Isolert midt i flaumen

Kvifor denne trongen til å fotografera når det sviv milliardar av foto i atmosfæren. Eg blir aldri kvitt tanken på den kolossale mengda av fotografi i digital form. Og kvifor denne trongen til å fotografera det sære, det som få andre bryr seg om? Søpla, til dømes. Eg får truleg aldri svar på det. Det heng kanskje saman med lengten etter å vera åleine. Eg har sans for den engelske forfattaren Sara Maitland som reiste frå sivilisasjonen og bygde sitt eige hus i villmarka i Skottland, der ho budde i fleire år og dyrka sin eigen mat. Men eg trur ikkje ho hadde med kamera.

Eg er nett ferdig med ei bok om årets korte ferie saman med vener. To eksemplar. Førti foto, eitt på kvar side. Det er nok, når boka har privat karakter. Så drøymer eg om bøker om avfall, om siloballar, om stein og sand og berg, og om fjorden. Pluss, pluss. Skulle gjerne laga fleire enn to-tre eksemplar, men opplaget heng saman med kor mykje det til ei kvar tid er att på kredittkortet. Moro er det likevel, same kor lite opplaget er.

Dagens bilete er frå same staden som i sist blogginnlegg. Metall til attvinning. Dagens unge kunstnarar hadde hatt godt av ein tur innom slike plassar. For meg er det utfordrande å leita etter det vakre og absurde i forvridd metall, og å sjå menn stykka opp tjukt gods med sveiseflamme.


Skattar i skrap

Det er ikkje toppen av lukke å kunna fotografera på ein plass fylt av metallskrammel, men det er ikkje langt unna. Dagen er grå, altså perfekt for oppdraget. Dei som arbeider der er usikre på korleis dei skal handtera spørsmålet om fotografering, men slepp meg inn etter å ha ringt hovudkontoret. Så er det på med hjelm og raud vest, og eg får instruks om kva eg skal passa meg for.

Betongdekket er vått, og nokre stader er det sørpe. Her og der er det ei tynn oljehinne med regnbogefargar. Vatnet trenger inn i skorne, men pyttsann, eg kan ikkje vera prippen når eg først er komen innafor porten. Tre stader på området er menn i gang med skjerebrennarar for å dela opp grove metallkonstruksjonar. Tunge maskiner med gripeklør køyrer til og frå. Miljøet er tøft – og løfterikt for ein fotograf. Eg kosar meg, og prøver i beste Ansel Adams-ånd å visualisera det eg har framfor meg; altså sjå for meg korleis det endelege resultat skal verta.

Villmarksfotografen David Yarrow har sagt at han heller vil vera interessert enn interessant. Det sluttar eg meg til. Likevel trur eg dei fleste fotografar har eit meir eller mindre løynt ønskje om også å vera interessante.

Ser du kvinna som svingar seg i dansen?

– og blikket frå fortidsøgla?


På rett veg

Seier dama i billettluka at du skal køyra i spor 2 eller 3, så gjer du det. Det er ikkje alltid det er ei dame (eller mann) i luka. Likevel veit du kor du skal stilla deg opp. Men er det nokon som ser nærare på desse tala som er markerte med ein slags kvit masse på den mørke asfalten? Det tvilar eg på. Noko som liknar eit seigt tubefyll er pressa mot underlaget. Sjå gjerne på det som kunst, og kom gjerne med ei lengre utgreiing som rettferdiggjer at det er kunst. Det finst meir inkjeseiande kunstverk enn dette. Sjølv likar eg å studera desse tala, som aldri er like frå den eine ferjekaien til den andre.


Zen – enno ein gong

Turvegen deler seg i to. Den eine vegen er brei og fin. Der er dei fleste joggarane. Den andre er smal og bakkete. Der er turkameraten min og eg. Her er det god tid til dei små tinga. Kan eit armeringsjarn i vatnet skapa fred i sinnet?  Litt, så. Kan to ulikt store steinar skapa fred i sinnet? Litt, så. Så tuslar me vidare, opptekne med kvart vårt.

