Stablestolar

Det finst designstolar til unemneleg høge summar. Nokre av dei er tilmed vonde å sitja i. Det finst 'harry-stolar'. Nokre av dei er tilmed gode å sitja i. Nederst på stolerangstigen finst stablestolane. Det er slike du helst ikkje vil ha i heimen.Men du verda så gode dei er til sitt bruk – i alskens bede- og samfunnshus. Nokre slike stolar er både fintforma og gode. Andre er beint fram simple. Her er eit lite knippe av arten i ulike tilstandar, fotograferte på Bømlo, Stord og i Seydisfjördur (Island).

Det øvste motivet var mest magnetisk på grunn av emblemet på kontaineren. Det er blitt noko anna enn det var opphaveleg. Eg veit ikkje kva det i utgangspunktet var meint å skulle visa.


Før og etter

Den varme årstid har mellom anna gått med til reiser til Røros, England og Island. Frå alle tre stadene har eg lagt ut litt foto på bloggen. Fleire vil bli viste, men det er så mange bilete som skal veljast ut og redigerast at det vil ta tid før fleire blir presenterte.

I mellomtida; litt rust. Du må aldri visa dine dårlege foto. Kast med hard hand, med unntak av det beste. Dette er råd amatøren ofte får. Eit anna råd er å ikkje visa korleis du er komen fram til det endelege resultatet. Det kan vera store avvik mellom original og det ferdige fotoet. For meg er det fritt fram for manipulasjonar så sant det ikkje er snakk om rein dokumentasjon og foto som vert presentert som sanning i media. Her er eit enkelt døme på endring av foto. Det gule er fjerna frå originalen av di eg tykte biletet vart sterkare då. Det er sjeldan eg grip inn i rustfotoa mine på denne måten.

Kor lenge arbeider du med eit foto? Paul Kenny fortel til Black + White Photography at han heldt på med eit foto i ni månader – om ikkje samanhengande. Men han likte ikkje resultatet, så han kasta biletet.



Klesvasken

Nord for Island ligg Grimsey, ei lita øy med under hundre fastbuande. Dei får lys og varme frå oljefyrte aggregat. Trur neppe tilsynsstyresmaktene i Noreg hadde godkjent desse oljetankane. Men sengetøyet er dei nøye på. Det blafrar på tørkestativa eller heng rett ned i solnedgangen. Hvis du ikkje er avhengig av nattelivet i storbyen når du ferierer, så ha Grimsey i bakhovudet neste gong. Du kjem frå Akureyri og dit ut med ei solid ferje, eller med eit fly som tar åtte passasjerar. Polarsirkelen skjer seg gjennom øya, og han er markert like ved flyplassen. Men sidan polarsirkelen har ein tendens til å flytta på seg, kan du aldri vera sikker på om du står på han eller ikkje.


Man

Som håret på menneska kan mana på hesten ha ulike former. Ei man kan hengja lang og mjuk ned over eine sida av hestehalsen, ei anna kan vera klipt nesten militært og strittande. Mana på denne hesten var så fin at eg berre måtte fotografera henne. Fleire ord trengst ikkje.

Lagt inn av Lars Bø

Litt deppa

Det hender, litt deppa. Regnet pøsar ned. Eg har ikkje fotografert på fleire dagar og kjenner uroa i blodet. I staden for å roa ned med ei god bok mot depresjon, hiv eg meg i bilen. Det verkar håplaust. Men kanskje… Får auga på tre doar. Køyrer bilen i posisjon, rullar ned sidevindauget, siktar og trykkjer av. Sig vidare i andregiret. Tja, kva kan ei betongblokk brukast til? Ho står einsam i ein liten innsjø. Regnet silar framleis ned. Navigerer meg i posisjon. Sidevindauget ned, kamera opp, trykkjer av. Slik med neste motiv òg, før turen går ut på landsbygda. Der klårnar det, og eg går ut av bilen og tar eit landskapsfoto. Dei blir det lengre og lengre mellom. Men skoddedottane var fine, det same var sauene og lyset.


Uperfekt og foranderleg

Stundom får eg lyst til å sitera noko av det eg har lese, i den tru at det har relevans for fotografiet. Til dømes frå boka «Uperfekt» av Brené Brown: – Pefeksjonisme er ødeleggende, simpelthen fordi det perfekte ikke eksisterer. Perfeksjonisme er et defensivt trekk.

