Teknisk engelsk

Dette er eit ekte intervju, henta frå Oslo Kunstfotoskole si norske nettside. Intervjuet omhandlar ei fotoutstilling med intervjuobjektet sine sjølportrett. Les og lær.

L.A.B-S: What are the implications of choosing the word ‘beyond’, as opposed to ‘behind’ the veil for the title of your latest series Beyond the Veil?

G.M: Since several of my works contain some kind of drapery, to use ‘behind’ would be a mere description of what you see and would give no encouragement to go any deeper. ‘Beyond’ brings ambivalent notions to the work. The ‘veil’ doesn’t have to suggest a covered-up physical space; it might refer to a different type of concealment that has to do with the mind and the body.

L.A.B-S: This new series has shed the more narrative framework of the Plucked series, shown at MELK, Oslo, in 2010. Where Plucked placed its subjects within the confinements of the home, Beyond the Veil has no such references or narrative. Its surroundings are neutral, allowing the subjects’ performativity to surface.

G.M: Yes, definitely. The staged approach is a strategy to let the viewer know that the images have been made from nothing, and for a reason – in a sense it calls out for closer inspection. And by narrowing the storytelling part, I want to create an openness that facilitates the viewer's subjective notions instead of a specific reading as such. The unresolved scenarios help this approach along, as there’s no immediate interpretation to hand.

L.A.B-S: Your visual language brings to mind glossy mags and even soft porn, with a lot of unintrusive nudity. Why use this language?

G.M: The challenge is to bring in a language rarely seen in the gallery, questioning what that kind of decontextualising or mixing of genres does. I mean, they might seem a bit too much, but that doesn't make them any less serious. My aim is to present something enticing, and hopefully it'll serve as a threshold for further readings, in this case about gender issues and the self.

L.A:B-S: Underscored by the use of mirrors in some of the work.

G.M: Yes, I'm not that interested in the theoretical aspects of the mirror in photography. It's rather a tool for how we scrutinise our own selves and the selves of others; how we relate to being looked at and how we look at each other. Take for instance Double Exhaustion depicting a young woman mirroring half her body positioned on the floor, her legs spread on either side of the full-sized mirror. At first glance it's a sexualised theme, it plays with the male gaze, but for me her own gaze is just as important. In today's image culture how do we mirror ourselves? Through which eyes do we see? The image widens the series, which contemplates the human condition through a myriad of images.

L.A.-S: Yes, because the other subjects within this series are male, so she adds complexity simply by her gender. It's not this one idea of masculinity, but in what way we view the images. 

G.M: Masculinity and male sexuality have changed a lot in just one generation. My father and I had vastly different expectations put on us as young men, especially when it comes to ideals concerning the body. The male nude is a scarcity, and I decided early on that one of my focal points would be just that: semi-nude guys. It doesn't have to be about homoeroticism, though it is a possibility that it might be seen that way, which I have no problem with – I even find it fruitful. It underpins a big part of my project, dealing with how we read images in our everyday lives. It's interesting and unpredictable what happens when one starts to cross genres or decontextualise an image. It baffles people, but further still, it confronts the viewer's prejudice and self-awareness.

Sitat slutt.

Utstillinga

Igjen viser eg fotografi i dette fine galleriet utanfor alfarveg. Lokala minner mest om eit gamalt bedehus, veggane er måla lyse. Utstillinga tek seg godt ut og eg tenkjer ikkje på om det er bra nok. Eg skal sitta her i to timar kvar dag i nokre veker. Å sitta her høyrest kjedeleg ut, men er det ikkje. Det vert rom for meditering. Livet legg seg i ein tilstand av dvale og tida renn fort. 

Eg prøver å skriva ned nokre ord. 

I vintermørket utanfor hastar skuggar forbi, travle. Eg byrjar filosofera over galleri og utstillingar. Tenker på holemaleria i Alsace, laga av eit menneske for tretti tusen år sidan. Teikningar av dyr, i lag utanpå einannan, langt inne i ei grotte. Denne mannen (av ein eller annan grunn tenker eg på han som mann) var nok ein viktig person, ein sjaman som kunne skapa magisk liv med mold og kol på ein steinvegg.

Bileta mine verkar nesten like utilgjengelege i dette galleriet som dei i grotta i Alsace, eg innbiller meg at det er litt magi her òg. For mange er slike kunstgalleri noko ein nødig vil innlata seg med. Folk har ikkje tid til slikt. Magien i liva våre er borte, overfløymde som me er av allslags visuelle uttrykk.  Det overnaturlege finn ein helst på TV. i Åndenes makt.

