Eit støv i kosmos

Slik kjenner ein einsleg bloggar det. I ferien kjende eg det ekstra godt. Smarttelefonane var konstant i bruk kring meg. Titusenvis av bilete liknar mine eigne. Eg var i selskap nyleg, der ein av personane stolt viste fram ein lang serie med bilete på den vesle skjermen. Det svimla for meg til slutt. Ikkje dermed sagt eit vondt ord om prestasjonane til personen. Over alt ser eg fabelaktige foto, kanskje meir i teknisk forstand enn i innhald.

Eg får ofte høyra at det er gamaldags å blogga, og eg ser på responsen at det er nesten ingen som ser bileta mine. Dette er ein bitterleg klage som eg har framførd før. Eg brukar ei gamaldags handsag der ande brukar motorsag. Men kvifor klaga? Eg har då gått inn i dette med opne auge, og mine omgivnader oppmodar meg til å vera positiv. Så då så.

Så eg byrjar litt stillferdig etter ferien, med tre variasjonar over same motiv, tatt tidlegare i år. Eg innbiller meg at ein kurator eller kunstkritikar ikkje vil finna noko å spinna på her, og bra ville det i så fall vera. Seinare kjem eg til å plukka frå samlinga av feriefoto. Etter kvart dukkar det vel opp andre ting òg.

I det stille kosar eg meg med å planlegga fotobøker til internt bruk, både tema og årets reiser. Det er bra for stilsanen og andre sanser, og med tida vonleg til glede for dei få som får sjå bøkene.


Tre

I tillegg til knott og augnestikkar er tre det mest fantastiske som finst, ja, pluss nokre andre ting. Ein stamme strekkjer seg frå mold  mot himmel, med mange tusen nåler eller blad. Kvart blad skal ha næring og vatn.

Det er sjeldan å finna to så fine bøkar attmed kvarandre, ein blodbøk og ein hengebøk. Desse veks i Sandnes kommune.

Halsnøy kloster har også nokre mektige tre, for det meste bøk. Her har kjærastepar rissa inn bokstavane sine, datoar og hjarte, og vore trufaste mot kvarandre den tida det varde.


Kontrastar (II)

Kontrastane kan vera store innafor same smale tema. Dei to rustfotoa her er frå same staden, tatt med få meters mellomrom. Eg er ikkje i tvil om kva eg likar best.

Onsdag fekk eg sjansen til ein lengre biltur, men hadde lite glede av han. Det var strålande sol frå skyfri himmel, og eg ville helst hatt skyer. Det nederste biletet er det einaste eg tok på turen.  Det er frå ein liten gravplass som kneisar høgt over dei få husa i bygda. Johan rakk ikkje å fylla femti år, men han hadde fått oppfylt ein stor draum før han døydde – å køyra motorsykkel på den kjende Route 66 i USA. Vegen vert bygd i midten av 1920-åra, og går frå Chicago til Los Angeles. Han er omtala i både i litteratur og musikk. John Steinbeck skreiv om Route 66 i «Vredens druer». Framleis er store delar av vegen køyrande.

På gravsteinen til Johan er det attgjeve det som for meg ser ut til å vera eit foto av ein motorsyklist på veg mot solnedgangen. Eg kjenner ikkje historia bak, men reknar med at Johan sjølv fekk oppleva Route 66 på motorsykkel.

Det er ferietid, og dermed blir det litt ujamn oppdatering av bloggen i juli og august.


Kontrastar

Eit streif avgrensa til øya eg bur på, kan by på mange kontrastar. I fleire år har eg fotografert det eg kallar installasjonar av siloballar. Eg var tilfreds med å attgje dei i svart kvitt. Så kom dei rosa ballane, og no nyleg dei blå ballane. Uråd å attgje dei i anna enn fargar. Og så oppdaga eg at dei farga ballane også kan ha sjatteringar og mønster. Kanskje det hadde blitt endå fleire spennande studiar om eg hadde gått tettare innpå.