Det hender ein lullar seg inn i den vrange tru at ting varer evig – eller i beste fall lenge, lenge, lenge. Men motiva i mange av mine tema er svært kortvarige. For nokre år sidan fotograferte eg ein veg som smaug seg opp på ein bakketopp med tett skog inntil seg på begge sider. Opplevinga vart forsterka av regnet. Eg stod med paraply og stativ midt i vegen. Heldigvis var det lite trafikk. Kvar gong eg har køyrt same strekninga har eg fått litt av den same gode kjensla. For nokre dagar sidan var eg på tilfeldig gjennomreise. Eg kjende meg ikkje att, for skogen var felt og låg som ferdige tømmerlengder på kvar side av vegen. Så eg køyrde vidare heilt til det var eit eller anna som demra. Snudde bilen, og fann til slutt den staden der eg hadde stått med kamera første gongen.

Ikkje same kamera eller brennvidde no, men det spelar inga rolle.

Av slike grunnar oppsøkjer eg ofte same stadane gong etter gong. Det kan ha skjedd noko spennande sidan sist.


Presset

Det hender eg kjenner presset – også frå meg sjølv – til å ta bilete med djup meining, eller arbeida i seriar som gjev endå djupare meining. Ha eit konsept eller prosjekt eller kva det no kallast for at ein skal ha von om aksept. Då kjem det ein reaksjon: Ver ein fri fotograf! Eg har sans for dei som arbeider målmedvite, kanskje over fleire år med tema eller sjangrar som resulterer i bøker eller solide utstillingar. Eg har også stor sans for å sitja lenge på ein benk og berre sjå meg om, kanskje ved ein stor parkeringsplass ved eit handlesenter når butikkane er stengde. Det er ikkje noko som er så daudt som ein slik plass etter handletid. Det endar kanskje med nokre bilete som ikkje har noko med kvarandre å gjera og som ikkje kan puttast i bås. Eg luskar rundt motiva, vurderer ulike angrepsvinklar og kamerainnstillingar, og så får det bli som det blir. På det første biletet har eg ein grå himmel i bakgrunnen; tordenskyer. Når eg snur meg 180 grader har eg ein kvit skyformasjon og blå himmel framfor meg. Kan nokon forklara korleis ein slik formasjon har så klart avgrensa konturar og ikkje flyt utover – det er då berre vassdamp som svevar fritt i atmosfæren? Eg vil byrja med skyer som tema. Det er nesten nede på same nivå som solnedgangar, men la gå.


Liten parade

Ei utstilling i The Photographers Gallery (TPG) i London kan ikkje måla seg med, og er noko heilt anna, enn fotofestivalen i Arles som Frank Biringer rapporterte frå i innlegget før dette. Men er ein først i London er eit fotogalleri obligatorisk. TPG har profesjonelt kuraterte utstillingar og ein velassortert bokhandel. Der fann eg ei bok som er ei blanding av Bibelen og ei fotobok – «Holy Bible». På eksemplaret i hylla var det festa ein lapp med 'Signed Copy'. Litt sjarmerande .

Sommarutstillinga i TPG gav mellom anna nye idear til presentasjon av utstillingar. Tanken på innramming får meg til å avstå frå å stilla ut, for det kostar flesk. Men det finst alternativ.

Jochen Lempert festar bileta tett i tett rett på veggen, utan glas og ramme. I det viste tilfellet er teknikken fotogram. Han har samla levande froskeungar i tidleg stadium, og i mørke spreidd dei på fotopapir. Papiret er så eksponert. Resultatet er forbløffande. Lempert er biolog, og nærmar seg sine tema både vitskapleg og poetisk.

Fotoa til Lorna Simpson viser ei farga kvinne som poserer anstendig i heimleg miljø. Innimellom er det foto av Simpson sjølv, og eit og anna foto av ein mann. Simpson er i sine litterære og fotografiske arbeid oppteken av situasjonen til afroamerikanarar og minoritetar. Utstillinga hennar er ei massemønstring av foto med med sterke likskapstrekk, og organisert som ein installasjon som nesten kan stå for seg sjølv.

Richard Mosse er klassisk presentert, med få men store foto. Bileta hans ligg i skjeringspunktet mellom samtidskunst og fotojournalistikk. Motiva er frå den krigsherja demokratiske republikk Kongo, der 5,4 millionar menneske er drepne sidan 1998. Det er ein tragedie som er sterkt undereksponert i vestlege media, i kontrast til Midtausten-konflikten. Mosse brukar storformatkamera og ein infraraud fargefilm som er gått ut av produksjon. Slik film er millom anna brukt av militære for å identifisera kamuflerte mål.