Betty

 

Fyrste gong eg såg dette biletet måtte eg straks finna ut kven som hadde laga det, så flott som det var.  Biletet, det heiter Betty, er eit maleri, måla i fotorealistisk stil. Skaparen er Gerhard Richter, ein av de mest kjende tyske kunstnarane etter krigen. 

Richter er i dag ein eldre mann. Med ein stor og omfattande produksjon har han sett djupe spor etter seg, og påverka ein heil generasjon av kunstnarar, skal ein tru kunstleksikona. Nokre av arbeida hans er omstridd av kritikarane, fleire meiner kan bikkar mot klisjèane.

Richter er allsidig og har arbeida både abstrakt og (foto)realistisk. Påverknaden frå fotografiet skin ofte igjennom. Han har uttalt at etter krigen har fotografiet blitt viktigare enn maleriet, og at maleriet bør streva etter å facinera like mykje som fotografiet. Enkelte kritikarar viser til Richter som døme på det som har hendt maleriet i etterkrigstida. At det har blitt mindre viktig som kunstuttrykk.

Men tilbake til Betty. Ho er som sett gjennom eit kameraobjektiv med tydeleg djubdeskarpe. Det er ei kvinne i ei slåande kvit drakt med raude blomar, fanga akkurat i det ho snur seg vekk. Eit portrett utan andlet, det er drakta ein først legg merke til. Eg må lura på posituren, kvifor er ho fanga akkurat når no snur seg? For meg er Betty ei hyllest til fotografiet. Den fryste augneblinken si gåte. Det var ei av dei første bileta eg såg som fekk meg hekta på kunst. Og på fotografi.

 

Bursdagen og kameraet

To bilete frå ei bursdagsfeiring. Dei er tatt tidleg om morgonen med mitt sære og litt latterleggjorte kamera, Sigma DP 2 Merrill. Det er handhalde på ISO 400, og utan innebygd stabilisering er resultatet overraskande bra. Lyset er såvidt tilstades, derfor ein del undereksponert. Ja, det var teknikken. Så det så.

Det som var

Den lyse åstida nærmar seg, og kva passar vel betre enn å henta fram haustlege snapshots for å minnast det som var.

Å ha ein hang mot det melankolske er mennskeleg og normalt. Å laga bilete med mørke stemningar kan gje ei god kjensle. Det er for det meste sjølvterapi.

Filene er nokre år gamle, og eg vil og slå eit slag for det å sjå seg tilbake. Sjå seg tilbake og drøyma om haustmørket.




Folkeopplysing.

Dette kunst-intervjuet er kopiert inn her på bloggen i eit anfall av dårleg impulskontroll, og eg seier med ein gong unnskyld, men kunne ikkje dy meg. Intervjuet er narrativt vil eg tru.


«Performative konstruksjoner på Noplace.

I NN sin utstilling «Beyond the veil» på Noplace har han tonet ned de narrative og dokumentariske sidene ved sitt eget prosjekt, og vektlagt fotografienes tvetydighet. Vi har snakket med NN om utstillingen og forholdet mellom performative elementer og fotografi i de nye arbeidene hans.

Jeg viser et lite utvalg fra serien «Beyond the veil» som tar for seg kjønnsroller og seksualitet. I dagens samfunn fremstår disse begrepene som flytende og jeg ønsker at publikum gjør seg noen tanker rundt hvordan oppfatningen av disse skiftende og komplekse problemstillingene forandrer seg med tiden på bakgrunn av sosiologisk, kulturell og økonomisk forandring.

Arbeidene dine befinner seg ofte innenfor det vidstrakte begrepet «iscenesatt fotografi», ofte med modell, i nøye iscenesatte og til tider konstruerte omgivelser, men over de siste årene ser det ut til at performative elementer har blitt mer sentrale i arbeidene dine. Er dette en beskrivelse du kjenner deg igjen i?

Absolutt. Det starter med situasjonen foran kameraet, altså der vi begge er tilstede, som er en performativ situasjon i seg selv. Det performative for meg handler om konstruksjon, hvor også de narrative elementene spiller en rolle i hvordan publikum forholder seg til bildet. Jeg ser på det som en katalysator for videre fortolkning. Gjennom de tvetydige scenarioene skapes det ikke bare en subjektiv relasjon mellom verket og betrakteren, men også en refleksjon rundt subjektets forhold til fotografen og de sosiale implikasjonene som er knyttet opp mot fotografering i seg selv. Det er også i gjenkjennelsen av bilde som konstruksjon at ideer om motivets og kunstnerens idegrunnlag når frem.

