Fråflytta

Det er vemodig med fråflytta hus eller hus i forfall. Det finst ulike svar på kvifor det blir slik. Eg har ikkje tenkt å legga meg bort i den sida av fenomenet. Eg har vore inne i fleire slike hus, nokre gonger utan å spørja om lov, og med ein viss fare for liv og lemmer. Dei gongene eg spør får eg som oftast lov.

I dette huset er mykje av interiøret intakt, om enn noko kaotisk. Det skal demonterast og byggast opp att på ei ny tomt. Inventaret vitnar om ein familie som var samfunnsengasjert, med eit breidt spekter av interesser. Av gode grunnar kan eg ikkje visa kva som helst, men nokre få glimt. Frå desse albumsidene har nokon rive ut foto som dei kanskje vil ha i si eiga samling. Dermed står enkelte albumblad tomme.

På det øvste biletet er blyanttekstane fjerna med tanke på anonymisering.


Medan du ventar på bussen

Somme stader har både unge og vaksne dekorert bussventeskur med motiv av ulik kunstnerisk gehalt. Den best gjennomførde dekorasjonsrekka eg hittil har sett er ved riksvegen langs nordsida av Sognefjorden, heilt frå Lavik til Sogndal.

Dei fleste venteskura er grå og keisame. No er det blitt fleire av klar akryl som er vanskelege å dekorera, med unntak av reklame. Men framleis dukkar det opp godbitar her og der. Skuret med gardiner og puter er frå Klövsjö i Sverige. Dei andre er frå Sveio i Hordaland (Vestland: Fysjom). Somme stader er det nauren som skaper bakgrunnen. Det fine med venteskura, frå fotografens synspunkt, er at det er ei busslpmme som er grei å smetta inn i med bil. Dermed har du motivet rett framfor deg. Med unntak av urbane strok er det langt mellom bussane.


Moro med ballar

Det er triveleg med siloballar, særleg om ein ser det skulpturelle ved dei. Studentar på norske kunsthøgskular gjer det ikkje betre. Dei er også ein fin vegg der ein kan annonsera eller uttrykka politiske meiningar. Kva skal ein med spalteplass i avisa når ein har balleplass? Då eg såg denne gilde ballehaugen tenkte eg at her er det jamen mange kyr på båsen. Men nei, alle ballane er selde, og det står ikkje ei einaste ku i fjøset. Mjølkeproduksjonen er nedlagd, endå garden har alle føresetnader for drift.

Ei anna side ved balleproduksjonen er plastureininga. Bønder er stort sett flinke til å senda balleplast i retur, men det vil alltid vera svinn. Det hjelper lite å pynta på realitetane med ein regnboge, men velkomen var han då han brått dukka opp.



Landbruket

Dei gule engene er eit etter måten nytt fenomen på mine kantar. Før var dei grøne etter siste slåtten. No er mange av dei gule – ikkje av naturlege grunnar, men av di dei er lagde brakk av kjemikaliar. Bonden, og andre, blir sikkert forsikra om at dette er ufarleg. Kvar gong eg ser ein slik flate undrast eg på kor mykje av sprøytemidlet som overvintrar, som påverkar mikroorganismane i jorda, og som blir tatt opp i neste års avling. Det finst areal som blir langt kraftigare sprøytte enn dette, og det er ikkje til å unngå at litt av det hamnar i menneskekroppen. Det fotograferte området er i Ølen. Biletet med siloballane og grantrea er frå Etne Det same er siloballane i solnedgangen, Det er svært sjeldan eg fotograferer solnedgangen, men her var det ingen veg utanom.

Det siste motivet har eg fotografert før, men eg gjer det gjerne på nytt. Eg vonar desse særmerkte betongsiloane vert freda- Eg trur dei er frå ei tiid då engene ikkje vart sprøyta.


Svinnet

Fascinasjonen min for søppel aukar i takt med søppelmengda. Diverre (!) har det vorte mindre søppel i nærområdet, og bra er det. Men med auka handel og forbruk er søppel framleis eit stort problem i verda.

Plasten og metallboksane er fotograferte på baksida av ein butikk. Ordet Infinitum på den eine sekken gjorde meg nyfiken. Eg likar ikkje å vedgå det, men eg gugla. Det viser seg å vera namnet på eit norsk selskap som samlar brukt drikkeemballasje for attvinng. Arbeidet er fordelt på Sverige, Danmark og Tyskland. Drit i transporten, den er sikkert berekraftig, men kvifor kan ikkje Noreg ta på seg dette arbeidet? Ja, ja, eg veit det kostar for mykje.

I heile verda blir det brukt 20.000 drikkeflasker av plast kvart sekund. Forbruket i Noreg er på 600 millionar panteflasker kvart år. 87 prosent av dei vert panta.