I fotoklubbar, på 'workshops' og porfoliovurderingar får mange fotografar god hjelp og varierande anerkjenning. For nokre år sidan skapten fotografen Cole Thompson det fotografiske sølibatet. Hans rettesnor vart : Spør aldri andre kva dei meiner om arbeidet ditt. Følg dine eigne draumar og elsk det du gjer utan å blanda inn andre. Kanskje det –


Det me ikkje forstår

– Det ligger en farlig og skjebnesvanger uforstand i å se ned på alt vi ikke forstår, rent bortsett fra det meningsløse hovmod som er forbundet med en slik holdning.

Dette skreiv Michel de Montaigne for vel fire hundre år sidan, og eg strevar med denne utsegna når eg ser på moderne kunst. For litt sidan var eg med på overleveringa av den nye kunsthøgskulen i Bergen (Universitetet i Bergen, Fakultet for kunst, musikk og design). I eit av dei store fellesromma såg eg to store abstrakte kunstverk. Kunstnaren må ha brukt mykje tid og flid på desse verka, som for meg framstod som rableri etter innfallsmetoden.

Kvelden før fekk eg ei omvising på skulen, som er teikna av arkitektfirmaet Snøhetta. Eg fotograferte flittig; Pappkrus, ballongar og emballasje, interiør. Emballasjen vart eg usikker på, om det var eit kunstverk eller noko som skulle kastast. Alle foto er av ting eg tilfeldig oppdaga på min veg gjennom huset.

Etter høgtida på kunsthøgskulen var eg innom Kunstgarasjen, der fagpersonale på kunsthøgskulen stiller ut eigne arbeid. Ei av dei er Sabine Popp, som har stabla nokre paller og plassert ein videomaskin på toppen. For meg var det uråd å fatta intensjonen utan den korte innføringa i programheftet, og knapt nok då.

Det boblar inni meg av hovmod og undertrykt latter, men bak meg står Montaigne.

Eg oppmodar alle kunst- og fotointeresserte til å sjå alskens utstillingar. Vil du sjå fotobøker, har kunsthøgskulen eit glimrande bibliotek.


Pessimisten

Utdrag av eit intervju Blake Andrews har hatt med Jörg Colberg (begge fotografar, Colberg også skribent):

A: Er du pessimist?

C: Korleis kan du ikkje vera pessimist?

A: Det er lett. Eg er optimist. ein kynisk optimist.

C: Eg prøver å ikkje vera kynisk.

A: Du treng vera optimist for å kunna fotografera, for å finna motiva. Eg greier ikkje sjå motiva når eg kjenner meg nedfor.

C: Når eg fotograferer så ventar eg ikkje å finna gode motiv, for eg veit at eg som oftast ikkje finn dei. Eg veit at motiva finst, men at det er langt mellom dei. Og eg liker at det skal vera så vanskeleg. Nett som skriving, som også er svært vanskeleg.

- -

Eg står på øvre dekk på ei ferje. Er det mogleg , ved å sjå på bileta nedanfor, om eg er optimist  eller pessimist?


På oppgåtte stiar

Knut Hamsun gjekk på gjengrodde stiar. Denne veka gjekk eg oppgåtte stiar, velkjende og nesten folketomme. Det er godt, etter eit par lengre reiser, å rusla i velkjent terreng. Kanskje ser eg noko eg ikkje har sett før. I samtalar med andre fotografar har eg fatta interesse for det som kallast for komfortsona. Kom deg ut av komfortsona! Kva inneber det? Eg meiner eg ofte har vore utanfor komfortsona, men må vedgå at eg likar meg best innafor. Sjølv på gamle stiar er det mogleg å finna nye motiv og å vinkla dei gamle på nye måtar.

