Noko må ein seia

Sitatet: – Mitt kunstnerskap dreier seg om en introspektiv undersøkelse av tid og rom. Innholdsmessig er undersøkelsene preget av et forsøk på å begripe størrelser som «her» og «nå» via idébaserte omveier. Omveiene spenner fra mikro- til makromålestokk, og er for tiden preget av en eklektisk interesse for astronomiske fenomener og det ekspanderende universet. (Merete Joelsen Aune ved kunsthøgskulen i Oslo i samband med ei grafisk utstilling nyleg.)

Det er kjekt å få forklarit det som er vanskeleg å forstå.

Siste dagars foto: Konstant blid, dette fabeldyret som er forlate av eigaren sin, og ligg strødd som søppel ein eller annan stad.

Turen sist veke gjekk til ein stad langt inne i ein skog, til eit kvernhus der ein kan skriva namnet i turboka. Hit kjem folk enten det er midtvinter eller midtsommar. Ungar har store glede av å laga grafiske kunstverk (utan forklaring) i boka. Like i nærleiken er det store hogstfelt. Dei som går tur likar ikkje slikt. Dette er noko som grip inn i deira naturoppleving slik ho 'alltid' har vore. For skogeigaren er det som ein kjøkenhage; gulrøtene må opp av jorda når deir er på sitt beste.

Vindmøllene ser eg kvar gong eg reiser med ferja. Først var det ei, så to, så tre. Alt tyder på at det kjem enno ei. Dei er majestetiske, utan at eg legg fpr mykje vekt på det ordet.


Usamanhengar

Sitatet: – Historia om livet mitt er historia om verda. Eg forsikrar meg alltid om at det eg formidlar i kunsten er sanning. Og sanninga er berre mi eiga livsrøynsle (Yoko Ono)

Er dette sagt av ein audmjuk kunstnar, eller ein arrogant kunstnar med oppblåst ego? Eg trur mest det siste.Det er så mange som har funne sanninga at det er til å få fnatt av.

Dagens foto har ingen annan smanheng enn at dei er tatt på, eller ved, eit stort industriområde. Her står det mellom anna mange kontainarar. I ein av dei fall eg for denne kreasjonen. Han kunne like gjerne hengt i Museet for samtidskunst (Foto 1). Den svære kranen er blå, og bygningane under han dels  sterkt raude. Men det fungerer i svart kvitt òg (foto 2). Foto 3 er ei metallplatting som stikk ut over sjøen. På det siste biletet ser ei lita jente bort mot industriområdet, der det vert montert vindmøller som skal setjast opp i sjøen på skotskekysten.


Fjord og himmel

Dagens sitat: – Atget visste ikkje at han var Atget. (Howard Adams)

Eugéne Atget var ein kjend fransk fotograf.

Dei fleste fotografar som tek mediet alvorleg drøymer. Til dømes at i morgon tek eg det beste biletet nokon gong. Eller at skal laga ei bok som alle vil elska. Eller at eg skal gjera ei reise der all konsentrasjon er retta mot fotograferinga. Det siste er litt farleg, for då kan ein gå glipp av mykje.

Eg har gjort ein avtale med fjord og himmel. Reiser ei bestemt ferjestrekning minst ein gong i veka og fotograferer det som er utanfor salongen. Dette vil eg gjera fram til om lag oktober.  Eg likar tanken på ein avtale med element som ikkje veit dei inngår ein avtale, og altså ikkje gjer det. Så får eg sjå kva som kjem ut av det til slutt. Helst vil eg at det skal bli ei bok.

Inspirasjonen kjem frå den japanske fotografen Hiroshi Sugimoto. Han er kjend for ein fotoserie der hav og himmel møtest, ikkje noko meir enn det. Eg ønskjer ikkje å kopiera han, men likevel å gjera det så minimalistisk som mogeleg. Himmel, fjord, og litt land, har uendeleg med variablar.

Samstundes gjev ei lang ferjestrekning høve til lesing og refleksjonar. Til visse tider er det få passasjerar, men ein sjeldan gong vert det utveksla ord mellom to ukjende. Det er heller ikkje å forakta.

Det øvste fotoet har eg kanskje vist før, dei to andre er nye.


