tag:obsfoto.posthaven.com,2013:/posts Obsfoto 2024-01-20T06:28:57Z Olav Bjørkum tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1749527 2021-10-19T16:22:22Z 2021-10-19T16:22:22Z Stein på stein

Denne turen har eg tatt mange gonger; langs molosteinae i ei båthamn. Kvar gong er det noko å festa augo på. Det har aldri manifestert seg fotografisk på den måten eg ser det for meg. La gå, eit siste forsøk. Ta det med ro. Stativ, anna objektiv, andre blendarar. Og rette veret, som bønhøyrt. Det slutta å regne då eg steig ut av bilen, og då eg  var ferdig kom regndropane att.

Ingen av steinane er flytta på for at eg skulle få det som eg ville.

Eg har fleire motiv som eg må vitja fleiregonger i von om at alt klaffar til slutt.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1741889 2021-09-29T17:26:23Z 2021-09-29T17:42:36Z Ballar og arkitektur

Når eg vert hekta på eit tema, då er eg seld. Det er som eit narkotikum. Det er som eg i eit landskap ikkje ser noko anna enn – til dømes siloballar. Så det vert nokre av dei denne gongen òg. Alle er frå kommunan nær Stavanger. Eg er svak for siloballar med tekst på, enten det er ein politisk bodskap, eller som her; eit gladønskje til den reisande.

Jæren er sårbar for uheldig arkitektur. Den synes langt i eit flatt landskap, og det er rikeleg av han, særleg i tettbygde strok. Huset til venstre er ikkje bygt enno, men kontrasten til det gamle jærhuset til høgre er påfallande.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1739607 2021-09-23T18:00:42Z 2021-09-23T18:12:47Z Gatekunst og geitrams

Toril Berger er ein gatekunstnar som sjeldan går på veggane, men når ho først trør til vert det vakkert. Like ved Skjersholmane har ho og elevar på kulturskulen på Stord dekorert ein undergang for bilar og gåande (vist på bloggen tidlegare). For eit par dagar sidan oppdaga eg at ho har dekorert ein ny seksjon av undergangen. Arbeidet er gjort med nennsam hand og med slike valørar at eg trur ikkje ein akademisk kunstsudent kunne gjort det betre. Dekoren viser ei barmfager kvinne som på hovudet ber noko eg meiner er symbolet til dronninga på sjakkbrettet. Kvinna = dronninga; eller ? Rett om hjørnet er ein tidlegare dekorasjon med ei kvinne med heva aksler og eit lidande uttrykk i andletet.

På denne årstida set geitramsen sitt preg på landskapet mange stader. Toppane er fylde med kvite frø. I motsol kan dei dominera omgivnadene, særleg når vinden fører frøa med seg. Det er like fascinerande både når dei fyller landskapet og når ein studerer dei på nært hald. Eg tek med eit par kvistar heim.



]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1713550 2021-07-14T18:37:05Z 2021-07-14T20:00:33Z Kvil i fred

Fascinasjonen for gravminne tar ikkje slutt. Mellom alt som liknar på kvarandre dukkar det i denne innvandrings tid opp enkelte ting eg treng hjelp til å forstå. Som teksten på det øvste biletet:

Me tilhøyrer Allah, og til Han skal me venda attende.

Abdul Karim Yaqobi

Son til Mohammad Mubin

Fødd 1.4.1324

Død 27.5.1397. Fødd i Afghanistan. Død i Noreg.

Tidsrekninga er truleg islamsk, og blir etter vår tidsrekning 1906-1977. Her er også nokre verseliner som min gode hjelpar ikkje har funne ut av, kanskje på dari eller farsi. Merk, mor til Abdul er ikkje nemnd som opphav.

Gravmælet til han som kviler attmed Abdul er enklare, truleg også han med muslimsk opphav.

Arrangementet på det tredje biletet er det første gongen eg har sett på nokon gravplass.

