Å fotografera hagen er ein måte å meditera på.
Ein hage er eit avgrensa område og det er ei utfordring å stadig finna nye motiv. Storblada stauder er enklast, med vide bladflater å dykka ned i med eit makroobjektiv.
Hausten er den beste årstida. Det einsfarga grøne vert brote ned, og visuelle oasar med flekkar og fargesjatteringar dukkar opp.