Dagens sitat I

– Folk seier dei treng å uttrykkja kjenslene sine. Eg er sjuk av slikt. Fotografering lærer deg ikkje korleis du skal uttrykkja kjenslene; den lærer deg korleis du skal sjå.

Sitatet av fotograf Berenice Abbott er attgjeve i ei bok om ein annan fotograf, Harry Callahan. Boka er full av sitat som kan vera tankevekkjarar for oss som fotograferer. Eg kjem til å ta med mange av dei på bloggen etter kvart (Nokre har eg sitert tidlegare, men folk gløymer så fort…)

I tida framover kjem eg til å leggja ut færre foto på bloggen, kanskje berre eitt til to om gongen. Eg tenkjer ofte at eg har så lite å bidra med, men eg vert irettesett om eg seier det høgt. Eg kan også seia høgt at eg er ein sabla flink fotograf, og då får eg høyra at eg må jekka meg ned. I dag bladde eg fort gjennom ein del fototidsskrifter i min lokale Narvesen-kiosk. Det gav meg ikkje så mykje. Som eg har sagt før, mengda av bilete gjer meg blind. Eg må mura meg inne skal eg kunna pusta fritt.

Dagens foto er begge av industriell karakter, ting som er på veg inn i den evige gløymsla. Den rustna strengen fiska eg opp av ein vasspytt. Dei store konstruksjonane, som kan likna på innmaten i eit urverk, er kabeltromlar 6-7 meter i tverrsnitt. Alt har sin sjarm.




Post mortem

Alltid kjekt å få blomar. I beste fall takkar dei for seg etter ti dagar. Kronblad fell på kjøkenbordet. Eg oppdagar ei ny verd som eg oversåg då tulipanane var på sitt finaste. Eg undrar meg alltid over kva det er som bestemmer form og linjeføring på det som veks opp av jorda (eller steinullmattene). Uansett er det stort å oppleva det, og å meditera litt over det store i det små. Sett i eit større perspektiv er livet til ein tulipan berre litt kortare enn mitt eige, så kva fyller eg det med? Det er på tide å slutta å krangla med kona.



Om å ta ferja til skogs

Frå øya eg bur på kan eg ta ferje til fire ulike stader. Øya er også landfast, men for meg i feil retning. Sist veke bestemte eg meg for å reisa med ei av ferjene, som passasjer utan bil. Det gjorde godt med den førti minutts lange overfarten og ei god bok som sjeleføde. Då ferja la til kai kunne eg gå rett inn i ein skog femti meter unna, på stiar eg ikkje hadde lagt merke til før. Skogsinteriør er vanskelege å fotografera. Så eg let stort sett kamera henga over skuldra og gledde meg i staden over ein skogsbotn så mosegrøn, mjuk og trygg som eg ikkje hadde opplevd maken til. Ferja låg og venta då eg kom ned att, og la til fjords straks eg var komen om bord. På ein lite trafikert dag kunne eg kanskje opplevd å vera den einaste reisande. Forbløffande kor mykje samfunnet spanderer på ein enkelt person.

Som du straks ser, er det eine motivet gjort negativt. Straks forvandla dei små grøne blada i skogbotnen seg til ein liten flokk sommarfuglar som flagra over biletflata.


Kutt ut

Japanske Fumio Sasaki har skrive boka «farvel, ting» om korleis bli lukkeleg med færre ting.

Sasaki var mellom anna ein flink fotograf, og hadde menge eldre kamera på stas i hylla. No er dei vekke, alle saman. Han har òg kasta ei mengd foto.

Spaltisten Tim Clinch i Black+White Photography er også luta lei den enorme mengda  bilete som dagleg pressar mot netthinnene. Han rår fotografar til å roa seg. Prøv eit år å leggja til sides mesteparten av fotoutstyret. Avstå frå gatefotografering. Avstå å etterlikna motiv det har gått inflasjon i, som til dømes mjølkekvite fossar/vatn og utviska skyer.