Og så; en siste hilsen. Truleg er det ingen av dei gravlagde som ensar blomane og helsingane. Slik sett ein merkeleg skikk, men det spelar vel på eit liv etter døden

Alle bileta er frå Kausland kyrkjegard i Sund.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1711318 2021-07-07T17:36:52Z 2021-07-07T17:42:58Z Born og buss

I Leirvik på Stord har fleire barnehagar dekorert bussventeskur i sentrum. Det er eit flott tiltak. Det kan vera teikningar, tekstar, ulike figurar, eller billete frå livet i barnehagen som viser kor kjekt dei har det. Her er det også innblanda propaganda for klimaet, som til dømes Greta Thunberg-påstanden om at 'kloden kokar. Enten er det folk utanom barnehagane som har klistra opp desse flygeblada, eller så er det personalet som har gjort seg til talspersonar for ei aldersgruppe som manglar kunnskap om dette.

Ved eit av bussventeskura står det ein plakatbukk med tekst om at området er spreia med roundup (eit ugrasmiddel). Opplysinga er forsynt med tre utropsteikn, så det kan ikkje koma frå nokon offentleg instans. Dessutan er det knapt eit grasstrå å sjå på det store, asfalterte området.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1705342 2021-06-20T14:27:10Z 2021-06-20T14:27:10Z Paradis

For meg er ikkje Edens hage dei mange rhododendronane langs innfartsvegane i Bergen. Det er snarare alt 'ugraset' på vanstelte enger på landsbygda, der naturen er overlaten til seg sjølv. Engsoleier i full bløming. Det same med løvetanna – og ikkje minst når løvetanna har ei korona av frø i toppen.

For fotografen oppstår ofte eit anna dilemma: Farge eller svart kvitt ? For meg fortel svart-kvitt-bileta ei anna historie enn fargefotoa. Det er enklare å forhalda seg til, og formene kjem tydelegare fram. I denne regnbogens tid er det snart ikkje svart-kvitt å sjå.

Bileta her viser også kor viktig blenderen, lukkaren og vinden er. Det øvste fotoet er ein blå akeleie med gyvel i bakgrunnen. Blendaren er 2,8. Då er berre akeleien skarp og gyvelen blir uskarp. Det andre fotoet viser skjermplanter under eit kastanjetre. Her er blendaren 14, og eksponeringstida er to-tre sekund med kamera på stativ. Det var vindstille. Ti minutt seinare var eg på same standpunktet. Då gjorde vinden det umogleg med lang eksponeringstid. Biletet er også gjort litt uskarpt med vilje.

Dei to siste er på blendar 14; altså er djupneskarpleiken stor. Det siste er i utgangspunktet nesten fargelaust, og det kom seg når all fargen vart fjerna.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1703328 2021-06-14T14:51:50Z 2021-06-15T08:26:59Z Moderne tekstilkunst

Festspelutstillinga i Bergen kunsthall viser tekstile verk av norske Elisabeth Haarr og belgisk-kroatiske Maria Miletic. Det er verdt å sjå utstillingar av samtidskunst, om ikkje for anna enn for å ta denne delen av kulturen på pulsen. Utbytet kan vera magert eller livgjevande, alt etter kven som ser. Eit av arbeida til Haarr, eit banner med tekst, er så tydeleg at innhaldet ikkje er til å misforstå. Resten av arbeida, både til Haarr og Miletic, er diffuse. Utan eit tekstark i neven ville eg vore hjelpelaus. Eg les at kunsten til Haarr er «både elitiske og avantagarde; på same tid nært attkjennande og eksperimentelt overskridande.» Tilnærminga er feministisk og politisk, og med særleg vekt på flyktningar og humanisme.

Miletec tek utgangspunkt i heimlandets tekstilhistore, der tekstilindustrien er så godt som borte, på same vis som i Noreg. Mange av dei små, abstrakte arbeida er tolkingar av noderne, vølte ting i det urbane landskapet, basert på hennar eige fotografi.

Haarr

Harr

Miletic

Miletic


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1680087 2021-04-18T11:32:20Z 2021-04-18T11:32:20Z Kampen

Me har alle vårt å kjempa for. Folket i Sveio er ikkje dei einaste som kjempar for småskulane. Politikarane meiner dei har gode grunnar for å leggja ned nokre grendaskular. Prioriteringar. Motstanden finst i breie lag av folket. Populistisk? Ikkje veit eg, Kampen vert førd med ord, men også visuelt og på ulike platformer, som det heiter i dag. «Ingen skam å snu». I tillegg var det kortesje med over hundre bilar til rådhuset. Det fungerte. Kommunestyret har nett avgjort at de to nedleggingstruga skulane får ein ny sjanse i to år. Pussig sak i demokratiet: Folket mot dei folkevalde. Slik må det vera.




