Haugen, siste runde

Haugen på Eldøyane er borte. Eg innleidde denne bloggen med 'haugen min', og kor trasig det var å ppleva at også den var forgjengeleg. Kubikkmeter etter kubikkmeter vart fjerna, og eg kunne ikkje gjera noko med det. Eg kunne ha lenka meg til ei av dei opprivne røtene, men det hadde berre ført til bot og tappa konto. Dei siste fotoa tok eg i slutten av april. Eit troll av ei rot låg att og klamra seg til ingenting.

Foto nr. to kunne like gjerne vore i svart-kvitt, men eg fann det sparsame fargespelet såpass avgjerande at eg valde fargar.

I bakgrunnen på siste fotoet ragar tre kranar til vers. Den til høgre er «Goliat», ein Kværner-kran som skal sprengast ned ganske snart. I midten ein av dei største søylekranane i verda. Den har russisk inskripsjon og vert på folkemunne kalla «Ivan». I bakgrunnen til venstre skimtar du den nye Kværner-kranen som har fått namnet «Storen». Den løfter inntil 800 tonn.

Men pytt, haugar og kranar er småtteri mot alt anna som vert demontert både av materielle og immaterielle verdiar i vår tid. Det kallast framsteg. I juni skal eg ein tur til England, til stader der demontering av samfunnet er kome langt.


Den smale og den breie vegen

Med vegar som tema har eg alltid motivet med meg når eg køyrer bil eller syklar. Desse vegane 'fann' eg i Hardanger i påska. Det øvste er frå Kvam, mellom Norheimsund og Øystese, og med Jondalsfjella i bakgrunnen.

Mellom Vikøy og Norheimsund i Kvam er det blitt reine autostradaen. Netting til vern mot små steinsprang kan vera dekorative. Eg kraup innunder ein stad der det verka romsleg. Det einaste eg oppnådde var å bli våt.


Rust langs vegen

Det er ikkje til å unngå. Rust dukkar opp over alt, særleg når ein har auge for slikt. Ikkje minst på ei dagsreise Vestlandet på langs.

– Eg fann, eg fann! sa Oskeladden.

Variasjonane over rust er tallause, både i form og farge. Og reisa til Bulandet vert avslutta med dette innlegget.


Siste kvilestader

To, kanskje tre, små seriar att før reisa Stord – Bulandet vert avslutta på denne bloggen. Nokre få bilete frå gravplassaen på Bulandet. Det øvste viser konglomeratsteinen på øygruppa i foredla form. Foto to og tre er variantar av same motiv.


Langs vestlandske vegar

Stord–Bulandet, turen tar ingen ende på ein blogg. Det er mykje å visa, mykje å fortelja; også om sjølve vegen som slyngjer seg gjennom eit spennande landskap. Eit gult rekkverk i Masjorden. Ei rundkøyring inne i den nye tunnelen i Dale i Sunnfjord. Ei av dei mange bruene på Værlandet og Bulandet i solefall, og ikkje minst teksten på skiltet ved ferjekaien på Værlandet. Slike skilt er oftast forsynt med piler til hit og piler til dit, og aldri har eg sett eit offentleg skilt med den oppfordringa. Filosofisk-eksistensielt og litt på sida av det me til vanleg ventar av eit vegvesen.


Å flørta med Eggleston

William Eggleston vert rekna som ein banebrytar i moderne fargefotografi. Eg har eit kverulantisk forhold til fyren. Korleis er det mogleg å ta så mange 'dårlege' foto og likevel få status som ein av dei store? Fotoet hans av ein trehjulssykkel vart i 2012 selt for 2,9 millionar kroner. Når slikt skjer, eksploderer kommentarfeltet i fotobloggane av indignasjon, som til dømes at trejulssykkelen er eit snapshot som ein kvar tosk med eit kamera kan ta.

Den nederlandske fotografen David Cohen de Lara meiner det finst gode grunnar for at enkelte foto er meir verdfulle enn andre. All stor kunst endrar måten me ser verda på, eller den skaper ei ny verd i seg sjølv. Det er dette som skil kunsten frå handverket. Den mest verdsette kunsten er alltid døme på ei heilt ny retning. Eggleston introduserte fargefotoet i ei tid då kunstfotoet var fullstendig dominert av svart-kvitt, og dette endra fotokunsten for alltid. Fotoet av trehjulssykkelen typifiserer fotografen og den rørsla han var ein del av. Fotoet viser det vakre i det alminnelege, og gjev det kvardagslege ikonisk kraft. Trehjulssykkelen avslører den einsemda som lurer bak fasaden i den amerikanske forstaden. Når kunsten tek ny retning, som i tilfellet Eggleston, skjer det berre éin gong og aldri meir. Kunstverda verdset dette, mellom anna med ein prislapp.

Så langt de Lara. Så får det våga seg at Eggleston har ei skarp tunge. Ein av dei som kjenner han, seier at Eggleston kan drepa ein person med éi setning.

Sykkelen nedanfor er difor ein klisje. Det får våga seg. Det får vera til ære for Eggleston. Dessutan er det ein rosa sykkel med støttehjul på Værlandet, ikkje ein trehjulssykkel.

Haugen med takstein og eit rufsete murhjørne er utenkeleg i eit blasert og (u)danna sovebymiljø. På Værlandet er det greitt. Dei to siste bileta er frå ei bedrift på Værlandet som foredlar steinsorten sedimentær breksje. Det er ei einmannsbedrift med ei kvinne som eigar og einaste tilsett.


