på fjellet

Hei Gunnar

På laurdag var eg på ein fin fjelltur på Ørskogfjellet.

Skulle berre ha ein god trimtur, men kamera var jo med.

Og det var jo utruleg tørt.

Fann ein blomst som eg ikkje finn ut av, kanskje du finn

ut av det.

var på same turen på søndag saman med Gudrun og Hilde 

og familien. Da hang skodda ned på vatnet og i dag er det

gråver, så fineveret er vel slutt for denne gongen. Men vi treng

regn og , i alle fall ein del.

Lars

 

 

 

Den sola, du!

Dagens sitat: Arbeidet mitt ligg alltid nokre steg før meg. Når eg har kamera i handa kan eg ikkje seia kvifor eg fotograferer på ein bestemt måte, og slett ikkje kvifor eg i det heile gjer det. (Edward Weston, amerikansk fotoograf)

På ein ferietur til Sverige nyleg hang sola over oss heile dagane. Det minte om Weston. Han budde i eit område i USA med mange soldagar, og han tok stort sett bra bilete av kontrastfylte motiv. Så det er sutrete å klaga over sola.

Seint ei kveld i Sverige oppsøkte me ein klosterruin som låg i skuggen av ein åsrygg. Det var heilt ideelt for fotografering. Noko anna er det om eg greier å formidla opplevinga mi. Her tre av bileta:


Utanfor støyen II

På slutten av 1600-talet skreiv Henry Purcell musikkstykket «The fairy queen», bygd over «Ein midtsommarnatts draum» av William Shakespeare. Ein av songane heiter «Hush, no more music for a while». Ver stille ei stund; ingen lyd.

Gjev detvar så vel.

Det er slik enkelte fotografar arbeider. Dei vil vera åleine og ha det stille kring seg. Bileta som ligg ved teksten er tatt lant frå lyd og menneske. Likevel inneheld dei masse lyd, ein etterklang frå ei nær fortid. Restar av sivilisasjon og kultur. Det gamle må bort om me skal få plass til noko nytt, også kameramodellen frå i fjor. Dei som vil vera for seg sjølv går med i dragsuget enten dei vil eller ikkje.

Bileta er frå stader dominert av avfall. Heldigvis vert mykje resirkulert. Det som snik seg vekk snakkar me ikkje om så sant det ikkje dukkar opp som eit trugsmål mot vårt velvære eller eksistens.


Utanfor støyen

Erling Kagge har skrive boka «Stillhet i støyens tid». Han veit kva han snakkar om. Han har mellom anna gåtf åleine på ski til Sørpolen. Han skriv også om den moderne rastløysa: «Jeg fortsetter å google, også tyve minutter etter jeg har funnet det jeg leter etter. Ja, jeg forstår det er en banal situasjon å befinne seg i, men jeg synes det ofte er lettere å fortsette enn å avslutte. Ja, jeg sjekker nettsteder, selv når jeg akkurat var innom og vet hva som står der. Og mister litt kontroll over livet mitt i samme slengen. Det er rett og slett ganske meningsløst».

Med dette i tankane reiser eg og ein kamerat til strendene på Karmøy. Midt i arbeidstida ein vanleg kvardag når det er minst folk der. Det er viktig å halda kjeft og å gje den andre tid til å rusla på eiga hand. Eg tek inn i meg det svake bruset frå bølgjene og følgjer skyene over himmelen. Det er som ein hypnose, som å verta reinsa innvendes for alle plagsame tankar. Det er tid for undring. Korleis kom den store steinen dit? Kor kjem all den kvite sanden frå? Det finst svar, men der og då treng eg dei ikkje.

Åkrasanden og Sandvesanden har ulik karakter, og dei byd på noko nytt kvar gong me er der. Sjølv eit sivilatorisk inngrep som to maskinbor i fjellet skaper ro og heilskap.

Kanskje googlar me når me kjem heim, men strendene har i alle fall gjeve oss eit tiltrengt pusterom som varer lenge.


Kontrastar II

Det er lite samanheng i denne bloggen. Slik skal det også vera. Reinare og meir minimalistisk enn det Lars Bø bidrar med denne gongen skal godt gjerast. Sjølv har eg valt ein detalj frå ei fjellskjering langs ein turveg. Fjellskjeringar er noko me fyk framom når me sit i bilen. Eg har ein mistanke om at me går glipp av mykje.

'Gå glipp av' – ja, stundom vert det for mykje av det gode, eller det likegyldige. Kven veit kva blinkskot me går glipp av om me ikkje er på farten 24 timar i døgret. Alle fotografar kan ha nytte av dette siatet av John Maxwell: «Du kan ikkje overvurdera det det uviktige av nesten alt».

Kast ting, foto eller kva det måtte vera, men hald meg utanfor.

Det er sjeldan eg fotograferer menneske. I mai får eg sjansen til å vera offisiell fotograf for ein konfirman og eit stort bryllaup. Det er så skræmande at eg vert heilt skjelven. Men det er òg velsigna å av og til koma vekk frå alt skrot og skrammel som berre fotograferast.


