Aust og nordover, 2

Kunstnaren Harald Solberg måla i si tid bergstaden Røros med stor intensitet. Det som elles har dryppa inn av visuelle inntrykk er nok til at Røros kjennest heimleg når eg først er komen dit. Røros er konsentrert kultur. Røros er bygt på koparmalm. Utan kopar, heller ikkje Røros. Med stor teknisk kløkt, og med hjelp av fleire tusen arbeidarar, vart malmen henta opp frå djupet, foredla og eksportert.

Det er snart ikkje den flekk av bergstaden som ikkje er fotografert, men det er berre å la det stå til. Røros har sin Nils Reinhardt, slik Tromsø har sin isbjørn. Nils Reinhardt innkastar for Husfliden, og har ikkje lyst å gå på stallen når butikken stengjer. Eg var med på ein guida stadvandring med ein svært flink guide. Mellom anna tok han oss med inn i eit av gardsromma. Det er ikkje til ære for turistane det heng klede på snora. Det bur folk i dei verna husa. Bak fasadane som vender mot gata var det miniatyrgardsbruk i gamle dagar, med nokre få nyttedyr og uthus.

Dama med sykkelen var eit eingongstilfelle. Som vordande brur var ho på veg til sitt eige utdrikkingslag. – Eit av slaggområda nær sentrum med kyrkja som landemerke. – Røros skryt av å ha Europas nordlegaste sandøydemark. Til foredling av koparmalmen gjekk det med svære mengder skog. Eit av dei snøydde områda greidde ikkje ta seg opp att då det var slutt på gruvedrifta, og forandra seg til ei øydemark med flygesand. Det er vanskeleg å få oversiktsbilete her utan at sivilisasjon eller vegetasjon viser på ein eller annan måte. Større er det ikkje.


Aust- og nordover, 1

Den svenske fotografen Mats Lindfors opplever at kunstverda i dag stadig er i krig mot det klassisk vakre. Han sjølv var med i same krigen då han var yngre. Det klassisk vakre var keisamt og irriterande.

– Men til slutt gav eg opp motstanden og tok til meg dei klassisk vakre bileta som ein del av meg sjølv, skriv han på bloggen sin.

Lindfors skaper landskapsbilete med ein så sterk fargeskala at eg blir reint brydd. Men me har alle vårt. Eg tykkjer det klassisk vakre er overveldande når eg står midt i naturen, men kan vegra meg for å trykkja på utløysarknappen. Nyleg ferierte eg litt, til Røros, og reiste gjennom vakre Hardanger. «Det ånder en tindrende sommerluft, over Hardangerfjords Vande» skreiv Andreas Munch. For å skapa motvekt har arkitektane og godkjennande styresmakter plassert denne forretningsklossen midt i sentrum i Nedre Eidfjord.

Foto nr. 2 viser ein koseleg uteplass ved Storsjøen i Tylldalen, aust for Østerdalen. På Randsfjorden går Noregs einaste innlandsferje i heilårsdrift. Skipparen frå Finnmark har lang fartstid i utanriksfart. No finn han seg vel til rette i smulare sjø. «Randsfjordfergen II» heitte før «Mjøsfergen». Ho vart kutta i to, frakta til Randsfjorden og sveist saman der. På Eidsvoll var det nasjon for alle pengane. I Festiviteten var det utstilling med nasjonale motiv i hundretusenkroners-klassen. Eg fall for sikringstavla. Under ei bru hadde ein skuleklasse illustrert grunnlovsjubileet. Siloballane kjem attende kvart år, og eg kjem stadig attende til siloballane. Desse er frå Tylldalen.


Highgate og nevekjemparen

Nyleg var eg så heldig å få sjå delar av gravplassen Highgate i London. Det var ei stor oppleving. Guiden og turen var vel verdt inngangspengane på 12 pund. Han overtydde meg også om at Veneforeninga for Highgate Cemetery treng mange pengar til stell og restaurering av gravplassen, så eg donerte 2 pund frivillig. Det er første gongen eg har gjeve pengar til ein gravplass.

Highgate vest er eit herleg villniss, der stiane fortaper seg inn i mørkret, og påkosta gravmonument druknar i botanikk.

Det er framleis mogleg å verta gravlagd på Highgate Cemetery, men du kan ikkje tinga plass før du har passert 80, eller er dødssjuk. Her har mange vidgjetne engelskmenn funne siste kvilestaden sidan 1839. Grava til nevekjemparen Tom Sayers (1826-1865) er den mest vitja på Highgate. Sayers var ein spebygd mann frå slummen. Han tapte berre ein av sine mange boksekampar. Siste kampen gjekk mot amerikanaren John Heenan. Etter vel to timar vart kampen stogga. Då var det nesten berre ein blodig masse att av boksarane. Dei kjempa utan hanskar den gongen. Det var siste kampen til Sayers.

