ballane, og no nyleg dei blå ballane. Uråd å attgje dei i anna enn fargar. Og så oppdaga eg at dei farga ballane også kan ha sjatteringar og mønster. Kanskje det hadde blitt endå fleire spennande studiar om eg hadde gått tettare innpå.

I det som noko misvisande kallast ein næringspark, kom eg over ei lang rekkje med oppstallerte betongelement. Dei venta på å bli monterte i ei høg bustadblokk. Fotografisk var det rein geometri. Den farga stroppa berga biletet.

Og så ein heilt annan installasjon; ein uttørka einerbusk, stilt opp-ned i eit gamalt beiteområde som berre spelsauen har glede av. Ikkje eit menneske å sjå, om lag ein kilometer inn på ein umerka og kronglete sideveg til europavegen.


Eit krypinn for draumar

Det er mykje arbeid og stress med å skaffa seg eige hus. Meklaren skal ha sitt, banken sitt. Signatur på papir du ikkje les likevel. Flytta ut, flytta inn.

Mindreårige fulle av virkelyst har det lettare. Ein stabel kasserte plankar og bord. Spiker. Hammar – logistikk og samarbeid. Og vips, så har gutane (eller jentene) si eiga hole der dei kan snakka om mangt dei ikkje har greie på. Og utan at dei veit det har prosessen vore til stor nytte for den vidare utviklinga mot vaksenlivet.

Som fotograf er det rein flaks at eg kjem over slike hytter Ein stad er det ein haug eg har gått framom mange gonger utan å sjå kva som var på toppen. Ein dag gjekk eg opp den kronglete stien, og der var ho.

Om byggverk nummer tre er i sin første entusiastiske fase, eller om prosjektet er oppgitt, veit eg ikkje noko om.

Byggverket på det nederste fotoet kan knapt kallast eit byggverk. Eg køyrde til sjøen på ein umerka og svært smal veg. Litt avsides frå vegen var det eit glimt av noko som måtte vera høvla, og der låg denne kiosken for Gilde pølser, og Åpent heile døgret, men ikkje ei sjel å sjå. Mattilsynet har ikkje brydd seg.

Gute- og jentehytter har kort brukstid, men ein skal ikkje undervurdera den intense bruk av hjernen i byggeperioden. I vår digitale alder er nettbrettet gjerne prioritert framfor hammar og spiker.


Omslutta av grønt

Ein smal skogssti med tett vegetasjon på begge sider. Og eg har aldri tenkt på det før: Eg er omslutta av fargen grøn. Eg er omslutta av fotosyntesen, vilkåret for alt liv på kloden. Måtte sivilisasjonen verdsetja desse små grøne lungene! For dei vert færre etter kvart som folk krev albogerom. Ein motorveg her, eit byggjefelt der. Det spesielle med denne staden er at eg kan stå på bilvegen der han kryssar ei kløft og sjå rett ned tretoppane. Etter to-tre minutts nedstiging er eg i botnen av lauvskogen og kan leggja svusj-lydane frå trafikken bak seg. I andre enden av skogsvegen er det ei badestrand. Det er ikkje lange spaserturen. Både bekken som renn langs vegen, og sjølve badestranda, er prega av det mineralrike fjellet. Bregnene står tett i denne biotopen. Dei er vanskelege å fotografera, men eg kan undra meg over det fabelaktige byggverket som ei bregne er.

Eg og turkameraetn snakkar ofte om det fabelaktige i naturen, til dømes noko så forbanna som knott. Så mykje liv og vilje (eller instinkt) i ein ørliten kropp! Men det er ei anna historie.


I rett tid, II

Sjølvsagt reiste eg ut att til gravplassen eg nemnde i forrige innlegg, og kom i rett tid. Det var ei revebjølle der. Sist var ho grøn, no hadde ho opna bjøllene. Det er merkeleg å koma i noko som liknar ekstase på ein gravplass. Dette er ein av dei finaste eg veit om. Han er liten, gamal, og så frodig og viltveksande at det aldri ville blitt godtatt på ein meir moderne gravplass. Mange av dei som ligg her døydde for fleire mannsaldrar sidan, og ville aldri i sin villaste fantasi kunna tenkt seg vår digitale sivilisasjon. På fleire av steinane er det uråd å lesa namn eller dødsår. Likevel står det her og der ein frisk blom eller eit gravlys.

Ein moderne gravplass med ferske graver gjev sterke påminningar om at livet er forgjengeleg. Men eg opplever at ein gamal plass gjev meir perspektiv; dette med generasjonar som avløyser kvarandre, og tankar om kva liv dei hadde dei me står på skuldrene til.

Alle bileta er frå Foldrøy på Bømlo.


I rett tid

For litt sidan fotograferte eg ei grav der det vaks ei revebjølle framfor gravsteinen. Eg skulle gjerne hatt ei revebjølle som var raud i toppen, men var for tidleg ute. Det er langt å køyra dit. Skal, skal ikkje.

For bilete nummer to handlar det både om rett tid og rett ver. Steinen ligg i ei langgrunn fjøre. Stundom er det sjø kring han på alle kantar, stundom ligg han naken i strandgjørma. Han er finast med vatn kring seg, men når eg vassar ut for å koma nær nok (kamera med fast 35 mm optikk), skal vatnet helst ikkje fylla støvlane. Difor er det viktig å vera der til rett tid, og i overskya stille ver.