]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1675832 2021-04-07T18:04:43Z 2021-04-07T18:04:43Z Gamal rust

Foto: Lars Bø

Lars Bø arbeidde på eit skipsverft i mange år. Der var det forbod mot fotografering, men det var så mange fine motiv der at Lars søkte, og fekk, spesialløyve. Han har leita i arkivet, og dei gamle fotografia der hadde naturleg nok rusta. Innehavaren av denne bloggen har også forkjærleik for temaet rust, så innimellom vil det dukka opp fleire av same slaget.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1670488 2021-03-25T18:51:41Z 2021-03-25T18:51:41Z Kvitt, pluss

I biletkunsten finst det sikkert maleri som er heilt kvite, så godt som. Det kvite finst over alt, både i naturen og det menneskeskapte. Då er det like mykje komposisjonen som kuløren som er viktig. Vedlad innhylla i kvit plast er det første gongen eg har sett. Det blir som ein skulptur i det fri. Dei andre motiva er berre nokre hundre meter frå der eg bur.

På bloggen vert det frametter  mindre tema og meir vilkårlege foto, og dei kjem ikkje så regelmessig som før. Men eg prøver å stå på litt til, endå eg veit at mediet har eit lite publikum.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1663505 2021-03-09T19:16:06Z 2021-03-09T19:16:06Z Nye (gamle) venteskur

Eg har fått bussventeskur på hjernen. For eit par dagar sidan tråla eg ein heil kommune utan å finna skur av interesse. Men dei finst. Ofte er dei laga eller utstyrde av folk med skaparevner eller med omtanke for sine medmenneske. Det øvste ligg ved riksvegen nær Camphill landsby i Hogganvik I Hordaland (tidlegare fylkesnamn er vanskelege å rista av seg) Større kontrast til dei glatte, kjønnslause moderne venteskura skal ein leita lenge etter. Camphill-landsbyane  er tilrettelagde for unge og vaksne med særleg trong for omsorg. Grunnsteinen i tiltaket er filosofien til Rudolf Steiner.

Det andre venteskuret ligg i ein utkant av Suldal kommune i Rogaland. Ein mann fekk idéen med å tilby dei vegfarande gratis litteratur, og dei vegfarande har sjølve gjort sitt til at venteskuret alltid er velfylt. Frå skuret tok eg med meg den svære romanen «I en ulvetid» av Hans Fallada, norsk utgjeving i 1938. Alt etter kva litterær interesse ein har, kan ein finna både gullkorn og søppel her. Visdomsordet  er frå dette venteskuret.

Det siste skuret fann eg avsides I Lindås kommune i Hordaland. Det får tala for seg sjølv.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1658605 2021-02-25T19:33:41Z 2021-02-25T21:55:53Z To svaner

Det blir tatt få foto når det er kaldt og himmelen er stadig blå. Eg går turar likevel, helst langt frå folk. I går var eg på isjakt, med magert resultat. Langt bortanfrå kjem to svaner fossande mot meg der eg står stille i strandkanten. Dette er fuglar som er vane med å bli mata av turfolk. 'For banalt', tenkjer eg. 'La gå likevel' seier eg i neste sekund. Avstanden på to–tre meter  er alt for kort til å fanga rørslene til den eine når ho slår ut med vengene. Eg reagerer på refleks og ser ikkje på skjermen eingong, for eg veit at det blir berre denne eine eksponeringa.

Same kor fotografisk banalt det er, så er det alltid fint å koma nær desse fuglane.

Det får greiia seg med to svaner denne gongen.



]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1651489 2021-02-08T20:01:23Z 2021-02-08T21:43:51Z Endå fleire tre

Av Lars Bø

Trea er nokre merkelege skapningar. Dei står på sin faste plass. Ver og vind skifter, årstidene skifter, men trea står der. Dei vert påverka av ytre tilhøve. Likevel har dei sin eigen karakter. Den vert tydelegare om vinteren når dei ikkje gøymer seg i blomar og lauvdrakt. Vert allrid fascinert av trea. Dei er som gode vener som gjer miljøet godt for både oss tobeinte og naturen.



