Siste kunstrunde

I det siste har eg nokre gonger harsellert over samtidskunst. No kastar eg det meste av all fotografert kunst frå arkivet mitt. Det var ikkje andre sin kunst eg ville visa då bloggen vart starta. Men ein siste runde med tre amerikanske kunstnarar, så er det slutt.

Alex Israel har for tida har fått stor plass i Astrup Fearnley Museum. Tinga hans er like glatte og tomme som den amerikanske vestkystoverklassen han prøver å skildra. Nokre av bileta viser strålande solnedgangar, rett på sak, eller med til dømes denne teksten (omsett til norsk): «Trent såg på Tara igjen, og det gjekk opp for han at klemmen han gav henne berre var ei forteljing om den moderne erotikkens fall».

Eit anna verk er ein 1:1 modell av ein softis i beger.

«HOLE IN HEAD» av Christopher Wool er eit av kunstnarens sitat frå populærkulturen. Poenget i dette verket er at artikkelen 'THE' framfor HEAD er fjerna, og dermed har Wool gjeve teksten eit eige liv som visuelt verk. Det blir vel ikkje meir eller mindre hol i hovudet av den grunn.

Dan Colen har skapt «Bogen», som eg har gjort til midt eige verk ved å sentrera ei ung kvinne med afrofrisyre blant tilskodarane rett framfor biletet. Ho vart litt overrumpla, men hadde ikkje noko i mot å stilla seg i den posisjonen eg bad om.

Museumsbesøk kan ha sine lyse sider. Når du ser på samtidskunsten er det opp til deg åleine å avgjera kva som rører deg, og kva som er keisarens nye klede. Kunsten er ikkje heilag.


Blendar 1,8

Den franske forfattaren Michel Houellebecq gjorde nyleg furore med romanen «Underkastelse». No har han gjeve seg i kast med fotografering. I sommar har han ei utstilling i Palais de Tokyo i Paris. Der viser han inkjeseiande landskap overfylte med bygningar i forfall – og med noko av den undergangsstemninga som finst i «Underkastelse».

Houellebecq er kritsk til ein del av samtidskunsten, og særleg til eit aspekt ved denne kunsten som ikkje er inkludert i kunstverket:

– … og eg vert heller ikkje overtydd om den kunsten der forklaringane er viktigare enn sjølve verket. Ofte opplever eg at dei teoretiske forklaringane er litt latterlege, seier han.

Det er om lag same kjensla eg får på eit museum for moderne kunst, eller når eg les katalogar med omtale av kunst. Den forklarande personen stolar ikkje på betraktaren, men gjer det heller ikkje lettare for betraktaren å trengja inn i kunsten.

For nokre dagar sidan bestemte eg meg for å dra ut og fotografera, med denne avgrensinga: Eitt objektiv med fast brennvidde 55 mm, og med fast blendar 1,8. Det er berre tull å gjera slikt. Hovudregelen er å vera open for alle dei variablar utstyret har. Litt moro var det likevel. Nokre motiv er som skapte for 1,8, andre er det ikkje.

Har du spørsmål om teknikk eller motiv, så er det berre å spørja. På sjølve bloggen prøver me å nedtona den tekniske sida av fotograferinga.


Zen og stein

Strendene på Karmøy har stor tiltrekningskraft. Eg var der for eit par dagar sidan. Eg skulle ønskt eg reiste dit av rein lyst, men tanken på det gode motiv er vanskeleg å bli kvitt, og dermed vart det ein jobbedag. Men neste gong… utan kamera…

Trass kamera var den siste turen kvile for urolege nerver. Veret var fantastisk. Smådønningane mot sanden var som dei skulle vera. Eg brukte tid både på Sandvesanden og på naboen, den vesle Mjølhussanden. Ingen andre menneske var å sjå. Det var då eg fekk kjensla av zen og japanske hagar med sine reine og minimale uttrykk. Steinane lågg nett slik dei skulle liggja. På turen attende fotograferte eg omatt ein del rosa siloballar. Sist eg gjorde det hadde dei eit stygt fargestikk av den sterkt blå himmelen. No var alt berre reint rosa og glede. Så det var ein god dag.

(Det kvite kring steinen på det siste fotoet er skummet frå ei bølgje som nett har trekt seg attende)


Vandalisme

Tidsskriftet «Kunst» har i sist nummer ein omtale av landskapskunst i Hardanger. Eg vart eitrande sint. Fleire gonger har eg vandra i det vakre svabergomådet ved Mælen i Jondal. No har ti kunstnarar 'pryda' dette området med ulike installasjonar. Eg reiste ein heil dag for å sjå nærare på det eg i utgangspunktet oppfatta som det mest grelle av dei. Og grelt var det.

Ein frittliggande stein på to-tre tonn er halvvegs innkapsla i ei kappe av marmorplater. Ingeborg Annie Lindahl har kalla verket «Relight my mind». Det hadde vore meir høveleg med «Redarken my mind». Verket er prega av sjuskete handverk. Marmoren er avgjort ikkje norsk, og det er visstnok litt av poenget.