Alberto Garcia-Alix har portrettert seg sjølv i nesten førti år. Han viser eit hardt levd liv med frykt, nevrosar og opprivande indre kampar. Han ser ikkje på frykta som ein paralysator, men som ein følgjesvein som eggjar skaparkrafta. Dei som sit på benken ser på videoen «Herfrå er det ingen veg attende».

Fjonenissen

Så var det gjort. Målet er nådd – Fjoneferja, eller M/F «Nissen», som ho formelt heiter. Ho kryssar Nisservatn i Telemark i dei nokolunde milde årstider, og er den eine av to innlandsferjer i Noreg som er sertifisert for biltrafikk. Den andre går på Randsfjorden, og den fekk eg med meg tidlegare i sommar.

«Nissen» er ei lita og skranglete ferje med plass til tre personbiular eller éin lastebil. Kanskje det er rettare å seia at ho er ein lekter med påsveist styrehus på utsida. Til faste rutetider dreg ho seg fram langs  ein vaier over det 500 meter breie sundet. Skipparen er nederlandsk, og – tru det eller ei – han måtte ta kystskippereksamen for å føra denne prammen. Kanskje kunnskapen kjem godt med når bølgjene på Nisservatn går meterhøge. Skipperen møter meg i dongeri og bar overkropp då eg går om bord. Ingen andre skal vera med. Også attendeturen er fri for bilar. Ved neste avgang ventar det endeleg ein syklist. Eg har sett bilete av «Nissen» med lastebil ombord, og det ser ein smule vågalt ut.

I Fjonebygda, der skipperen bur, har han laga ein triveleg ekspedisjon med blomar utanfor, utlånte av ein lokal blomehandlar.

«Nissen» fraktar om lag 6 000 bilar i året. Om sommaren kan det vera opptil 80 passasjerar på ein dag, mest turistar. Hugnaden kosta meg tjue kroner tur-retur. Ein triveleg prat fekk eg på kjøpet.

Vegvesenet har sett opp standardskilt for ferjer som viser ned til ferjekaien. Ferjesymbolet samsvarar dårleg med den farkosten som tråklar seg over sundet.


Aust og nordover, 3

Fotografisk er gravminne ei smal nisje. Eg lovar å avgrensa temaet på bloggen, sjølv om eg finn mange av gravminna svært interessante. Det kjem til å dukka opp eit par innlegg til (frå England) og så er det lang pause (trur eg). Gravplassen på Røros er spesiell, ikkje minst med tanke på dei mange yrkestitlane. «Bankschef» er det mange som har vore, enkefru også, men «Enkefru» på gravminnet er uvanleg. Sjeldnare er titlar som er knytte til gruvedrifta, som «Berglæge», «Overstiger», «Grindvokter», «Bergskriver» (kontorsjef), «Proviantskriver» og Ertzscheider» (malmekspert). Her ligg også ein «Toldrøiert og organist». Om denne røierten (tollfunksjonær av låg rang) kan ein frå folketeljinga i 1865 finna ut at han i huset hadde kone og fire born i huset, svigermor, og ei «Logerende Enkefrue som underholdes af Pensionsindretning». Dessutan hadde han åtte kyr.

Røros kyrkje, ferdig 1784, er framleis ei av dei største kyrkjene i landet, og med sine 1 600 plassar overdimensjonert i forhold til kyrkjelyden. Taket er dominerande frå denne sida. Det er tekt med titusenvis av kraftige tre'heller', om lag som på stavkyrkjene. Det nedste maleriet på interiørfotoet viser ein mann i raud frakk. Det er bergverksdirektør Peder Hiort. Han gav store summar av eiga formue til kyrkja, og oppretta eit fond til beste for fattige, og for unge i yrkesopplæring. Røros hadde store klasseskilje, og i kyrkja sat proletariatet på det øvste galleriet.

Hiort fekk bygd eit mausoleum (foto nr. 3) for seg og slekta si. Der ligg han balsamert og i full bergmannsmundur, med sabel og bergmannsstav.

Ein annan stad ville kanskje knuste gravheller blitt kasta. Her er dei pietetsfullt tekne vare på, på sin måte.