]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1646812 2021-01-29T21:10:31Z 2021-01-29T21:11:22Z Fleire tre

Undrast kor lenge eg halda på med dette motivet. Det får greia seg med lite tekst. Stundom, når motiva er reine, er det kjekt å leika seg med negativet. Furua på dei tre øvste bileta vart først fotograferte før snøen kom. Og når den kom, visste eg at det var meir å henta.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1642200 2021-01-19T15:49:08Z 2021-01-19T15:59:27Z Tre, på nytt

Det er vanskeleg å bli kvitt eit tema når det først har bite seg fast. Eg laga ei fotobok med tre for nokre få år sidan, og eg trudde eg var ferdig med dei. Det var eg ikkje. Då eg tok ut juletreet dryssa nesten alle nålene av. Eg  mislikar ord som fantastisk og mirakel, men blir minna om dei når eg ser ein haug med mange tusen barnåler på golvet. Vatnet som er sugd opp gjennom stammen er fordelt rettvist til kvar einaste nål. Eg blir minna om det kvar gong eg er ute, enten eg ser eit lauvtre eller nåletre. Temaet tre er attende med full styrke.

På bilete nr. 2 greidde ikkje kamera å gapa over alt, så eg valde spegelbiletet i dammen.

Det blir også nokre tre i neste blogg. Det er nok å ta av.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1627475 2020-12-13T18:29:50Z 2020-12-13T18:29:50Z Bergenstre

Bergen er ein fotogen by. Det veks varierte tre der også.

Denne eføyen klamrar seg til ei bjørk ovanfor Øvregaten, like ved nedre Fløibanestasjon.

Ei eik har fått stå i fred ovanfor traseen der det vert bygt ny bybane til Fyllingsdalen, her like ved Storelungeren.

Frå eit av smaua sentralt i Bergen. Treet er truleg ein slank tuja. I bratte smau er det gjerne tilrettelagt med skråstile brustein, slik at hestane i gamle dagar kunne få betre feste for hovane sine.

På Fakultetet for Kunst, Musikk og Design ved Universitetet i Bergen vert det laga mykje rart, men her har dei jamen greid å få opp eit normalt juletre med glede.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1625458 2020-12-07T18:39:06Z 2020-12-07T18:39:06Z Berre rot

Det blir som oftast berre rot når den fotografiske handlingsradiusen er liten. Variasjonen kan likevel vera like stor i dei små forteljingane som i dei store. Og det er alltid forunderleg kva folk kastar.  Ei lysugle vil neppe stå på handlelisa mi. Eg skjønar at ein sofa har si levetid. Ofte kastar andre ting eg ville tatt vare på. Me skal ha det standsmessig, veit du. Enn om kongen kjem. Eg må vedgå at denne sofaen er klar for skraphaugen, eller kan han resirkulerast? Det meste kan visst det i vår tid

Skjora har fått ein våt død i ein plastdunk på baksida av ein butikk.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1622179 2020-11-28T12:20:51Z 2024-01-20T06:28:57Z Strikketrea

Den som reiser gjennom Eidfjord kan ikkje unngå å legga merke til strikketrea langs promenaden i sentrum. Eidfjord er ein turistkommune, og med mobiltelefonen blir trea på kort tid spreidde over store delar av verda.

Det er fleire år sidan kunstnaren Inger Lena Gåsemyr hadde eit prosjekt i Chicago som ho kalla Graknitti. Ho inviterte dei fastbuande i nærleiken til å vera med i den kunstneriske prosessen. Ideen tok ho med seg til Eidfjord, der kunst no vert brukt som ein ressurs i tettstadsutviklinga.

I starten var det nokre i bygda som tykte ideen var forferdeleg dårleg. Andre var oppglødde. Då saka vart slått stort opp i Dagbladet, vart det eit nærast eit folkekrav om at dette skal me gjera saman.

Sidan den gongen har alle trea på promenaden vore innstrikka. Etter kva sesong vert strikka demonterte, vaska og resirkulerte til nye tekstile produkt som kan seljast eller gjevne til veldedige føremål.

