Kos med kai

Alt, absolutt alt, står fram på nye måtar når lyset endrar seg. Slik som når sola dukkar fram bak skyene. Dette er ein kai eg ofte går tur til. Han har ingen praktisk funksjon med unntak av å vera ein del av eit lite friområde. I den lyse årstid er det bord og benkar her. Om hausten og vinteren er kaien åleine. Eg har ikkje funne ut kvifor kaien interesserer meg – kanskje av di eg som oftast er åleine der. Sjøtrafikken utanfor er etter måten tett. Eit par holmar er landingsplass for sjøfugl. Himmelen over er vid. Kanskje ventar eg på at kaien ein dag skal openberra noko eg til no har vore blind for.


Kyrkjer 2

Gjestebloggar: Lars Bø

Heddal stavkyrkje i Notodden er den største stavkyrkja i Noreg. Ho er litt av eit syn når ein kjem etter vegen; høgreist og vakker som ei kyrkje skal vera. Eg måtte berre stogga og beundra verket og ta nokre bilete av opplevinga. Ja, det var ei oppleving å vandra rundt, både utvendes og inne i kyrkja. Eg var ikkje åleine. Bil etter bil, og buss etter buss stogga og tømde ut folk frå alle verdskantar. Dei fotograferte høgt og lågt, stilte seg opp til selfiar og gruppefoto. Sjølv kjende eg meg svært norsk der eg studerte det heile. Tru kva dei tenkte og opplevde der dei trippa omkring?

Sjølv opplevde eg kyrkja som eit fint minne over dei som bygde kyrkja, korleis dei har arbeidt og gjort seg flid for at gudshuset skulle verta vakkert. For meg var det også ei arkitektonisk, handverks- og dekorasjonsmessig oppleving.

Frå middelalderen har me fleire slike kyrkjer. På Borgund i Lærdal og Fantoft i Bergen er stavkyrkjene nesten identiske med Heddal-kyrkja. Det kan ha vore godt over tusen stavkyrkjer i Noreg. No er det att berre 28. Mellom dei er Urnes stavkyrkje i Luster. Ho er med på UNESCO's liste over verdsarven.


Ferdig no?

Var på Åkrasanden sist laurdag, og tenkte at no er eg ferdig med denne staden. Det er dei same motiva om att og om att. Så kvifor har eg 75 bilete på brikka når eg reiser heim att? Eg er ikkje av dei som knipsar i tide og utide (trur eg). Den unge jenta som står i positur med havet som bakgrunn ville eg sjølvsagt ikkje sett om eg ikkje hadde reist til Åkrasanden den dagen. Enten kan ein ta biletet med litt lang tele utan at jenta veit noko. Alternativet er å prata med henne (og mora) og spørja om lov. Dei var venlege og imøtekomande. Minuset er at eg er sjenert og vil gripa minst mogleg inn i slike situasjonar. Då får ein heller ikkje det optimale biletet ein ønskjer seg. Men takk til mor og dotter!

Åkrasanden var annleis denne gongen enn slik eg har sett han før. Store mengder sjøvekster var skola i land og dekte store delar av sanden. Likevel går eg og turkameraten i behageleg tempo og med opne blikk for kva som kan dukka opp. Åkrasanden er eit panorama, men blikket søkjer dei små detaljane. Stundom sig ei bølgje inn i motivet nett då eg ikkje venta det, men det berre forsterkar komposisjonen.

Så same om eg har vore der 'tallause' gonger, så kjem eg nok attende.


Hei og hopp

Først ein formalitet: Etter avtale med Roald Sundal og Frank Biringer er namna deira fjerna frå framsida av bloggen. Grunnen er at dei bloggar så sjeldan. Men dei to veit også at dei når som helst er velkomne som gjestebloggarar. Eg har sett stor pris på bidraga deira!