Jesus og Johannes

Eit tema som går att i mange eldre kyrkjer er nattverden; det siste måltidet Jesus hadde med læresveinane før han døydde. I Nore stavkyrkje (første foto) er det nære forholdet Jesus hadde til ein læresveinane, Johannes, sterkt framheva. Johannes er framstilt som ein skjegglaus ungdom. Alle dei andre læresveinane har skjegg, I tillegg held Jesus eine armen sin vernande kring overkroppen til Johannes.

Bibelen nemner ikkje namnet på den læresveinen Jesus elska, men dei lærde har kome fram til at det må vera Johannes. Det har også vore spekulært på kva slags kjærleik det var snakk om. Var det reint platonisk, eller hadde det undertonar av eros? Det får me truleg aldri veta.

På altartavla i Nore ser det ut til at læresveinane er midt i ein oppheta diskusjon. På altartavle i Uvdal stavkyrkje (andre foto) er situasjonen meir avmålt og barnsleg framstilt, men Jesus held også her armen kring Johannes. Det same er tilfelle i Väskine kyrkje på Gotland (middelalderkyrkje i, kalkstein) (tredje foto). Her har alle læresveinane blikket retta mot 'fotografen', og alle har gulblondt hår.

Når eg først er innom stavkyrkjer, tek eg også med eit motiv frå Hopperstad i Vik i Sogn. Det er ein baldakin frå om lag 1300-talet som under himlinga viser Jesu fødsel og flukta til Egypt.


Akademisk kunst

Kunststudentane på Universitetet i Bergen siller i haust ut masterarbeida sine. Dei 21 studentane er fordelte på dei fleste verdsdelane. All informasjon er på engelsk, også den forvirrande og rotete instruksjonavisa som mellom anna har eit blasst og dårleg svartkvitt-foto av kvar student. Utstillinga inneheld dei fleste sjangrar i moderne kunst. Her blir både kjønnsroller og politiske tema «drøfta».

Det øvste biletet viser ein installasjon av tøyfiller. På den gule puta er det notert at her er det performance kvar laurdag. Eg vart irritert over at eg dermed ikkje fekk med meg heile masterutstillinga avdi eg kom på feil dag. Personen på det andre biletet er ein tilfeldig publikumar og ikkje ein del av installasjonen.

Det hender enkelte ting forblir uforståelege og til dels irriterande same kor mykje tid eg brukar på det. Andre ting kan vera uforståelege, men likevel vakre. Det nest siste verket viser eit øydelagt bussventeskur som ligg i ein haug av knust betong. Utanfor vindauga ser med deler av skulpturen «Rød vind» av Arnold Haukeland. Det siste biletet viser eit figurativt maleri som gjev grunnlag for mange refleksjonar.

Det er lett å godta at eg ikkje skjønar alt, sjølv med uforståeleg forklarande tekst. Tilmed akademisk utdanna kunstkritikarar tek seg rett til å kalla deler av den moderne kunsten for søppel.


Inn i undringa

Den store verda er der ute. Det er sant, men den store verda er like mykje heime i hagen. Det meste av det som kjem opp av jorda gjev grunn til undring, og pirrar den kunstneriske og estetiske sansen hjå mennesket, Mange av desse plantene er foredla av planteforskarar, men sjølve viljen til å vera eit levande vesen ligg utanfor vitskapens domene. Dessutan er det overmodig av mennesket å kalla det livsvilje, for det legg vår eigen avgrensa tolking av fenomenet til grunn. Eg har lese mange religiøse variantar av synet på planter som guddomelege eller heilage. Ei av desse bøkene skreiv om den heilage basilikum; ein plante blant mange du kan kommunisera med. Forsyne meg drakk eg ei tid te av basilikum ut frå tanken at det kan i alle fall ikkje skada.

Men la oss venda attende til det visuelle som gjev oss så mange gleder. Eg kan ikkje namnet på alle dei som vert viste her, men det gjer ikkje noko.


Noreg på tvers

Mest brukte vegane mellom vest og aust i landet er Hardangervidda og Haukelifjell. Den vinterstengde Suleskarvegen mellom Agder og Rogaland hadde eg ikkje høyrt om før eg reiste der midt i juni. Det var ei fin oppleving, med skyfri himmel og vindstille. Midtsommars har den smale, men stort sett beine vegen, liten trafikk. Høgste punktet er litt over tusen meter. Der var brøytekantane høge.


Kunst i Bergen II

Amerikansk-libanesiske Simone Fattal er ei av det store internasjoanle namna i kunsten, og for tida fyller ho alle rom i Bergen Kunsthall. Arbeida hennar omfattar foto, maleri, teikningar og leirfigurar. I introduksjonen til Fattal heiter det at arbeida hennar er«knapt formgitt». Det er presist sagt. Hadde eg ikkje blitt informert av ein kurator, kunne eg trudd trudd dette var resltatet av småskuleelevars leik med ulike formingsverktøy.

Eit av arbeida har også ein sterk politisk bodskap. Finn det ut sjølv.