Det er eldsjeler som strikkar og som får tildelt kvart sitt tre. Dei er alle kvinner, med eitt unntak. Også tilsette på nokre butikkar har gått saman om å gjere sentrum attraktivt på denne måten. Kommunen betalar utgiftene til garn. Det finst strikka tre også andre stader i landet, men så vidt eg veit er det berre Bergen utanom Eidfjord som har eit så heilskapleg opplegg; frå neder fløibanestasjon og gjenom svingane opp til Skansen.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1619431 2020-11-20T18:46:03Z 2020-11-20T18:46:03Z Nysnø

Så kom snøen, eller slapset. Kvitt i alle fall. Eg vart yr av glede. Verda var forandra. På med vintertøy og kamera. Det måtte vera noko der ute eg ikkje hadde sett før. Jau, eg hadde sett det mange gonger, men ikkje slik. Det hagla litt og vinden var bitande kald. Himmelen var kaotisk. Etter to hundre meter fann eg det best å koma meg i hus att. Men vinteren er lang, og eg veit det kjem fleire fine sjansar.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1616278 2020-11-13T12:44:44Z 2020-11-13T12:44:44Z Fråflytta II

For litt sidan viste eg bilete frå eit fråflytta hus. Denne gongen viser eg fire bilete til frå det same huset. Dei vitnar om at her har det vakse opp personar med allsidige kunstneriske og andre kulturelle interesse. På veggane heng både abstrakte, dekorative og figurative maleri. Det er også spor etter det som må ha vore ein yndlingskunstnar – Vincent van Gogh. Det er forunderleg å bli rykka attende til forgangne tider, og merkeleg å låsa døra etter seg og gå inn att i vår forrykte tid.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1612473 2020-11-04T23:06:40Z 2020-11-04T23:06:40Z Fråflytta

Det er vemodig med fråflytta hus eller hus i forfall. Det finst ulike svar på kvifor det blir slik. Eg har ikkje tenkt å legga meg bort i den sida av fenomenet. Eg har vore inne i fleire slike hus, nokre gonger utan å spørja om lov, og med ein viss fare for liv og lemmer. Dei gongene eg spør får eg som oftast lov.

I dette huset er mykje av interiøret intakt, om enn noko kaotisk. Det skal demonterast og byggast opp att på ei ny tomt. Inventaret vitnar om ein familie som var samfunnsengasjert, med eit breidt spekter av interesser. Av gode grunnar kan eg ikkje visa kva som helst, men nokre få glimt. Frå desse albumsidene har nokon rive ut foto som dei kanskje vil ha i si eiga samling. Dermed står enkelte albumblad tomme.

På det øvste biletet er blyanttekstane fjerna med tanke på anonymisering.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1609047 2020-10-27T11:36:50Z 2020-10-27T11:36:50Z Medan du ventar på bussen

Somme stader har både unge og vaksne dekorert bussventeskur med motiv av ulik kunstnerisk gehalt. Den best gjennomførde dekorasjonsrekka eg hittil har sett er ved riksvegen langs nordsida av Sognefjorden, heilt frå Lavik til Sogndal.

Dei fleste venteskura er grå og keisame. No er det blitt fleire av klar akryl som er vanskelege å dekorera, med unntak av reklame. Men framleis dukkar det opp godbitar her og der. Skuret med gardiner og puter er frå Klövsjö i Sverige. Dei andre er frå Sveio i Hordaland (Vestland: Fysjom). Somme stader er det nauren som skaper bakgrunnen. Det fine med venteskura, frå fotografens synspunkt, er at det er ei busslpmme som er grei å smetta inn i med bil. Dermed har du motivet rett framfor deg. Med unntak av urbane strok er det langt mellom bussane.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1606313 2020-10-20T09:17:00Z 2020-10-20T09:17:01Z Moro med ballar

Det er triveleg med siloballar, særleg om ein ser det skulpturelle ved dei. Studentar på norske kunsthøgskular gjer det ikkje betre. Dei er også ein fin vegg der ein kan annonsera eller uttrykka politiske meiningar. Kva skal ein med spalteplass i avisa når ein har balleplass? Då eg såg denne gilde ballehaugen tenkte eg at her er det jamen mange kyr på båsen. Men nei, alle ballane er selde, og det står ikkje ei einaste ku i fjøset. Mjølkeproduksjonen er nedlagd, endå garden har alle føresetnader for drift.