Men ikkje høyr på det mora di seier! Fotografér av hjartans lyst, og imitér av hjartans lys! Klassikaren Ansel Adams har rett nok gjort det meste betre enn deg, men eg vart forskrekka (og letta) då eg oppdaga nyleg at Adams også har presentert foto som ikkje er mykje å skryta av. Han er ikkje Gud. Det er berre sunt å kopiera dei gamle meistarane, så sant målet er å frigjera seg frå dei og skapa sitt eige uttrykk.

Er du ihuga fotograf, så kast 90 prosent av fotoa som er tiltenkt harddisken. I ettertid vert dei likevel sjeldan tatt fram og sett på. Det er hjarteskjerande.

Tre av motiva nedanfor er knytte til sjøen. Plastposar fotograferer eg stadig, og det er ikkje mange som hamnar i arkivet. Dette er ein av eg likar.


Får ikkje tak i det

Kunst blir uangripeleg dersom det ikkje er lov å harselera med han. Eg opplever like mykje at ein del av samtidskunsten driv ap med meg og mange andre. Eg godtar at eg ikkje skjønar, og at eg kanskje går glipp av noko stort. Men dermed vert også kunsten likesæl eller lattervekkande for meg.

Kunsten til Lisboa-baserte Emily Wardill har ein slik verknad. Fram til 26. mars stiller ho ut i Bergen Kunsthall. Arbeida er delt i tre under fellestittelen «Matt black and rat»:

1. Film fordelt på to rom

2. Skjorter på vegg

3. Bokstavar fordelt tilfeldig på mørke, innramma flater (rayogram)

Fem skjorter er dyppa i gipsvelling og hengde på vegg etter dei er størkna. Berre ei skjorte på kva vegg. I det største rommet er eine langveggen ubrukt. På golvet gaular ein høgtalar. Bokstavane i den eine ramma er strødde tilfeldig på flata. På den andre dannar dei spegelvende personnamn. Eg forstår det ikkje, og grip difor til bruksrettleiinga. Kunstverka  « – handler om kommunikasjonens ugjennomtrengelighet. I disse arbeidene iverksettes ulike tilstander av flytende omskiftelighet og overskridelse, hvor fysiske gjenstander antar talens poetiske og flertydige tonalitet.» Som eg skulle sagt det sjølv.

«Både skjortene (som referer til origami) og rayogrammene (som refererer til konkret poesi), er uttrykk for én forms ønske om å bli til en annen form; flatt papir som forsøker å bli tredimensjonalt eller ord som vil bli bilder.» Som eg skulle sagt det sjølv. Når forklaringa ikkje skjønar seg sjølv og hyller seg inn i steinull, glava, saueull og tjukk røyk, då er det på tide å koma seg ut i frisk luft.

Det siste fotoet er mitt. Her drøftar eg, i ein visuell parafrase, forholdet mellom marxistiske teoriar og den endelege løysinga slik proletariatet opplever det, sett i lys av postmodernismens eskapisme. Nesten som eit gravferdsrituale: Av blod er du komen, til blod skal du bli.

I går var det null grader, eit tynt islag på vatnet med eit tynt snølag og eit tynt lag med sol oppå der att. Forstå det den som kan.


Utstillinga

Igjen viser eg fotografi i dette fine galleriet utanfor alfarveg. Lokala minner mest om eit gamalt bedehus, veggane er måla lyse. Utstillinga tek seg godt ut og eg tenkjer ikkje på om det er bra nok. Eg skal sitta her i to timar kvar dag i nokre veker. Å sitta her høyrest kjedeleg ut, men er det ikkje. Det vert rom for meditering. Livet legg seg i ein tilstand av dvale og tida renn fort. 

Eg prøver å skriva ned nokre ord. 

I vintermørket utanfor hastar skuggar forbi, travle. Eg byrjar filosofera over galleri og utstillingar. Tenker på holemaleria i Alsace, laga av eit menneske for tretti tusen år sidan. Teikningar av dyr, i lag utanpå einannan, langt inne i ei grotte. Denne mannen (av ein eller annan grunn tenker eg på han som mann) var nok ein viktig person, ein sjaman som kunne skapa magisk liv med mold og kol på ein steinvegg.

