Moro med ballar

Det er triveleg med siloballar, særleg om ein ser det skulpturelle ved dei. Studentar på norske kunsthøgskular gjer det ikkje betre. Dei er også ein fin vegg der ein kan annonsera eller uttrykka politiske meiningar. Kva skal ein med spalteplass i avisa når ein har balleplass? Då eg såg denne gilde ballehaugen tenkte eg at her er det jamen mange kyr på båsen. Men nei, alle ballane er selde, og det står ikkje ei einaste ku i fjøset. Mjølkeproduksjonen er nedlagd, endå garden har alle føresetnader for drift.

Ei anna side ved balleproduksjonen er plastureininga. Bønder er stort sett flinke til å senda balleplast i retur, men det vil alltid vera svinn. Det hjelper lite å pynta på realitetane med ein regnboge, men velkomen var han då han brått dukka opp.