I det som noko misvisande kallast ein næringspark, kom eg over ei lang rekkje med oppstallerte betongelement. Dei venta på å bli monterte i ei høg bustadblokk. Fotografisk var det rein geometri. Den farga stroppa berga biletet.

Og så ein heilt annan installasjon; ein uttørka einerbusk, stilt opp-ned i eit gamalt beiteområde som berre spelsauen har glede av. Ikkje eit menneske å sjå, om lag ein kilometer inn på ein umerka og kronglete sideveg til europavegen.


Eit krypinn for draumar

Det er mykje arbeid og stress med å skaffa seg eige hus. Meklaren skal ha sitt, banken sitt. Signatur på papir du ikkje les likevel. Flytta ut, flytta inn.

Mindreårige fulle av virkelyst har det lettare. Ein stabel kasserte plankar og bord. Spiker. Hammar – logistikk og samarbeid. Og vips, så har gutane (eller jentene) si eiga hole der dei kan snakka om mangt dei ikkje har greie på. Og utan at dei veit det har prosessen vore til stor nytte for den vidare utviklinga mot vaksenlivet.

Som fotograf er det rein flaks at eg kjem over slike hytter Ein stad er det ein haug eg har gått framom mange gonger utan å sjå kva som var på toppen. Ein dag gjekk eg opp den kronglete stien, og der var ho.

Om byggverk nummer tre er i sin første entusiastiske fase, eller om prosjektet er oppgitt, veit eg ikkje noko om.

Byggverket på det nederste fotoet kan knapt kallast eit byggverk. Eg køyrde til sjøen på ein umerka og svært smal veg. Litt avsides frå vegen var det eit glimt av noko som måtte vera høvla, og der låg denne kiosken for Gilde pølser, og Åpent heile døgret, men ikkje ei sjel å sjå. Mattilsynet har ikkje brydd seg.

Gute- og jentehytter har kort brukstid, men ein skal ikkje undervurdera den intense bruk av hjernen i byggeperioden. I vår digitale alder er nettbrettet gjerne prioritert framfor hammar og spiker.


Omslutta av grønt

Ein smal skogssti med tett vegetasjon på begge sider. Og eg har aldri tenkt på det før: Eg er omslutta av fargen grøn. Eg er omslutta av fotosyntesen, vilkåret for alt liv på kloden. Måtte sivilisasjonen verdsetja desse små grøne lungene! For dei vert færre etter kvart som folk krev albogerom. Ein motorveg her, eit byggjefelt der. Det spesielle med denne staden er at eg kan stå på bilvegen der han kryssar ei kløft og sjå rett ned tretoppane. Etter to-tre minutts nedstiging er eg i botnen av lauvskogen og kan leggja svusj-lydane frå trafikken bak seg. I andre enden av skogsvegen er det ei badestrand. Det er ikkje lange spaserturen. Både bekken som renn langs vegen, og sjølve badestranda, er prega av det mineralrike fjellet. Bregnene står tett i denne biotopen. Dei er vanskelege å fotografera, men eg kan undra meg over det fabelaktige byggverket som ei bregne er.

Eg og turkameraetn snakkar ofte om det fabelaktige i naturen, til dømes noko så forbanna som knott. Så mykje liv og vilje (eller instinkt) i ein ørliten kropp! Men det er ei anna historie.


I rett tid, II

Sjølvsagt reiste eg ut att til gravplassen eg nemnde i forrige innlegg, og kom i rett tid. Det var ei revebjølle der. Sist var ho grøn, no hadde ho opna bjøllene. Det er merkeleg å koma i noko som liknar ekstase på ein gravplass. Dette er ein av dei finaste eg veit om. Han er liten, gamal, og så frodig og viltveksande at det aldri ville blitt godtatt på ein meir moderne gravplass. Mange av dei som ligg her døydde for fleire mannsaldrar sidan, og ville aldri i sin villaste fantasi kunna tenkt seg vår digitale sivilisasjon. På fleire av steinane er det uråd å lesa namn eller dødsår. Likevel står det her og der ein frisk blom eller eit gravlys.