Bileta mine verkar nesten like utilgjengelege i dette galleriet som dei i grotta i Alsace, eg innbiller meg at det er litt magi her òg. For mange er slike kunstgalleri noko ein nødig vil innlata seg med. Folk har ikkje tid til slikt. Magien i liva våre er borte, overfløymde som me er av allslags visuelle uttrykk.  Det overnaturlege finn ein helst på TV. i Åndenes makt.

Ny forsyning

Eg hadde nesten gjeve opp favorittområdet «mitt». Dei siste åra er det sakte men sikkert blitt tømt for metallavfall og anna rusk og rask. Eg stikk innom av og til, som på refleks, eller som på imperativet: gje aldri opp.

Og forsyne meg, det var litt å finna sist eg var innom. Dei som kjem med nytt skrap må ha lese tankane mine. Lite lys og kaldt, og ja, eg skulle hatt stativ og eit anna kamera. Men det er betre å ta bileta der og då enn å risikera at motivet er borte når eg kjem kjem att med fullt utstyr og pelshue. I motsetnad til dyre- og fuglefotografen veit eg at motiva mine står i ro. Utfordringa er å finna dei og å få fram essensen i noko som i utgangspunktet ser vonlaust ut.


Bred dina vida vingar

… heiter det i ein svensk song. Uttrykket er religiøst, og passar i grunnen ikkje til desse bileta.

Men først, dette er innlegg nr. 200 sidan denne bloggen vart oppretta. Det har vore fotobloggar meir kortliva enn denne. Eg feirar med te og eit par kakekjeks.

Og så til vindmøllene på Fitjarfjellet. Det første fotoet er av to bambusblad, med eit samla vengespenn på 7 cm. Motivet har ein viss slektskap med foto nummer to. Men på ei kommersiell mølle er kvart blad på ca førti meter. Eg  var blant vindmøllene ein gong i fjor òg, men måtte gje tapt for regnet før eg kom til topps. Denne gongen var det kald vind og drivande skyer. Har du sett éi vindmølle, så har du sett alle. Og like monotont svisjar dei rundt så sant vinden er lagleg.

Sist var himmelen grå og danna eit anna bakteppe enn denne gongen. Når eit fargefoto vert gjort om til svart-kvitt, kan du sjonglera med alle fargane På det øvste av dei to nederste er blått kraftig mørkna, og gult (graset) er lysna. På det andre er begge fargane lysna.

No er møllekvoten fylt for lang tid framover.


Fellesnemnaren

Nokre dagar når eg går tur, kjem mosjonen i første rekkje. Fotograferinga blir tilfeldig. I beste fall oppstår det ein fellesnemnar som ikkje er tilsikta. Desse bileta frå sist veke er tekne i småregn eller skodde, og då er det nesten uunngåeleg at silhuettane dominerer. Dei er mest som skrifteikn, enten dei står mørke mot lys bakgrunn eller lyse mot svart bakgrunn. Dimensjonane varierer også sterkt. Det er teikn som brytest ned av naturen sjølv, i varierande tempo.

Dagar med såkalla drittver er like utfordrande som solskinsdagar for somme av oss.


Kva skal fylla eit foto?

Hittil i vinter har det vore vanskeleg å hosta opp nokon entusiasme for totgrafering. Eg les fotobøker og -tidsskrift for å bli inspirert. Så ser eg ut vindauga, og der er alt hundre gonger tristare enn det eg ser i blad og bøker. Men dei få gongene sola og frosten har gledd meg, så har eg trass alt kome heim med med noko som er blitt arkivert. Til arkivet, til arkivet… det er nesten som eit mareritt. Eg har to foto på vegg heime. Det eine av dei er ikkje ein gong mitt.

I dag las eg eit råd eg har høyrt mange gonger: Bannlys detaljar i motivet som ikkje gjev meining i biletet. Ver kritisk til det du ser i søkjaren.

Som motsats kan det vera verdt å minnast det Roland Barthes seier om den vesle, uvesentlege detaljen som dreg auga til seg, og som beint fram kan irritera; det er stundom nett den detaljen som kan gjera biletet verdt å sjå.

Bileta her er frå sist veke.