Utstillingen er den første soloutstillingen fra din hånd i Oslo siden utstillingen «Plucked» på MELK i 2010. Hvordan vil du selv beskrive utviklingen i ditt eget kunstnerskap i lys av disse to utstillingene?

Jeg jobber for så vidt fra den samme plattformen, ved at jeg iscenesetter tvetydige motiver, men det narrative elementet er tonet betraktelig ned. I mine nyere arbeider er jeg i større grad opptatt av at det oppstår en ambivalens hos betrakteren hva angår fotografiske sjangere, opphav og troverdighet, snarere enn i det narrative. Og som en naturlig følge av det jeg sa angående konstruksjonen, er også det dokumentariske uttrykket i stor grad fjernet.»


Sitat slutt.

På villspor i prosessen

«Prosess, forløp, utvikling; naturlig utvikling gjennom flere stadier» (Store norske leksikon).

Som fotonerd er eg stadig på leit i det visuelle terrenget. Meir enn å avfotografera, eller dokumentera livet sine hendingar i seg sjøl, handlar det meste om å søka nye biletuttrykk. 

Å få innsikt gjer livet rikare, også når det gjeld noko så tilsynelatande enkelt og banalt(for mange) som fotografering. Å sjå, leita, utprøva, lesa, lytta, er ein del av den visuelle prosessen.

Det vanskelege er å stoppa i tide, vita når det er nok. Men å havna på villspor i si eiga eksperimentering er ein fint ting. Noko kan dukka opp, då vert det arkivert i fotoverktøyskassen til seinare bruk. 


Hagen

Å fotografera hagen er ein måte å meditera på. 

Ein hage er eit avgrensa område og det er ei utfordring å stadig finna nye motiv. Storblada stauder er enklast, med vide bladflater å dykka ned i med eit makroobjektiv.

Hausten er den beste årstida. Det einsfarga grøne vert brote ned, og visuelle oasar med flekkar og fargesjatteringar dukkar opp. 


Barcelona

Bareclona er ei oppleving. I haust var eg der ei langhelg saman med familien. Byen er kjend for de fleste og lett tilgjengeleg med faste flyruter frå Bergen. Barcelona innbyr til fotografering. Her finn ein alt, strandliv, hektisk storby og særeigen arkitektur.

Den stolte og sjølstendige byen er hovedstaden i Katalonia, nord i Spania ved middelhavskysten. Barcelona har ei lang og voldsom historie. Kan nemna litt, fritt etter Wikipedia.

    2000-1500 f.Kr første tegn på busetting.

    500-600 f.Kr, større busetting av laietanerarar, ei folkegruppe frå Iberia. 

    200 f.Kr, andre punerkrig. Kartagarane overtek byen og Hamilcar Barca (far til Hannibal) grunnlegg byen på nytt. 

    No overtek romarane, og byen vert eit viktig handelssentrum (det er eit stort museum i gamlebyen der ein nesten intakt romersk bydel er graven ut. Min ref.). Innbyggartal ca. 4000-8000.

    I år 415 e.Kr tek vestgotarane byen frå romarane og gjer den til hovedstad i det Vestgotiske riket.

    På 700-talet, erobrar den muslimske herskaren Al-Hurr byen.

    801, Innlemma i Frankarriket.

    985, troppane til Almanzor legg mest heile byen i ruinar.

    Grev Borell den andre tek over Barcelona, og byggjer byen opp igjen. Den kjem under Kong Aragòns krone. Det er gode tider,  innbyggartal omtrent 50 000.

    1500, nedgongstider og opprør mot kongemakta. Katalonia mistar makt og i 1715 kjem spanjolane. Philip V av Spania styrer. 

No går det igjen oppover med byen. Verdsutstillingar i både 1888 og 1892. I 1893 byrja bygginga av katedralen Sagrada Familia etter den geniale arkitekten Antoni Guadi sine teikningar. Art nouveau-katedralen er eit evig byggeprosjekt. Det er planlagt at han skal stå ferdig i 2024, 131 år etter byggestarten. Me får sjå.

Leilegheita der me budde er i ei sidegate ved Sagrada Familia, her er nokre snapshots frå opphaldet.

På stranda i byen.


I leilegheita vår.


Barcelona er ein grøn by med mange parkar.


På romersk museum i gamlebyen.


Sagrada Familia.