Kontrastar I

To foto som er milelangt frå kvarandre. Det går, det òg. Det øvste er tatt av fotokollega Lars Bø. Han har vore i vinterfjellet ein skoddedag. Det kan lokka fram minimalisten i deg.

Det eg har gjort ligg litt utanfor folkeskikken. Ikkje langt frå der eg bur vert det laga eit nytt bustadfjell. Då vert det bora og sprengt i råtafjell. Fjell som har vore inneslutta i seg sjølv i millionar av år kjem brått for dagen. Biletet er for mørkt til å henga på stoveveggen. Fotoet til Lars, derimot,  høver godt på ein vegg – lyst, lett og stille som det er.

Ein annan tidvis bloggar på denne sida har gjeve ut fotoboka «Tupilak». Det er ei lita handlaga bok som Frank Biringer har lagt mykje omtanke og fantasi ned i. Når Frank ruslar i fjøresteinane, finn han fine ting som han tar med seg heim og fotograferer i eit atelier laga for formålet. Han opplever at nokre av tinga har ei kraft i seg som vanskeleg let seg definera. Tupilak er namnet på ting inuittane finn i naturen, og som dei tillegg ei magisk kraft dei kan venda seg til (talismanar). Tinga til Frank er fotografert i ein atmosfære langt frå den inuittiske. Så får sjåaren finna ut kva som fungerer eller ikkje. Boka kan kjøpast i Galleri Giga på Stord eller hjå Rammemakaren same stad.


Om å bryna ein ljå

Litt over tre månaders pause får greia seg. Eg gjekk lei, men oppdaga at eg fotograferte like mykje som før, trass i at eg er så ambivalent til mediet. I vinter hadde eg stor glede av motiv med snø og is.

Eg lovde meg sjølv at eg skulle slutta å kjøpa fototidsskriftet «Black+White Photography», mørkt og trist som det ofte er. Den lovnaden braut eg. I sist nummer blir fotografeb Josh Lustig sitert: Ei kardinalsynd som ofte går att hjå fotografar, er at portfolio ofte inneheld foto som fotografen ikkje er hundre prosent nøgd med. Dette går også att på nettsider. Dersom du ikkje er hundre prosent nøgd kvart foto, så kutt dei ut. Mindre er ofte meir, seier Lustig.

Der fekk eg den. Lustig viser ein biletserie av myrområde nær London. Eg kunne tenkt meg å kutta ut minst halvparten av dei. Men eg greier ikkje å sjå kva som er bra og mindre bra av eigne foto.

Dagens visdomsord er av Olav H. Hauge: Før du lærer deg å dikta, må du ha lært deg å bryna ein ljå. Det er alt eg har å seia om kunsten.

I dag har eg med ein gjestebloggar, naturfotograf Lars Bø frå Møre og Romsdal. Dei to øvste bileta nedanfor er hans. Det siste er mitt.


Pause

Glenn Gould var ein av dei store pianistane i si tid. Fullsette konsertsalar, stormande applaus. Midt på 60-talet orka han ikkje meir applaus. Det var støy tilført som eit slags crescendo etter at siste tangent var trykt ned, og kanskje ein slags massepsykose: dei andre klappar, då må eg òg.

Gould slutta heilt med konsertar. I staden spelte han musikken inn på plater, slik at den enkelte kunne lytta til musikken når han ville, og utan å klappa.

Det er litt verre med fotografiet. Bileta våre kan ikkje spelast inn på plate. Me synest å vera avhengige av applausen, sjølv om han berre kjem glimtvis og i små mengder. Difor bloggar eg, endå eg veit at eg ikkje når fram til så mange. Eg var frimodig nok til å spørja ein kaféeigar om lov til å stilla ut, og fekk ja. Kanskje eg spør fleire kaféeigarar. Både eit ja og eit nei er til å bera. Målet er også å laga nokre bøker når desembersjauen er over.

Frå no av vert det ikkje fleire blogginnlegg frå meg før seint på våren.

Bileta i dag er frå mine isvandringar i dagane rett etter frosten kom. Det er ei stille glede ved det å gå på isjakt, å oppdaga variasjonar og den stille musikken i naturens eigne komposisjonar. Her er ingen intenderte konsept eller problematisering av samfunnsforhold. Eg kom heim med tolv motiv eg var nøgd med. Tre av dei får vera nok denne gongen.

Integritet?

Eg trur framleis at ein kunstnar (hald meg utanfor) må skapa sitt eige, utan å la seg styra av andre. Det heiter personleg integritet. Men er det så gale, medvite, å skapa noko som andre likar? Eg treng ikkje gå på akkord med meg sjølv av  den grunn. Nyleg våga eg meg inn i ein kafé eg likar godt og spurde om dei ville ha nokre av bileta mine på veggene. Dei sa ja. Eg vart beintfram forundra. Kanskje vert det til glede for nokre av gjestene. Og for meg er det heile poenget.

– Alt er interessant, sa Henri Cartier-Bresson. Eg er nesten hundre prosent samd. Dei tre bileta nedanfor støttar påstanden. Eg måtte prøva eit anna utstyr enn det eg til vanleg brukar, og så vart det slik.