Akademisk kunst

Kunststudentane på Universitetet i Bergen siller i haust ut masterarbeida sine. Dei 21 studentane er fordelte på dei fleste verdsdelane. All informasjon er på engelsk, også den forvirrande og rotete instruksjonavisa som mellom anna har eit blasst og dårleg svartkvitt-foto av kvar student. Utstillinga inneheld dei fleste sjangrar i moderne kunst. Her blir både kjønnsroller og politiske tema «drøfta».

Det øvste biletet viser ein installasjon av tøyfiller. På den gule puta er det notert at her er det performance kvar laurdag. Eg vart irritert over at eg dermed ikkje fekk med meg heile masterutstillinga avdi eg kom på feil dag. Personen på det andre biletet er ein tilfeldig publikumar og ikkje ein del av installasjonen.

Det hender enkelte ting forblir uforståelege og til dels irriterande same kor mykje tid eg brukar på det. Andre ting kan vera uforståelege, men likevel vakre. Det nest siste verket viser eit øydelagt bussventeskur som ligg i ein haug av knust betong. Utanfor vindauga ser med deler av skulpturen «Rød vind» av Arnold Haukeland. Det siste biletet viser eit figurativt maleri som gjev grunnlag for mange refleksjonar.

Det er lett å godta at eg ikkje skjønar alt, sjølv med uforståeleg forklarande tekst. Tilmed akademisk utdanna kunstkritikarar tek seg rett til å kalla deler av den moderne kunsten for søppel.