Ei anna side ved balleproduksjonen er plastureininga. Bønder er stort sett flinke til å senda balleplast i retur, men det vil alltid vera svinn. Det hjelper lite å pynta på realitetane med ein regnboge, men velkomen var han då han brått dukka opp.



]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1605062 2020-10-16T20:47:16Z 2020-10-16T20:47:17Z Landbruket

Dei gule engene er eit etter måten nytt fenomen på mine kantar. Før var dei grøne etter siste slåtten. No er mange av dei gule – ikkje av naturlege grunnar, men av di dei er lagde brakk av kjemikaliar. Bonden, og andre, blir sikkert forsikra om at dette er ufarleg. Kvar gong eg ser ein slik flate undrast eg på kor mykje av sprøytemidlet som overvintrar, som påverkar mikroorganismane i jorda, og som blir tatt opp i neste års avling. Det finst areal som blir langt kraftigare sprøytte enn dette, og det er ikkje til å unngå at litt av det hamnar i menneskekroppen. Det fotograferte området er i Ølen. Biletet med siloballane og grantrea er frå Etne Det same er siloballane i solnedgangen, Det er svært sjeldan eg fotograferer solnedgangen, men her var det ingen veg utanom.

Det siste motivet har eg fotografert før, men eg gjer det gjerne på nytt. Eg vonar desse særmerkte betongsiloane vert freda- Eg trur dei er frå ei tiid då engene ikkje vart sprøyta.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1601715 2020-10-07T18:01:42Z 2020-10-12T12:00:50Z Svinnet

Fascinasjonen min for søppel aukar i takt med søppelmengda. Diverre (!) har det vorte mindre søppel i nærområdet, og bra er det. Men med auka handel og forbruk er søppel framleis eit stort problem i verda.

Plasten og metallboksane er fotograferte på baksida av ein butikk. Ordet Infinitum på den eine sekken gjorde meg nyfiken. Eg likar ikkje å vedgå det, men eg gugla. Det viser seg å vera namnet på eit norsk selskap som samlar brukt drikkeemballasje for attvinng. Arbeidet er fordelt på Sverige, Danmark og Tyskland. Drit i transporten, den er sikkert berekraftig, men kvifor kan ikkje Noreg ta på seg dette arbeidet? Ja, ja, eg veit det kostar for mykje.

I heile verda blir det brukt 20.000 drikkeflasker av plast kvart sekund. Forbruket i Noreg er på 600 millionar panteflasker kvart år. 87 prosent av dei vert panta.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1595204 2020-09-17T19:25:46Z 2020-09-17T19:25:46Z Jesus og Johannes

Eit tema som går att i mange eldre kyrkjer er nattverden; det siste måltidet Jesus hadde med læresveinane før han døydde. I Nore stavkyrkje (første foto) er det nære forholdet Jesus hadde til ein læresveinane, Johannes, sterkt framheva. Johannes er framstilt som ein skjegglaus ungdom. Alle dei andre læresveinane har skjegg, I tillegg held Jesus eine armen sin vernande kring overkroppen til Johannes.

Bibelen nemner ikkje namnet på den læresveinen Jesus elska, men dei lærde har kome fram til at det må vera Johannes. Det har også vore spekulært på kva slags kjærleik det var snakk om. Var det reint platonisk, eller hadde det undertonar av eros? Det får me truleg aldri veta.

På altartavla i Nore ser det ut til at læresveinane er midt i ein oppheta diskusjon. På altartavle i Uvdal stavkyrkje (andre foto) er situasjonen meir avmålt og barnsleg framstilt, men Jesus held også her armen kring Johannes. Det same er tilfelle i Väskine kyrkje på Gotland (middelalderkyrkje i, kalkstein) (tredje foto). Her har alle læresveinane blikket retta mot 'fotografen', og alle har gulblondt hår.