Før Lindahl gjekk til verket var steinen ei frittliggande blokk som nærast svevde på svaberget i det mektige panoramiske fjordlandskapet. Lindahl har vandalisert heile denne staden med inngrepet sitt. Ho har invalidisert steinen og påført han ein støttebandasje. Steinen har mista sin integritet.

Det er ikkje rett å tillegga naturen kjensler. Steinen anar ikkje kva som er gjort med han. Det er mennesket som kan oppleva tapet av noko verdfullt. Måtte nokon snarast fjerna marmoren!

Kunstprosjektet «Mellom Himmel og Fjord. Sjå!» har ein vegvisar for området. Teksten til Lindahl sitt verk er ubetaleleg; her i sin heilskap: « «Relight my mind» er tankar kring synet vårt på kulturlandskap vs. naturlandskap. Ein stadspesifikk intervensjon i landskapet med kopling mellom det opphøgde og det jordiske. I skjæringspunktet mellom ulike bergartar sin ibuande symbolske form og kvalitetar vert historia og mennesket sitt verdihierarki synleggjort.»

Ein annan stad i området har danske Vibeke Nørgaard Rønsbo pensla inn ei gyllen åre i bergveggen, som om gullet sprenger seg fram  gjennom gråsteinen. Det er gjort utan inngrep i fjellet, det er suverent og sublimt.


Årets motefarge

For ei tid sidan fekk eg melding frå nokon som hadde sett rosa siloballar. Eg reiser langt for ein rosa siloball; eg var med andre ord i fyr og flamme. Etter kvart er dei blitt nesten like vanlege som kvite siloballar, men eg vil no likevel ha nokre av dei i samlinga mi. Poenget er at bønder som brukar rosa balleplast betaler ein viss del av kjøpesummen til aksjonen mot brystkreft. Så her stiller bøndene ut det gode samvetet sitt.

Har ein først fått auga på rosa, så ballar det på seg. Eg ser rosa over alt. På 34-bussen i Oslo smyg eg fram kameraet for å fanga ein raud sandal. Ved T-banestasjonen ved Nathionaltheatret sit ein mann med rosa hatt, og på stranda ein stad på Stord ligg det ei rosa klesfille. Men han må vel gje seg, denne farsotta òg.


Variér med plast

Oslo – som alle andre stader i landet, er velsigna med rikeleg og variert plast. Noko er framleis i bruk, noko er uadressert søppel, og noko har lagt seg på kjøkengolvet for å tekkast fotografen.

Det er meir enn plast å festa augene på i hovudstaden i slutten av juni, og litt av det kjem eg til å smetta inn på bloggen med ulike mellomrom.


Ein tur på byen

Ein tur på byen kan for meg like gjerne vera til ein stad utan menneske, men med rikeleg av spor etter menneskeleg aktivitet. Sist veke var eg innom industriområdet Eldøyane att. Spora etter menneske der er nokså einsidige. Det siste som kunna minna om eit naturområde, er fjerna. Alt det herlege skrotet eg hadde glede av er også for det meste borte. Eit lite område der eg gjekk og snoka for eit par månader sidan, er inngjerda. Dei hadde vel sett at eg luska omkring.

Det kan gå lang tid før ein er fotografisk ferdig med eit område, men det kan vera greitt med ein pause. Eldøyane skal få fred for meg på, noja, ubestemt tid. Så farvel. Det er alltid noko anna å bruka augene på.

Når eg først var der, laut eg krysta dei siste dropane ut av området. Difor vert det litt fleire foto enn vanleg denne gongen.

Snakkar med meg sjølv: Sjå der, ein raud klut. Sjå ein gong til. Gå ein runde, og så attende til den raude kluten. Der ja. Eg fekk ei kjensle av noko sakralt eller martyraktig. Men det er det ikkje; berre ei raud fille. Eit par rustflekker etter gamalt. Eit vindmøllevrak frå Fitjar. Mølla vart øydelagd av brann for nokre månader sidan. Den same mølla har vore lagra på Eldøyane før, men då som uskadd og umontert. Dimensjonane gjer inntrykk. Det siste fotoet viser lag med fiber som er skkrella av møllesokkelen. Eg likar å sjå det som toreskyer, regn og opprørt sjø, med eit snev av noko japansk over seg.


Når kunsten skal berga verda

«Eg vert meir og meir overtydd om at kunst kan berga verda. Og venleiken kan berga verda. Dette er ikkje berre ein romantisk idé. Det er sant.»

Orda kjem frå Renzo Piano, arkitekt for Astrup Fearnley Museet i Oslo.

Aldri har det vore meir (såkalla) kunst enn i dag, og verda er framleis eit galehus. Som nemnt tidlegare på bloggen såg eg for nokre år sidan eit stort grått maleri utan sjatteringar på Museet for samtidskunst i Oslo. Hundre prosent daudt. Eg hugsar ikkje kven kunstnaren var. I Galleri Riis i Oslo kan ein for tida sjå arbeid av Stein Rønning. Også desse er monokrome einsarta flater, men i fargar. Både det store grå «biletet» og Rønning sine flater vitnar om den totale tomleiken, den totale mangelen på noko å formidla. Slike flater er ikkje noko nytt fenomen i kunstverda, men dei er lettvinte, kyniske og nihilistiske – og så skal dei berga verda?

