Barcelona

Bareclona er ei oppleving. I haust var eg der ei langhelg saman med familien. Byen er kjend for de fleste og lett tilgjengeleg med faste flyruter frå Bergen. Barcelona innbyr til fotografering. Her finn ein alt, strandliv, hektisk storby og særeigen arkitektur.

Den stolte og sjølstendige byen er hovedstaden i Katalonia, nord i Spania ved middelhavskysten. Barcelona har ei lang og voldsom historie. Kan nemna litt, fritt etter Wikipedia.

    2000-1500 f.Kr første tegn på busetting.

    500-600 f.Kr, større busetting av laietanerarar, ei folkegruppe frå Iberia. 

    200 f.Kr, andre punerkrig. Kartagarane overtek byen og Hamilcar Barca (far til Hannibal) grunnlegg byen på nytt. 

    No overtek romarane, og byen vert eit viktig handelssentrum (det er eit stort museum i gamlebyen der ein nesten intakt romersk bydel er graven ut. Min ref.). Innbyggartal ca. 4000-8000.

    I år 415 e.Kr tek vestgotarane byen frå romarane og gjer den til hovedstad i det Vestgotiske riket.

    På 700-talet, erobrar den muslimske herskaren Al-Hurr byen.

    801, Innlemma i Frankarriket.

    985, troppane til Almanzor legg mest heile byen i ruinar.

    Grev Borell den andre tek over Barcelona, og byggjer byen opp igjen. Den kjem under Kong Aragòns krone. Det er gode tider,  innbyggartal omtrent 50 000.

    1500, nedgongstider og opprør mot kongemakta. Katalonia mistar makt og i 1715 kjem spanjolane. Philip V av Spania styrer. 

No går det igjen oppover med byen. Verdsutstillingar i både 1888 og 1892. I 1893 byrja bygginga av katedralen Sagrada Familia etter den geniale arkitekten Antoni Guadi sine teikningar. Art nouveau-katedralen er eit evig byggeprosjekt. Det er planlagt at han skal stå ferdig i 2024, 131 år etter byggestarten. Me får sjå.

Leilegheita der me budde er i ei sidegate ved Sagrada Familia, her er nokre snapshots frå opphaldet.

På stranda i byen.


I leilegheita vår.


Barcelona er ein grøn by med mange parkar.


På romersk museum i gamlebyen.


Sagrada Familia.