Fotoet ovanfor har skapt røre i den fotografiske andedammen. Biletet vart kåra til beste foto i september på nettstaden IN-PUBLIC. Fotograf og bloggar Blake Andrews tok det med iPhone på panorama-innstilling. IN-PUBLIC-sjef Nick Turpin var lite nøgd med at dette skulle definerast som eit klassisk gatefoto. Han stengde nettstaden for å gå i tenkjeboksen.

I bloggen sin seier Andrews at Turpin må utvida grensene for det akseptable. Der Turpin er skeptisk til vilkårleg datamanipulering, frydar Andrews seg over kva den nye teknikken er i stand til. I staden for å klamra seg til klassiske normer, bør Turpin gje seg over til det viktigaste for ein fotograf: Å vera nyfiken og la seg overraska. Enn om iPhone opnar nye fotografiske vegar for meg? spør Andrews, og framhevar nyfikna som den nye gullstandarden: Det er nesten uråd for ein ikkje-nyfiken person å laga gode foto.

Eg spør meg sjølv: Var det Andrews eller iPhonen hans som tok dette fotoet? Vert det eit interessant / godt foto fordi iPhone-programmet har forvrengt motivet?

Det vert skapt gode foto også av fotografar som ikkje eksaltert går inn for oppgåva. Kvar fotograf har sitt eige lynne. Han kan vera kontemplativ og arbeida langsamt og likevel få like fine resultat som den som hoppar og sprett og trykkjer vilkårleg på utløysaren. Eit foto vert også vurdet ut frå betraktarens eige lynne og preferansar.

Som Andrews sjølv seier; all fotografering er manipulering med røyndomen. Slik er det også med fotoet nedanfor. Presenningen som hang ned frå taket i rubbhallen fascinerte meg (be curious!), men eg måtte arbeida ei stund med biletet før eg fekk det som eg ville. Tanken på det sakrale slo meg, sjølv om omgjevnadene var så lite sakrale som vel mogleg.


Kyrkje 1

Gjestebloggar: Lars Bø

Dette er Dovre kyrkje, bygd i 1736. Det er ei krosskyrkje som har vore restaurert fire gonger. På 1800-talet vart tårnet fornya, og heile bygningen  kledd med svære og fine skiferheller i flotte sjatteringar. Så vidt eg veit finn ein ikkje dette særpreget på andre kyrkjer.

Mange av gravminna på kyrkjegarden er avært gamle.. Der er også russiske minnestøtter og Commonwealth wargraves. Dette er ein stad mange ikkje oppdagar av di han ligg langt unna busetnaden.


Himla fint

Enkelte dagar i haust har himmelen vore himla fin. Eg blir nesten ekstatisk over dei flotte skyformasjonane. Dei held stor fart. Eg tittar ut vindauge, og når eg kjem ut har heile scenariet endra seg. Det er like fint, men på ein annan måte. Eg køyrer gjerne til ei av to store båthamner på staden der eg bur, og kan berre vona på det beste. For nokre dagar ausa regnet ned då eg kom til ei av hamnene. Så slutta det, og himmelen var praktfull. Eg ut av bilen, og ikkje før eg hadde teke et bilete (turkameraten min seier 'klaska') så regna det att. Inn i bilen. Opphald. Ut av bilen. Klask. Og så vidare.

Men kvifor i alle dagar blanda lyktestolpar og master inn i den himmelske prakt? Av di dei høyrde heime der nett då.

Ein skribent i eit engelsk fotomagasin kjefta på andre svart-kvitt fotografar for at dei gjorde himlane på foto så mørke. Dei er jo ikkje det sa han. Det er rett, men kva er det han masar etter i eit svart-kvitt magasin når himlane i utgangaspunkte som oftast er blåe? Det kan vera ei utfordring for fotografen å finna den rette balansen. I eit redigeringsprogram får du heile skalaen frå svart til kvitt. Så det får bli som det blir, berre du er nøgd med resultatet.

Det hender også at du ser skyer og himmel  når du vender blikket ned i staden for opp. Himmelen er over alt.