På Fotografiska (museum) i Stockholm såg eg nyleg foto av Nick Brandt. Det var som ein kntttneve i trynet. Brandt er ein dyktig dyrefotograf med Afrika som spesialområde. Denne gongen har han montert tidlegare fotografi av ville dyr på svære plater og stilt dei opp på søppelplassar, industriområde og andre stader der sivilisasjonen breier seg. Brandt skriv: «Alle desse milliardar av år for å skapa ei vakker verd med stort mangfald, og så – på få år – utsletta alt saman.»

Fotografiska har også utstillingar om levekåra til sigøynarar ulike stader i Europa (fotograf: Åke Ericson), og eit større samarbeidsprosjekt kalla «Ikoner» der 21 personar med Downs syndrom er (kva for seg) sminka og regissert etter alle kunstens reglar for å kunna gli inn i roller som vidgjetne personar i fortid og nyare tid (fotograf: Emma Svensson).

Frå Nick Brandts utstilling «Inherit the Dust».

Nick Brandt

Frå Åke Ericsons utstilling «Non Grata» om sigøynarliv.

Frå «Ikoner» av Emma Svensson. 'Marlon Brando'

Frå «Ikoner». Scene frå filmen 'Titanic'

(Bileta er fotograferte i museet og kan ha refleksar frå omgjevnadene)


Dei stel som ramnar

Kunstnarar låner og stel både frå kollegaer og andre. Det var ikkje Duchamp som laga pissoaret han vart kjend for. Picasso lanserte kubismen og fekk straks tilhengarar. I mai var eg på guida omvising på Astrup Fearnley Museet for moderne kunst. Som fotograf slo det meg kor lett det er å utnytta andre sine foto til eiga vinning.

Den frekkaste eg kom over var fotograf Ida Ekblad, som ganske enkelt har forstørra eit framsidefoto i GQ Magazine og trykt ei rosa tyggisklyse midt i det høgre auga til modell Jessica Simpson. Den svært flinke guiden vår sa rett ut – med ein viss fryd – at dette er hærverk. Eg skal ikkje prøva å tolka biletet, men truleg har Ekblad irritert seg over den lettvinte omgangen med militære tekstilar og symbol og eit smilande andlet i ei tid dåUSA var i krig (Irak).

Richard Price har gjort noko tilsvarande. Han har avfotografert ei annonse for sigarettmerket Marlboro, fjerna annonseteksten, forstørra biletet, og gjeve det ut som sitt eige. Det friske livet til cowboyen står i sentrum, utan tilknyting til den livsfarlege tobakken. Korkje Prince eller Ekblad har kreditert opphavspersonane til originalfotoa.

Det har heller ikkje Eduardo Arroyo gjort, som i eit oljemaleri (1973) har tatt grunnstammen frå eit kjent foto av Henri Cartier-Bresson frå 1932. Arroyo var ein figurativ malar, som her, i protest mot det abstrakte, har fjerna alle menneskelege trekk i det eine andletet.

Det siste biletet byggjer på eit foto frå 1950-talet. Eg trudde det var eit foto, men Karl Haendel teikna dette lokomotivet med blyant i 2008 som ein hyllest til gamle handverksteknikkar.

(Bileta i denne serien er tatt i utstillingssalar. Difor førekjem det her og der refleksar av andre ting i romma.)

Rust og einer

Ordet prosjekt har ein bismak av noko seriøst og gjennomtenkt. Eg veit ikkje om eg er komen så langt, men når eg tenkjer meg om, er datamaskina mi full avkategoriserte foto – altså prosjekt. Eitt av dei er løer. Eg var i gang med dette arbeidet om lag samstundes som journalist Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth var i gang med det store bokverket «Norges låver». Her serverer dei ein overdose av norske løer.

Låvane mine stiller i divisjonen under, dersom ein først skal gradera. Prosjektet er førebels konsentrert om ein liten del av Vestlandet, og desse uthusa speglar eit liv i armod og slit. Mange av løene eg finn er fortapte. Her er eit lite knippe med hovudvekt på rust og einer. Bølgjeblekkplater var i si tid berginga for mange løer i verharde strøk, men også akilleshelen. Rusten gneg seg inn i metallet, same kor galvanisert det er.

Brakeløer (einer) er eit særfenomen for det området nord for Bergen som vert kalla strilelandet. Konsentrasjonen er spesielt stor på Osterøy. Ein velkledd brakevegg kan gje livd i fleire generasjonar. Han er luftig og regntett, men alt har si tid, også for ein brakevegg. Det siste biletet i serien viser også Ole Bulls hus på Valestrand på Osterøy, ferdig i 1869. Huset fekk att sin rosa farge ved restaureringa i 2006.