Dessutan, på lange reiser vert eg fort overmett, Og heimkomen frå den siste reisa nyleg greidde eg å sletta 40-50 av dei beste bileta. Då trengst dei litt sorgbearbeidng for ikkje å bli sprø. Så denne gongen får det greia seg med nokre enkle motiv frå nærmiljøet.


Spindelvev og piler

Alltid dette indre imperativ om å fotografera. I religiøs jargong heiter det eit kall – det er ei kraft utanfor deg som byd deg å gjera noko bestemt. I morgontimane i dag såg eg den finaste spindelveven eg nokon gong har sett. Eg tenkte ikkje på å fotografera han, berre å oppleva han. Slik tenkjer eg oftare og oftare. Kvifor ta eit bilete når det likevel forsvinn i den digitale skoddeheimen saman med millionar av andre foto?

Dette er defensiv tenking, men den ligg alltid i bakhovudet.

Som ein del av trafikkskiltinga finst det piler i vegbana for å føra deg på rett veg, til dømes der to køyrebaner vert snevra inn til ei. I motsetnad til spindelvevar er det ytterst sjeldan slike piler vert fotograferte. Så då gjer eg det. Pilene er lange og uformelege, men frå bilistens perspektiv er dei heilt greie. Nokre av dei har intrikate mønster som viser at eit menneske har gjort sitt beste for at pilene skal oppføra seg i samsvar med forskriftene. På nært hald står dei ofte fram som reine abstraksjonar. Ein kan falla i stavar av mindre. Og kor uendeleg mykje meir grovkorna og enkle dei er enn spindelveven!

Ei etterlengta reise gjer at det kan gå litt lenger tid enn vanleg før neste blogginnlegg.


Ask og løer

Det forrige blogginnlegget viste ein ask på Halsnøy kloster. Seinare har eg fått greie på at dette er den eldste freda asken i Noreg. Han er om lag 550 år gamal. Kring 1850 slo lynet ned i treet og delte det i to. Men framleis struttar han av grøne blad og seig overlevingsevne.

Så over til løene i dette innlegget. Det første fotoet er ferskt; løa er det ikkje. Eg stod i det som må ha vore møkakjellaren og såg fire etasjar oppover. Eit slikt ribba (og flott) interiør har eg ikkje sett før. Eg brukte eit 24 mm tilt- og skift-objektiv, og sydde saman to eksponeringar for å få alt (det meste) med.

Vestlandet er fullt av småbruksløer som ikkje er i bruk. Nokre er framleis velhaldne. Dei fleste er i sterkt forfall eller reine ruinar. Eg har fleire hundre slike foto i samlinga mi. Det er litt vemodig å å sjå på dei. I vår tid skal også landbruket vera rasjonelt og effektivt. Denne utviklinga let seg ikkje styra. Regjeringa – same kva farge ho har – er underlagt større krefter enn seg sjølv.

Eg viser ikkje desse bileta for å henga ut dei som eig løene. Dei fleste småbønder manglar pengar til å gjera noko med det.


Nektar å gje seg

Klosterhagen eg oppsøkjer to-tre gonger i året er god å vera i. Me var to som reiste dit for å sjå ei fotoutstilling i hovudbygningen, men det var stengt. I staden gjekk me i solskinet blant dei mektige trea. Eg oppdaga ein ask eg ikkje hadde sett før. Han er smuldra opp innanfrå, og halve treet er borte. Likevel har han ei kort, men frodig krune. Kor kjem all denne livsviljen frå?

På det biletet som viser utsida kan du kanskje sjå ein ørliten kvit flekk midt på stammen. Eg tenkte eg skulle pirka han vekk før eg fotograferte. Så viste det seg å vera eit lite, firkanta plastskilt som truleg har fortalt noko om akkurat dette treet. No er teksten så godt som utviska, og skiltet er snart heilt innkapsla i treet. Herleg!

På det første fotoet kan du til venstre for stammen så vidt sjå dei to kranane på ei kranplattform i fjorden langt borte.