Små ting

Det er haust, det ruskar ute, skriv Arne Garborg i Haugtussa. Slike dagar held eg meg heime. Der finst det også motiv, slike ting ein ikkje ser i det daglege, og som dukkar opp når ein er på på fotojakt. Dei visne rosene skulle kastast. Det var litt dumt, for eg likte godt dei inntørka blomane som hadde stått mange månader i glaskarmen. Men alt har si tid. Toppløkane i hagen var heller ikkje brukande til noko. Det var feil, men det fekk eg greie på etter eg hadde kasta dei. Fotometoden er enkel: oppstilte under tak på verandaen med ei kvit papplate bak.

Fruktfatet på salongbordet mangla sin barokke fylde, og i hagen vaks ei gulrot som hadde gitt blaffen i den korrekte EU-standarden. Som fotoobjekt gjorde dei nytten.


Frå hand til munn

Stundom har eg lite å by på. Likevel murrar fotofantomet i meg. Kanskje det er noko der ute. Så slenger eg kameraet over skuldra og vandrar same stiane som før, som ein annan Oskeladden. Sjå der var det resten av ein knust kaffikopp. Og der var det to trebitar. Dei var vel fine? Oppi plastposen med dei. Ingen andre bryr seg om det, så kvifor skal ikkje eg? Ein av trebitane minner meg om ei kravlande larve. Den andre har ein høgreist karakter. Alle tre tinga har vore i menneskehender. Trebitane vert tørka og brende. Den knuste koppen er tapt for allitid, sjølv om han er der ute ein eller annan stad.


Churchill

Eit lite bygdemuseum i bygde-Noreg. Kameraet hang på skuldra. Det skulle ikkje brukast. Eg skulle berre få eit nostalgisk innsyn i ei tid me ikkje får att. Me får aldri att det sekundet som var. Tre eksponeringar var det heile; mest for å testa yteevna til kameraet. I museumskjellaren var det dunkelt. Småting var spreidde omkring. Dei to brørne som hadde drive garden hadde samlemani. Eit offentleg museum overtok samlingane, slik at dei ikkje vart spreidde for alle vindar.

Den tettbygde Winston Churchill stod avskalla på ei hylle. Sigaren var sløkt. Nokre nips-hundar av ein rase som aldri hadde sett sine føter på garden stod der også. Godt å ha.

På museumsdagar er det alltid noko for born. Johanne Øvstebø Tvedten er eit pedagogisk forteljartalent som får ungane til å sitja stille medan ho utbroderer livet til andre ungar for nokre mannsaldrar sidan.

Så kvifor fyller eg huset med ting eg aldri får bruk for? Det kan greia seg med langt mindre, sjølv om me skulle ha ein illusjonsfylt draum om å knyta generasjonane saman. Kanskje nokon kjem til å setja pris på det. Eg har nyleg kvitta meg med to store kamera, tilmed digitale. Det gjorde ikkje vondt.


Det sære

Nokre fridagar har ført meg ut i bushen. Men eg har vilja det sjølv. Målet blir bestemt i siste liten. Det kan bli lang og keisam køyring. Ofte oppstår dilemmaet 'skal - skal ikkje' når eg køyrer framon noko som kanskje kan vera verdt å fotografera. Slik var det med denne lastebilhengaren med lyse sidestøtter (eg veit ikkje rette namnet på dei). Eg køyrde 500 meter og snudde. Støttene stod svært kontrastrike mot den mørke bakgrunnen. Resultatet vart litt uverkeleg.

Enno ein gong til sandstrendene på Karmøy, der eg kan reindyrka og minimalisera motiva, og finna glede i det enklast moglege Ein død fugl kan minna om eige korte liv. Den tanken kan kanskje få oss til å gjera noko meir positivt ut av den tida me sjølve har att. Vonar denne måsen hadde det bra då han levde.

Den svarte steinen og bølgja – kva meir kan eg seia? Like eins med taustumpen og spor etter nakne barneføter. Det er ikkje foto som innbyr til samfunnsdebatt, men stundom treng ein å ha fri frå den slags.