Pause på arbeidsplassen

Kompaktkamera. Rett i lomma, alltid med og alltid klar til bruk. Nokre minutt i ein arbeidspause, og ein er i gang. På ein stor industriarbeidsplass er det alltid mykje å oppleva. Motiva er rett framfor augo; særleg det litt abstrakte fangar interessa. Ei verd med fargar og former ein til vanleg ikkje ser. Maling, rust og tauverk lagar dei finaste bilete. Eg må berre hugsa å vera attende i arbeid når pausen er over. (Lagt inn av Lars E. Bø)


Streif på Bulandet

Det er frigjerande med lange turar der fotografering er det einaste som står på programmet. Parkera bilen og ta lange rusleturar, oppdaga småting og dramatiske historiar. Lengst vest på Bulandet står desse to kvinnene. Det er minnet om ein bergingsdåd i 1885. Skonnerten «Gugner» av Tønsberg forliste og dreiv mot Sengskjeret sør for Bulandet. Seks mann var alt omkomne då Berte Hillersøy (25) oppdaga vraket. Ho fekk med seg Hansine Tistel (21) og lærar Rogne. Saman rodde dei mot skjeret. I storm. I februar. Og berga sju mann. Kvinnene fekk medalje av 2. klasse for edel dåd.

Ingun Dahlin har laga minnesmerket. Sokkelen er av bergarten Black Beauty frå Værlandet.

På Bulandet står også denne landskapskunsten. Majestetisk, enkel, eit symbol på kystfolkets ukuelege optimisme og livsvilje. Men det viser seg å vera kommuniksjonsantenner. Kommunikasjon er også ein kunst.

Denne er for god til å vera sann. Bergarten konglomerat dominerer på Værlandet og Bulandet. Stein kitta saman av finare masse. Den kvite halloween/«Skriket»-maska på ei skjering langs hovudvegen er naturleg nok. Auge og munn er mørkebrun maling.

Slike vegskilt finst fleire stader i verda, til dømes på Nordkapp. Dei viser som regel retninga til fjerne reisemål. På Bulandet nøyer dei seg med å visa til reisemål på Bulandet.


Styrmannen som veit alt

I slutten av mars reiste eg til Værlandet og Bulandet. På ferja frå Askvoll presenterte eg meg for styrmannen, med namn og hobby.

– Ja, det er du som skal fotografera venterom, gravminne og ferjereiser, konstaterte han.

Eg vart paff. Var mannen synsk?

– Eg hadde venta deg ein dag tidlegare, la han til.

Eg har korkje sett eller prata med mannen før. Bulandet er eit lite samfunn der alle snakkar med alle om det meste. Nokre dagar før eg reiste frå Stord hadde eg ein telefonsamtale med ein person på Bulandet, og det var nok.

Styrmannanen var hyggeleg. Han sat i sokkeleisten med føtene på instrumentbordet og styrde båten med ei lita raud kule på styrbord armlene. Turen var storarta. Sol frå skyfri himmel og stille hav. Eg fekk fylt på fleire av mine fototema. På turen attende brukte det offentlege ein heil time og ei stor ferje (»Eid») på å frakta meg og bilen som einaste reisande for ein latterleg billeg penge.

Eg kjem attende med fleire temainnslag frå turen. Denne gongen er temaet «Ferjereiser» og «Koselege venterom på norske ferjekaiar».

Øvre salong på MF «Eid» fungerer også som kunstgalleri. Kunstnaren denne gongen er Anita Søreide.

Venterommet på Værlandet. Ein skulle tru golvet er spesiallaga for den norsk VM-triumfen i sjakk. Eg skulle vore innom eit venterom til, men tida strekte ikkje til. Men det er all grunn til å vera nøgd med eitt venterom på ein tredagars tur Stord–Bulandet–Stord.


Endestasjonen

Dei fleste amatørfotografar trakkar ikkje ned graset på kyrkjegardar i utrengsmål. Men gravplassar kan vera stader for undring og sterke historiar, og eg oppsøkjer dei så ofte eg kan. Nokre gravminne vert hugsa lenge, som denne innskrifta på Gamlebyen gravplass i Oslo: «Ditt liv var skjønnhet». Eller ved Gamle Aker kirke i Oslo – ein stein med namn, fødsels- og dødsdato, og hammar og sigd i raud, klassisk sovjetisk utforming. Den mannen må ha vore sterk i trua. Skálholt, Island – ein jarnkross med eit hjarte som ringla i vinden, og med storslått utsyn til det nakne landskapet. Hjartdal i Telemark – der ei mor stod attmed meg og fortalde om den siste tida til sonen som vart 9 år gamal.

Nordre Gravlund, Oslo: Det er mange portrett på norske gravminne. Truleg er dette det einaste med ein sigarettrøykande mann.

Skjåk i Oppland: Eit hus i staden for minnestein. På framsida er det ein lem som kan opnast.

Då eg opna lemmen, såg eg beint på Rasmus Hole, fødd i 1831. Dette må vera ein stortingsmann eller lensmann, tenkte eg. Men han var ein vanleg ungkar som levde stillferdig på gard heile livet. Broren Lars I. Hole sette opp minnesmerket. Ingen veit kva som inspirerte han. Hole-folket var aktive i samband med bygginga av Skjåk kyrkje.

På Lidar i Øystre Slidre, Valdres, fekk eg frysningar på ryggen av denne rekkja med barnegraver som er konsentrerte om 1920-åra. Ulukke? Epidemi? Spanskesykja har vore nemnt, men ingen veit noko sikkert. Denne typen krossar var vanlege for både barne- og vaksengraver i desse bygdene i eldre tid. I nyare tid vart det vedteke eit eige prosjekt for restaurering av barnegravene, med make krossar og namneskilt. Freding har vore på tale, ikkje på grunn av krossane, men for sjølve rekkja med barnegraver. (Lagt inn av Olav Bjørkum)