Turist i Bergen, 3

Dagens foto treng nesten ikkje tekst, og ikkje har eg tenkt å filosofera noko særleg heller. Men byvandring er fint, særleg i gamle bydelar der trafikken er liten. Nordnes i Bergen byd både på harmonisk og forvirrande arkitektur. Nykirken står på Nordnes. Sentralt i byen prøver krokusen å mildna synet av det trøysteslause rådhuset.


Turist i Bergen, 2

I det førre blogginnlegget tok Roald Sundal med eit utdrag frå eit interju med ein fotostudent. Det var skræmande lesnad. Erling Kagge har skrive boka «Stillhet i støyens tid». Der viser han mellom anna til Ludwig Wittgensteins kjende utsegn: «Om det ein ikkje kan tala om, må ein teia», og «Det som kan visast kan ikkje seiast».

Dersom eit foto er så vanskeleg tilgjengeleg at det må følgjast av ein lang tekst eller tale, så er som oftast bortkasta på meg.

Kattane i Bergen finn du helst i dei gamle, tronge bydelane, som til dømes på Nordnes. Her blir katten tatt på alvor. Den svarte katten som sit over teksten CYK, ser ganske frisk ut. Ikkje veit eg kva ordet CYK tyder, og same kan det vera. Og ikkje aktar eg å finna ut om «Farlig katt» verkeleg er farleg. Eg vil ikkje risikera ein pelsdott med klør hengande om halsen.

Kattediktet til Olav H. Hauge fann eg for nokre månader sidan på ein skule i Ulvik, og så dukka det ganske nyleg opp på eit gamalt hus på Nordnes. Skulle teksten vera vanskeleg å lesa, så står det: «Katten sit i tunet når du kjem. Snakk litt med katten. Det er han som er varast i garden.»


Turist i Bergen, 1

Først, dagens sitat: – Det finst folk som trur eg ikkje skjønar kva eg har gjort. Men det merkelege er at eg har gjort det! Dersom du veit kva du søkjer og ser etter, så veit du òg kva du gjer. (Harry Callahan, fotograf)

Turkameraten og eg var nyleg turistar i Bergen. Befriande å ikkje måtta prestera noko. Å fotografera som turist er eit privat oppdrag. Poenget er opplevinga.. Om bileta vert gode, så er det ein bonus. Målet denne gongen var mellom anna Akvariet på Nordnes. Inngangsbilletten er dyr, men verdt det for den som gjev seg god tid. Me fekk mellom anna med oss trening av sjøløver. Dei kraftige og smidige dyra boltra seg, ja, som sjøløver i vatnet. Eg stod ved kanten av bassenget, og det var uråd å føresjå kva som ville skje frå sekund til sekund. Eit moderne kompaktkamera er er ikkje av dei kjappaste. Kombinasjonen tregt kkamera og treg hjerne fører til at mange av høgdepunkta er passerte når biletet endeleg er festa på brikka. Det desiderte høgdepunktet fekk eg ikkje med meg på anna vis enn at vatnet fossa over meg då ei av sjøløvene landa i vatnet éin meter frå meg.

Ytterst i Nordnesparken fall eg for kvinna med denne sydvesten. Ho var villig til å posera. Med ryggen vendt mot meg skulle ho fotografera Byfjorden og Askøy. Det ho gjorde, var å ta ein selfie (sjølvportrett) der eg ruva i bakgrunnen. Eg har ein mistanke om at biletet var på fjaseboka like etter det var tatt.


Dagens sitat I

– Folk seier dei treng å uttrykkja kjenslene sine. Eg er sjuk av slikt. Fotografering lærer deg ikkje korleis du skal uttrykkja kjenslene; den lærer deg korleis du skal sjå.

