Tønnespøk

For eit par dagar sidan la eg inn eit foto av fire tønner, tatt med analog, høg-ISO film. Det var – som den vakne betraktar truleg har oppdaga – tull og tøys. Biletet var gjort 'gamaldags' med eit par enkle grep i datamaskina. Originalopptaket ser du nedanfor.

Men spørsmålet reiser seg: Lar me oss blenda av alt som blir gjort med eit bilete etter opptak? Vert me blenda av form? Kan bodskapen bli borte dersom form blir sær? Me har trass alt noko me vil formidla. Ei bearbeiding kan skjula éi forteljing, men nye kan oppstå. Bearbeiding nesten til det ugjenkjennelege kan i beste fall få oss til å sjå klarare, men også opna for poesien og eventyret.

Mange av oss amatørar trur me serverer betraktaren bilete som ikkje er manipulerte, men gløymer lett all den tida me brukar på å finpussa eit opptak; gjera det etande for betraktaren. Massevis av uklare grenser her. Og det er bra. (Lagt inn av Olav Bjørkum)


O, rust og gaman!

For sju-åtte år sidan var Eldøyane på Stord storleverandør av rust til ein balstyrig amatørfotograf. Det var beint fram ein orgie i rust. Eg kunne budd der. Så minka det; skrap vart fjerna, og dermed motiva.

Tidlegare i dag hadde eg ein rusletur der, og under over alle under – rust. Det er nesten så ein blir lukkeleg når ein er heime att og ser rusten breier seg over dataskjermen. Eg var heldig og fann fine variasjonar, fleire enn dei som blir presenterte her. Fotoa i rustgalleriet mitt tyt ut gjennom alle sprekker, men framleis fester blikket seg på brune flater i når eg er ute og reiser, i håp om å finna gode mønster. Kanskje gjev dei også mat til ein livleg fantasi. (Innlagt av Olav Bjørkum)


Feirar siloballane

Det er lov å feira litt? Med a nice cup of tea and a sweet biscuit? Eg er ein lidenskapeleg siloballefotograf. I fjor fekk redaktøren i avisa Sunnhordland sjå eit av siloballebileta mine, og det enda med ein seks siders reportasje i avisa. Kvart år konkurrerer avisene i Noreg om kven som er beste avis, kven som har beste sportsreportasje, featureartiklar osv. Reportasjen om siloballane er nominert som ein av dei fem beste i klassen feature for 2013. Sjølv om artikkelen ikkje går til topps 7. mai, så kosar eg meg litt. Det kan ikkje bli mindre enn 5. plass. Det er litt dristig for ei avis å satsa på noko så sært som siloballar. Grafikar Lena Herland sto for formgjevinga av reportasjen.

Det øvste fotoet er eit av dei første eg tok av siloballar. Ei perlerad frå Flatdal i Seljord, som er eit paradis for ein siloballefotograf. Syklisten er fanga i Nord-Rogaland. Vidare Hopperstad stavkyrkje i Vik i Sogn, og det siste er frå eit returlager for balleplast i Nord-Rogaland. (innlagt av Olav Bjørkum)

Nesten sakralt

Det hender det dukkar opp noko som kan ha glimt av det sakrale over seg, også blant søppel og skrot. Alt på dei fire bileta vart fjerna kort tid etter dei vart fotograferte, så det er ingen grunn til å venta på. Kanskje går det ein raud tråd gjennom bileta. Her delar av eit svært gamalt og vraka fjernsynsapparat sett saman til ei altartavle. Triptykonet er sett saman av små metallplater funne utanfor yrkesskulen på Stord. (Innlagt av Olav Bjørkum)


Eit hav av plast

Både landjord og hav flyt over av plast. Ikkje bokstaveleg, men du skjønar kva eg meiner. Avfallsplasten kan ha sine fotogeniske sider. Det øvste firdelte fotoet viser same plasremsa i fire stadier. Det var stiv kuling. Utan stativ var det vanskeleg å halda kamera stødig, men som du ser gjekk det på eit vis. Plasten dansa litt, roa seg, dansa igjen, men heldt seg på eit avgrensa område.

Plasten nedanfor hadde klistra seg godt fast i fleire veker for ryddemannskap forbarma seg over han.

Denne plasten klamrar seg til eit tre. Nokre dagar tidlegare klamra han seg til eit anna tre. Korleis han greidde å forflytta seg utan å bli tatt av vinden får Vårherre svara for. Det nederste fotoet viser at plasten også kan dandera seg i delikate former.

(Innlagt av Olav Bjørkum)

På skinner mot Bergen

Midt i januar. Toget slingrar mot vest. Snøfokket fer forbi. Lyset er grått og sparsamt. Fast 35 mm på kamera, time etter time mot vindauga. Motiva dukkar opp og er borte før eg får sukk for meg. Det er ingen ideell situasjon, men lærerikt, og det blir ein serie på ca 30 foto. Øvst i Hallingdalen er det slutt på lyset. Når toget står stille på Finse blir siste foto tatt (nederst). (Innlagt av Olav Bjørkum)


Landskap som blir borte

Merkeleg å opna ein ny blogg med eit så lite spektakulært foto. Nokre foto står fint åleine utan tekst. Desse tre treng tekst. Eg kom til Stord kommune (by) for ni år sidan, og vart snart ein ivrig vandrar på industriområdet Eldøyane. Ytterst på området låg ein haug med til dels store tre og annan flora, og med fugleliv. Det var ein kjærkomen oase. Eg tenkte aldri anna enn at haugen skulle liggja der for evig. I februar sette gravemaskina sine tenner i jorda. Då vart eg fortalt at haugen berre hadde lege der i ca førti år. Den var eit deponi av overskotsmassar frå planering av Eldøyane. No er det bruk for nytt areal. For meg blir det eit vemodig tap. (innlagt av Olav Bjørkum)