Stein – og stein

For eit par dagar sidan var eg på fjellet mellom Røldal og Sauda. Ein vakker tur. Der oppe låg ein stor stein på vippen, om lag hundre meter frå vegen. Eg har ikkje opplevd maken til samarbeid mellom stein og himmel.

Eit heilt anna motiv dukka opp i Almannajuvet, halvvegs mellom høgfjellet og fjorden. Der er det ein liten sandbanke der vegfyllinga speglar seg i elva. Like ved ligg ein vanleg stein. Til saman utgjorde dei ein fin komposisjon.

Stein er så mangt. Det tredje biletet er frå Mjølhussanden på Karmøy, eii lita og fredeleg sandstrand som kjem litt i skuggen av swi to store; Sandvesanden og Åkrasanden. Her er fine motiv for dei som set pris på minimalisme, reint og med få element.

(Obs – det forrige blogginnlegget er ved Lars Bø)


bilder

 

Mellom mange fotograferande er stort å reisa utanlands. Dei tar  bilder av 

skrokkete gamlingar ved Middelhavet, fattige born Afrika og Asia, framande

kulturar og ukjent natur. Det er så eksotisk. Javist er det det. Men sjå deg 

rundt i nærmiljøet. Var ein liten tur her eine dagen for å plukke sopp. Det

var ikkje nokon suksess. Likevel ein tur med nye undringar over naturen

rundt føtene mine . Og sjølvsagt vart opplevingane festa på minnebrikka.

Sjå berre på frukta eller frøet til skogstjerna. Vel to med mer i diameter og

lyseblå. Ved nærare ettersyn var den  vesle kula lik ein fotball med mønster

og saumar. Og så var det skogsjampinjongen  og slimsoppen med sin blanke

hatt, eit teppe så fint av gauksyre og ein gammal mosegrodd stubbe.

Fantastisk. God tur.

 

 

 

Innovativ? Nei

Fotobransjen skaper stadig noko nytt. Det har fotografar flest glede av. Fotografane skaper også stadig noko nytt. Det har eg for min del ikkje alltid glede av. Grensene for kva som er fotografi blir tøygde til det ugjenkjennelege, og går over til å verta bilete eller konstruksjonar. Noko av det fungerer, men mykje er keisarens nye klede.

Så endar det med at eg lukkar meg inne i eigne merkelege prosjekt, med den såkalla sjølvutviklinga berre som ei skodde i bakgrunnen. Eg ser for å fotografera, og har ikkje kunnskap nok eller lyst til manipulering, sjølv om alle foto er manipulerte. Ideelt sett vil eg ikkje – i det ferdige fotoet – merka klørne etter Photoshop. Mi tilnærming til mediet fører til mange einsame foto som ikkje rekk fram til andre enn meg sjøl.

Det øvste fotoet har eg vist før, men då låg det berre éin raud båt ved kaien i staden for to.  Eit motiv kan vera heilt annleis når eg ser det for andre eller tredje gong.

Slik også med Harley Davidson-emblemet. Tidlegare låg det isolert. No hadde det fått selskap av ein sykkel. Det tredje fotoet handlar om å skapa ein best mogleg komposisjon av to vraka stolar. Og ofte når eg ser det ferdige fotoet ergrar eg meg litt over at eg i staden ikkje gjorde sånn eller slik.


Flisespikking

Når eg ikkje er nøgd med fotoa mine, reiser eg ut for å ta dei om att dersom turen ikkje er for lang. Her blir det bitte litt teknisk prat. Det øvste fotoet viser noko som liknar ei lita rangle. Den heng i ei naustdør. Første gongen eg fotograferte den brukte eg bl. 2,8. Eg kom ikkje vinkelrett på tråden, og dermed vart nedre del av opphenget uskarpt. Neste gong klatra eg opp på ein stol eg fann i naustet, og kom i posisjon til å få heile  rangla skarp, sjølv med 2,8 på nært hald.