Sitatet av fotograf Berenice Abbott er attgjeve i ei bok om ein annan fotograf, Harry Callahan. Boka er full av sitat som kan vera tankevekkjarar for oss som fotograferer. Eg kjem til å ta med mange av dei på bloggen etter kvart (Nokre har eg sitert tidlegare, men folk gløymer så fort…)

I tida framover kjem eg til å leggja ut færre foto på bloggen, kanskje berre eitt til to om gongen. Eg tenkjer ofte at eg har så lite å bidra med, men eg vert irettesett om eg seier det høgt. Eg kan også seia høgt at eg er ein sabla flink fotograf, og då får eg høyra at eg må jekka meg ned. I dag bladde eg fort gjennom ein del fototidsskrifter i min lokale Narvesen-kiosk. Det gav meg ikkje så mykje. Som eg har sagt før, mengda av bilete gjer meg blind. Eg må mura meg inne skal eg kunna pusta fritt.

Dagens foto er begge av industriell karakter, ting som er på veg inn i den evige gløymsla. Den rustna strengen fiska eg opp av ein vasspytt. Dei store konstruksjonane, som kan likna på innmaten i eit urverk, er kabeltromlar 6-7 meter i tverrsnitt. Alt har sin sjarm.




Post mortem

Alltid kjekt å få blomar. I beste fall takkar dei for seg etter ti dagar. Kronblad fell på kjøkenbordet. Eg oppdagar ei ny verd som eg oversåg då tulipanane var på sitt finaste. Eg undrar meg alltid over kva det er som bestemmer form og linjeføring på det som veks opp av jorda (eller steinullmattene). Uansett er det stort å oppleva det, og å meditera litt over det store i det små. Sett i eit større perspektiv er livet til ein tulipan berre litt kortare enn mitt eige, så kva fyller eg det med? Det er på tide å slutta å krangla med kona.



Om å ta ferja til skogs

Frå øya eg bur på kan eg ta ferje til fire ulike stader. Øya er også landfast, men for meg i feil retning. Sist veke bestemte eg meg for å reisa med ei av ferjene, som passasjer utan bil. Det gjorde godt med den førti minutts lange overfarten og ei god bok som sjeleføde. Då ferja la til kai kunne eg gå rett inn i ein skog femti meter unna, på stiar eg ikkje hadde lagt merke til før. Skogsinteriør er vanskelege å fotografera. Så eg let stort sett kamera henga over skuldra og gledde meg i staden over ein skogsbotn så mosegrøn, mjuk og trygg som eg ikkje hadde opplevd maken til. Ferja låg og venta då eg kom ned att, og la til fjords straks eg var komen om bord. På ein lite trafikert dag kunne eg kanskje opplevd å vera den einaste reisande. Forbløffande kor mykje samfunnet spanderer på ein enkelt person.

Som du straks ser, er det eine motivet gjort negativt. Straks forvandla dei små grøne blada i skogbotnen seg til ein liten flokk sommarfuglar som flagra over biletflata.


Kutt ut

Japanske Fumio Sasaki har skrive boka «farvel, ting» om korleis bli lukkeleg med færre ting.

Sasaki var mellom anna ein flink fotograf, og hadde menge eldre kamera på stas i hylla. No er dei vekke, alle saman. Han har òg kasta ei mengd foto.

Spaltisten Tim Clinch i Black+White Photography er også luta lei den enorme mengda  bilete som dagleg pressar mot netthinnene. Han rår fotografar til å roa seg. Prøv eit år å leggja til sides mesteparten av fotoutstyret. Avstå frå gatefotografering. Avstå å etterlikna motiv det har gått inflasjon i, som til dømes mjølkekvite fossar/vatn og utviska skyer.

Men ikkje høyr på det mora di seier! Fotografér av hjartans lyst, og imitér av hjartans lys! Klassikaren Ansel Adams har rett nok gjort det meste betre enn deg, men eg vart forskrekka (og letta) då eg oppdaga nyleg at Adams også har presentert foto som ikkje er mykje å skryta av. Han er ikkje Gud. Det er berre sunt å kopiera dei gamle meistarane, så sant målet er å frigjera seg frå dei og skapa sitt eige uttrykk.

Er du ihuga fotograf, så kast 90 prosent av fotoa som er tiltenkt harddisken. I ettertid vert dei likevel sjeldan tatt fram og sett på. Det er hjarteskjerande.

Tre av motiva nedanfor er knytte til sjøen. Plastposar fotograferer eg stadig, og det er ikkje mange som hamnar i arkivet. Dette er ein av eg likar.