Når eg først er innom stavkyrkjer, tek eg også med eit motiv frå Hopperstad i Vik i Sogn. Det er ein baldakin frå om lag 1300-talet som under himlinga viser Jesu fødsel og flukta til Egypt.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1592175 2020-09-08T16:53:25Z 2020-09-08T16:53:26Z Akademisk kunst

Kunststudentane på Universitetet i Bergen siller i haust ut masterarbeida sine. Dei 21 studentane er fordelte på dei fleste verdsdelane. All informasjon er på engelsk, også den forvirrande og rotete instruksjonavisa som mellom anna har eit blasst og dårleg svartkvitt-foto av kvar student. Utstillinga inneheld dei fleste sjangrar i moderne kunst. Her blir både kjønnsroller og politiske tema «drøfta».

Det øvste biletet viser ein installasjon av tøyfiller. På den gule puta er det notert at her er det performance kvar laurdag. Eg vart irritert over at eg dermed ikkje fekk med meg heile masterutstillinga avdi eg kom på feil dag. Personen på det andre biletet er ein tilfeldig publikumar og ikkje ein del av installasjonen.

Det hender enkelte ting forblir uforståelege og til dels irriterande same kor mykje tid eg brukar på det. Andre ting kan vera uforståelege, men likevel vakre. Det nest siste verket viser eit øydelagt bussventeskur som ligg i ein haug av knust betong. Utanfor vindauga ser med deler av skulpturen «Rød vind» av Arnold Haukeland. Det siste biletet viser eit figurativt maleri som gjev grunnlag for mange refleksjonar.

Det er lett å godta at eg ikkje skjønar alt, sjølv med uforståeleg forklarande tekst. Tilmed akademisk utdanna kunstkritikarar tek seg rett til å kalla deler av den moderne kunsten for søppel.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1585641 2020-08-22T12:57:45Z 2020-08-22T12:57:45Z Inn i undringa

Den store verda er der ute. Det er sant, men den store verda er like mykje heime i hagen. Det meste av det som kjem opp av jorda gjev grunn til undring, og pirrar den kunstneriske og estetiske sansen hjå mennesket, Mange av desse plantene er foredla av planteforskarar, men sjølve viljen til å vera eit levande vesen ligg utanfor vitskapens domene. Dessutan er det overmodig av mennesket å kalla det livsvilje, for det legg vår eigen avgrensa tolking av fenomenet til grunn. Eg har lese mange religiøse variantar av synet på planter som guddomelege eller heilage. Ei av desse bøkene skreiv om den heilage basilikum; ein plante blant mange du kan kommunisera med. Forsyne meg drakk eg ei tid te av basilikum ut frå tanken at det kan i alle fall ikkje skada.

Men la oss venda attende til det visuelle som gjev oss så mange gleder. Eg kan ikkje namnet på alle dei som vert viste her, men det gjer ikkje noko.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1584551 2020-08-18T14:56:38Z 2020-08-18T14:56:38Z Noreg på tvers

Mest brukte vegane mellom vest og aust i landet er Hardangervidda og Haukelifjell. Den vinterstengde Suleskarvegen mellom Agder og Rogaland hadde eg ikkje høyrt om før eg reiste der midt i juni. Det var ei fin oppleving, med skyfri himmel og vindstille. Midtsommars har den smale, men stort sett beine vegen, liten trafikk. Høgste punktet er litt over tusen meter. Der var brøytekantane høge.


]]>
Olav Bjørkum
tag:obsfoto.posthaven.com,2013:Post/1582107 2020-08-08T13:58:40Z 2020-08-08T13:58:40Z Kunst i Bergen II

Amerikansk-libanesiske Simone Fattal er ei av det store internasjoanle namna i kunsten, og for tida fyller ho alle rom i Bergen Kunsthall. Arbeida hennar omfattar foto, maleri, teikningar og leirfigurar. I introduksjonen til Fattal heiter det at arbeida hennar er«knapt formgitt». Det er presist sagt. Hadde eg ikkje blitt informert av ein kurator, kunne eg trudd trudd dette var resltatet av småskuleelevars leik med ulike formingsverktøy.

Eit av arbeida har også ein sterk politisk bodskap. Finn det ut sjølv.


]]>
Olav Bjørkum