Når eg først var i strandkanten ville eg gjera noko ut av ein solid, maltraktert trekubbe. Eg baksa ei stund med han i fjøresteinane, og fekk endeleg lagt han der eg ville ha han. Så det er ikkje alt som er slik det var i utgangspunktet. I dette tilfellet gjer det ikkje noko. Biletet blir ikkje meir eller mindre sant ved at eg flytta på kubben. Skilnaden er berre ulike komposisjonar, og eg ville ha den beste.

Det tredje fotoet er ei løe eg har vakta på i eit par år. Sist eg køyrde framom var ho komen så langt som dette. Høgredelen er framleis nesten intakt, med svære naturheller på taket.

Det siste fotoet viser mitt nye og uhyre enkle utandørs fotoatelier. Nøytral bakgrunn, mørk eller kvit, på ein papprull som kan hektast ned når han ikkje er i bruk. Fin til småting og portrett. Kostnaden er minimal.


Materialitet

Ned att på same staden, gong etter gong. Augene ser det same, men på nye måtar. Små ting tar eg med heim og fotograferer dei i eit primitivt friluftsatelier på verandaen der dagslyset er einaste lyskjelda. Eg høgg ved med vanleg øks. Dei minste kubbane samlar eg i banankartongar. Ein kamerat tok til å snu og venda på dei og sa «Fy søren, altså» Han meinte dei var fine. Dermed var det å rigga seg til i friluft:

Den rektangulære treflaten fann eg på bostippen saman med fleire andre liknande trestykke. Det vart ein serie av dei, som med bjørkekubbane. Eg kosar meg med heile prosessen, frå eg oppdagar noko, til det står ferdig på dataskjermen. Utskrift og innramming vert det mindre med, men intensjonen er der.

Den krølla aluminiumplata var for stor til å ta med seg heim. Ho hadde ein komposisjon eg fall for, og eit mjukt og fint lys. Så var også den i hamn.

Området eg vandrar på, er vidt. Sundagane er det nesten fritt for fritt for folk, og så godt som stille, med unntak av kråke- og måseskrik. I strandkanten hiv nokre gjestearbeidarar sluken langt ut over sjøen.

Vemodet

Det er sjeldan eg oppsøkjer min barndoms heimstad. Den naturen eg streifa omkring i, er borte. Eg har ikkje mandat til å stogga utviklinga. Eg var i ungdomen vitne til at innbyggjar nr. 3 000 vart feira i kommunestyret. No er det 8 000 innbyggjarar i kommunen. Den lokale dialekten er nesten borte.

Dette er ikkje eit blogginnlegg med vakre foto. Det er berre ein dokumentasjon av hesleg arkitektur. Eg har forresten ein mistanke om at alle dei nye stygge husa er konstruerte av ingeniørar, og at arkitektar og landskapsarkitektar er nekta tilgang til kommunen. Då eg nyleg var «heime» var eg innom fleire av dei ferske byggjefelta, og vart meir og meir forstøkt. Er det mogleg, tenkte eg, med slik visuell forsøpling av eit landskap? Her sprang eg åleine som gut. Det var ikkje eit hus å sjå. Sjokket mitt er ikkje av nostalgisk karakter. Eg ville kjent det same også om landskapet var meg framandt. Dersom rasering er sivilisasjonens fremste kjenneteikn, så stakkars oss.

Den nederste blokka er ikkje ferdig, og kan ikkje vurderast frå ein rein estetisk ståstad. Men ho er plassert på det ytterste sørlege neset i kommunen, og kjem til å dominera det som kunne vore eit fint friluftsområde. Politikarane må vera temmeleg sløve når dei tillet slike inngrep.


Blanda drops

Kunstmuseum er både til glede og frustrasjon. Tilmed når eg ikkje skjønar noko. Ingebrigt Vik museum i Øystese var bra saker, heilt til dei bygde det om i fjor sommar og omplasserte skulpturane. Det var ikkje fullkome tidlegare, men no er det vandalisert. Skulpturane til Vik er stort sett stillfarne eller introverte. Det har interiørarkitekten, eller kva han no kallar seg, gitt fullstendig blaffen i. Her er det pøst på med signalfargar, speglar og kubiske kassar. Fleire av skulpturane er vende bort frå lyset, utan tanke på at ein skulptur ikkje berre er skapt av skulptøren, men også av det lyset betraktaren ser den i. Det er blitt eit museum som ikkje tek omsyn til kunsten, men som markskrikersk syng ut: Sjå kor flink interiørarkitekt eg er!