Ein moderne gravplass med ferske graver gjev sterke påminningar om at livet er forgjengeleg. Men eg opplever at ein gamal plass gjev meir perspektiv; dette med generasjonar som avløyser kvarandre, og tankar om kva liv dei hadde dei me står på skuldrene til.

Alle bileta er frå Foldrøy på Bømlo.


I rett tid

For litt sidan fotograferte eg ei grav der det vaks ei revebjølle framfor gravsteinen. Eg skulle gjerne hatt ei revebjølle som var raud i toppen, men var for tidleg ute. Det er langt å køyra dit. Skal, skal ikkje.

For bilete nummer to handlar det både om rett tid og rett ver. Steinen ligg i ei langgrunn fjøre. Stundom er det sjø kring han på alle kantar, stundom ligg han naken i strandgjørma. Han er finast med vatn kring seg, men når eg vassar ut for å koma nær nok (kamera med fast 35 mm optikk), skal vatnet helst ikkje fylla støvlane. Difor er det viktig å vera der til rett tid, og i overskya stille ver.

Dei andre bileta er frå same turen. Sjølv om området er avgrensa, så kan motiva variera, også når målet berre er stein


Nok er nok

Det kan bli for mykje rhododendron. Denne busken som i blomkålform spreier sine intense fargar over alt, i byrom og villastrok. Eg har fått nok, men må avslutta på ein verdig måte. Det er fint å kunna kombinera intensiteten med myriadar av kvite småblomar, eller med viltveksande soleier som folk ikkje temjer på annan måte enn å slå dei ned – som om det hjelper. Så er det nokre få rhododendron som har ei overraskande open form. Dei likar eg. Eg kan gå inn i dei, og frå utsida gløder blomekvastane som rubinar inn mot midten. Dei to siste bileta er såleis frå ein gravplass som vart spesielt oppretta for folk som døydde i spanskesykja for ein del mannsaldrar sidan.


Det banale

I sist blogginnlegg viste eg foto av ein rhododendron sett bakfrå, og hevda at det klassiske (banale) er heilt borte. Ein lesar vart provosert av ordet 'banale': – Det er banalt å tru at biletet vert mindre banalt av alltid å gjera det annleis.

Ordet banalt har noko utflytande over seg. Dei fleste gled seg over ein vakker solnedgang. Kvifor er det då så vanskeleg å gle seg over eit foto av det same? Kanskje av di formatet er krympa og av di fargen som oftast er den same. Det er som å eta graut til middag kvar dag. Men eg trur det er mogleg å heva det banale over det banale ved å finna nye måtar å presentera det på.

Den svenske forfattaren Thomas Nydahl skriv: – Det verdslege er i dei fleste tilfelle synonymt med det banale. Til eldre eg vert, til større trong får eg for det banale. Torsdagstimane i sola, med leikandde born på stranda, med ein enkel kopp kaffi og ein matpakke. Tidlaus banalitet. Kva meir kan ein trå etter?

Ein ting er banalitetar i det visuelle, men det same finst i rikt mon i tekstar, også av dei som skulle vita betre. Ein fotograf skreiv i samband med ei utstilling at det er ikkje berre å gå ut og knipsa: – Eg vurderer mellom anna lyset. Fotografering er jo eigentleg magi eller tryllekunst, der er lyset heilt essensielt.

Eureka!

Stundom trur me at me greier å skapa noko som løfter sinnet og får oss til å gløyma alt anna. La oss gle oss over slike sjeldne og gode stunder.

Ja, lyset er essensielt for dei vedlagde fotoa (eureka!). Magien er fråverande, som på alle bilete eg tar. Påstanden min er (enno ein gong) at magi ikkje finst. Det veit ein kvar tryllekunstnar. Bileta spriker i alle retningar, men har det felles at dei er tatt innafor ein radius på hundre meter, og er frie for solnedgangar og rhododendron.