Dei andre bileta er frå same turen. Sjølv om området er avgrensa, så kan motiva variera, også når målet berre er stein


Nok er nok

Det kan bli for mykje rhododendron. Denne busken som i blomkålform spreier sine intense fargar over alt, i byrom og villastrok. Eg har fått nok, men må avslutta på ein verdig måte. Det er fint å kunna kombinera intensiteten med myriadar av kvite småblomar, eller med viltveksande soleier som folk ikkje temjer på annan måte enn å slå dei ned – som om det hjelper. Så er det nokre få rhododendron som har ei overraskande open form. Dei likar eg. Eg kan gå inn i dei, og frå utsida gløder blomekvastane som rubinar inn mot midten. Dei to siste bileta er såleis frå ein gravplass som vart spesielt oppretta for folk som døydde i spanskesykja for ein del mannsaldrar sidan.


Det banale

I sist blogginnlegg viste eg foto av ein rhododendron sett bakfrå, og hevda at det klassiske (banale) er heilt borte. Ein lesar vart provosert av ordet 'banale': – Det er banalt å tru at biletet vert mindre banalt av alltid å gjera det annleis.

Ordet banalt har noko utflytande over seg. Dei fleste gled seg over ein vakker solnedgang. Kvifor er det då så vanskeleg å gle seg over eit foto av det same? Kanskje av di formatet er krympa og av di fargen som oftast er den same. Det er som å eta graut til middag kvar dag. Men eg trur det er mogleg å heva det banale over det banale ved å finna nye måtar å presentera det på.

Den svenske forfattaren Thomas Nydahl skriv: – Det verdslege er i dei fleste tilfelle synonymt med det banale. Til eldre eg vert, til større trong får eg for det banale. Torsdagstimane i sola, med leikandde born på stranda, med ein enkel kopp kaffi og ein matpakke. Tidlaus banalitet. Kva meir kan ein trå etter?

Ein ting er banalitetar i det visuelle, men det same finst i rikt mon i tekstar, også av dei som skulle vita betre. Ein fotograf skreiv i samband med ei utstilling at det er ikkje berre å gå ut og knipsa: – Eg vurderer mellom anna lyset. Fotografering er jo eigentleg magi eller tryllekunst, der er lyset heilt essensielt.

Eureka!

Stundom trur me at me greier å skapa noko som løfter sinnet og får oss til å gløyma alt anna. La oss gle oss over slike sjeldne og gode stunder.

Ja, lyset er essensielt for dei vedlagde fotoa (eureka!). Magien er fråverande, som på alle bilete eg tar. Påstanden min er (enno ein gong) at magi ikkje finst. Det veit ein kvar tryllekunstnar. Bileta spriker i alle retningar, men har det felles at dei er tatt innafor ein radius på hundre meter, og er frie for solnedgangar og rhododendron.


Flower-power

Det japanske kirsebærtreet (Sakura på japansk) blømer villig fleire stader i Noreg, blant anna i Bergen. Blomen har kort levetid. Her har kronblad samla seg langs fortaukanten på Leirvik i Stord. I japan er bløminga ei storhending. Somme staderer er heile landskap oversådd med sakura. Det kan sjå ut som nyfallen snø når fleire hundre tusen tre av den kvite arten blømer samstundes. For samuraiane var sakuraen ei påminning om at livert er kort. Også i dag hender det at jentebarn får namnet Sakura.

Rhododendron er ein overdådig, nesten barokk plante. I dag fotograferte eg han 'bakfrå', gjennom greinverket og mot sola. Det klassiske (banale) preget er heilt borte.

Tusenfryd blir lett grafisk når du prøver å attgje blomen utan at han 'brenn ut', og let vera å korrigera den mørke bakgrunnen.


Tid for sykkel

Sitatet: – Alt betyr noko, alt. Same kor banalt eller stygt det er så har det ei hemmeleg meining. (Clarence Jo Laughlin)

Med sykkel rekk eg over meir enn når eg går, og så slepp eg det dårlege samvetet med å bruka bil. To timar på to hjul, og undervegs festar eg på minnebrikka det som fell meg inn. Det blir vilkårleg, men i beste fall passar eit og anna motiv inn i tema eg arbeider med. Rhododendronen treng inga forklaring. Foto nummer to viser, i nedre kant, murane til eit kvernhusanlegg som kanskje var i drift for hundre år sidan. På toppen av skråninga moderne hus som kontrast, og til venstre ein snipp av eit ugudeleg stygt parkeringshus. Spor i asfalt utfordrar komposisjonslysta. Vedlad har eg alltid likt, og eg sansar fort om den som har lagt det set si ære i å gjera det vakkert.


Om å sleppa å seia noko

Sitatet: – Det er fint når eit menneske, som grunnleggande har forstått eit tema, ikkje er villig til å opna munnen. (Yoshida Kenko).

Eg forstår ikkje mine tema eller foto, og er glad eg slepp å seia noko om dei. Det er så mange merkelege utsegner om kunst, også frå kunstnaren sjølv (sjå t.d. førre bloginnlegg). Om nokon ser noko kosmisk eller magisk i mine foto, så er eg fri til å seia at eg ikkje forstår kva du snakkar om. Men det er den som ser fotoet som 'eig' det.

På tilrettelagde skogsstiar møter eg ofte folk. Stundom vert det veksla nokre ord, i beste fall ein spøk. Det er greitt. Om eg gjev meg inn i eit hogstfelt – som stundom kjennest som eit minefelt – møter eg ingen, og det er endå greiare. Bileta her er frå og ved eit hogstfelt ein vedunderleg dag. Slikt er lise for sjel og tanke. Dei fleste av bileta gjer seg best i svart-kvitt, menn nummer to måtte vera i fargar.