Fy flate!

Då er det nesten velgjerande å koma til ein stad der delar av utrangerte boreplattformer er klare for opphogging. Ingen kunstneriske krumspring her, nei. Dei er stilige i sin uskuldige råskap. Det eg undrar meg over er den kort tida det er mellom milliardinvesteringae er gjort og til heile stasen er borte vekk.

Så kan ein gle seg over kva ivrige folk får til i hagar og på uteplassar. Portalen er ein gullregn.

Forfallet

Bussen køyrde forbi denne geitramsløa i Bergen. Eg kunne ikkje gå av. Neste dag var eg attende med eigen bil. Veret var ideelt, og eigaren positiv. Stundom er settinga like viktig som motivet i seg sjølv.

Den andre løa, i Os, har eg følgt i fleire år. Ho har vore seig, men det kan ikkje vara lenge no før ho ligg heilt på bakken. Flotte takheller for den som er interessert i slikt.

Det nedste fotoet viser ein del av Ungdomsheimen på Kvamskogen, slik han ser ut no. Fotogent, men trist. Opphaveleg var det ein kafé og overnattingsplass. Ny eigar tok over. Etter det har forfallet gripe om seg. Det er sperreband kring huset, men det er ikkje problem å forsera dei utan å verta jaga vekk.


Ventetida

Det er ei tid for alt, også venting. Det kan vera hjå dokteren, eller i bilen før ferja kjem. Eg samlar på venterom på ferjekaiar. Det er sjelden nokon brukar dei. Denne veka fann eg ein av dei finaste – på Hjelmeland i Ryfylke. Den åleine var verd den 350 km lange tur-returen Då er ein bra sprø i knollen. Venterommet på Hjelmeland er nøytralt heilgrått. Det er ein liten vinkeltrebenk i eine hjørnet. Den sit eg på når eg fotograferer. Einaste kunstneriske innslaget er ein plastsekk med søppel i det motsette hjørnet.

På Ropeid er venterommet heilt annleis. I si tid var det ein attraksjon. Fasaden er av glas. Bakveggen er nake fjell. For nokre år sidan vart ferjesambandet Ropeid–Sand nedlagt. Ropeid er ein daud plass. Venterommet er framleis ope, til glede for tissetrengde. På doen er du omgjeven av bergveggen og svartlakkert stål. Fotoet viser fasaden som speglar ferjekaien.

Også i Ryfylke: Eg får eit glimt av eit bussventeskur. Etter eit halvt minutt snur eg bilen og køyrer attende til skuret. Det er fylt med brukte bøker. Berre forsyn deg! Inga bøsse for myntar. Har eg ikkje nok bøker heime? Jau, men åtte bøker frå eller til kan ikkje skada – frå supper og brød på dansk, til alvorleg internasjonal samfunnsdebatt.


Feriefotografen, I

( Eg oppdagar at desse bileta var lagde ut for kort tid sidan, med ein annan tekst. Det får gå for denne gongen, men eg skal skjerpa meg!)

Forfattaren Lars Forsell siterer komponisten Stravinsky, som skal ha sagt at «musikk er musikk er musikk». Sjølv hugsar Forsell då han var på ein konsert og lytta til Beethovens sjuande symfoni med armane kring ei jente i knallraud genser. Når han seinare høyrde dette verket var det alltid knytt til minnet om den raude genseren.

Slik er det med den ferierande fotografen òg. Eg vandrar i ein klosterruin ved Vättern ein blå, varm kveld og tek til meg ei stemning som berre er mi. Det er ein fin ange av blomar og urter. Stilla er fullkomen, berre akkompagnert av litt fuglesong. Eg undrast på korleis livet i klosteret var den tid munkane rådde grunnen.

Likevel deler eg gjerne bileta med andre, som kan ha glede av dei med andre utgangspunkt. Eit bilete er ikkje berre eit bilete er eit bilete er eit bilete.