Over hundre tusen menneske var med i gravfølgjet då han døydde nokre år seinare. Hunden hans, mastiffen Lion, var stivpynta med i spissen for dei sørgjande. Lion er ein del av gravmonumentet.

Det er forbode med blomar av plast på Highgate. Det du ser på siste fotoet er ekte blomar. Elles florerer plasten på engelske gravplassar.

Ei vitjing på Highgate: Highly recommended!



Når tungt blir lett

Skytematter er fine. Hvis naboen skal skyta litt, legg han på ei skytematte så steinspruten ikkje skal knusa rutene i huset mitt. I det daglege er skytematter lite påakta visuelle objekt. Eg ser dei betre om eg riv dei ut av samanhengen. Då kan dei minna om andre ting enn det dei er.

Fotoskribent Jörg M. Colberg seier: «Det er viktig for ein fotograf å vera i stand til å skriva om arbeida sine. Samstundes skal bileta vera i stand til å bera si eiga vekt.»

Den store ungarske forfattaren György Konrad visste kva offentleg sensur var. Den som driv med skapande arbeid i frie samfunn har også sensuren hengande over seg. Det kan vera smaksdommarar, forståsegpåarar eller konsesus. Umerkeleg strekkjer me oss for å tilfredsstilla det som heng over oss, og kjenner ikkje handjerna som smekkar igjen.  Konrad skriv i «Havefest»: «Prøver du å være flink etter deres målestokk? En eller annen del av deg kommer alltid til å krølle seg ut av rollen, enten fantasien, eller humoren.»

Denne signaturen tek pause ca ein halv månad, men andre bloggarar dukkar gjerne opp. Me som legg ut foto på bloggen blir glade for spørsmål og saklege kommentarar!


Det som ikkje er sett før

Kvifor eg gjer det, veit eg ikkje. Syklar om att til dei same stadene, om att og om att. Kanskje ser eg noko nytt som eg ikkje såg sist. Kanskje er noko lagt til eller fjerna. Kanskje står sola i ein annan vinkel. Kanskje det er mørkt og overskya der det sist var sol. Skal vedda på at det tek til å bli spor i asfalten der eg har sykla. Det er som Flax, kanskje er det gevinst på neste lodd.

Resultatet er mange enkeltfoto, denne forbanninga som ikkje passar inn i nokon serie, og som dermed må ha uvanlege kvalitetar for å hevda seg. Likevel er det spennande. Eg står inne i ein rusten konteiner som manglar eine kortveggen og er utan tak. Javisst har eg stått her før. Kanskje eg ser noko eg ikkje har sett før? Den ruststripa i kroken der… Like ved, eit vrak av ei brakke. Eg brukar feil innstilling på kameraet og får ei eksponering på 10 sekund. Då er det berre å halda kamera i ro til det er over. Det går ikkje, men det er greitt nok. Nokon var her før meg; har sove her. På veggen er det spraya «Fuck!».

Sandskapa ligg i sykkelruta. Eg er stadig innom for å sjå korleis dei forandrar seg. Dei som arbeider på anlegget veit kva eg er ute etter: «Du skulle vore her i går, då var han verkeleg fin!». Då blir eg småsur på meg sjølv som ikkje var der i går.

På eit område eg ikkje har vore inne på før kosar ein plante seg i eit pissoar. Ombruk.


I ferjejungelen

Det skulle vore fleire ferjer. Arbeidet med ferjefrie samband på Vestlandet må avsluttast. Det er fint å koma på ei ferje etter å ha køyrt stressande for å nå fram i rett tid. Ferja har folk å sjå på, kanskje snakka med. Du tar ikkje gasspedalen med deg opp eller ned i salongen. Når eg kjem til ei ny ferje er eg over alt for å gjera meg kjend, med unntak der det står «Adgang forbudt». Kanskje stikk eg hovudet inn der òg.

Mellom Skjersholmane og Ranavik går M/F «Bjørnefjord» Enn så lenge. Den har eg reist med  fleire gonger. Sist gløymde eg lesestoff. Kva gjer ein då? Oppdagar noko nytt. Denne gongen det rike plantelivet som kan vera på ei ferje. Eg veit det er gjort i beste meining, men greier ikkje heilt å  gle meg over denne samling av polerte steinar og plast med tjukt lag av støv i bladkronene. Dei er ikkje vatna sidan dei kom ombord, og ikkje treng dei det heller. Bonsai-treet treng normalt ein mannsalder for å verta vakkert. Her er det truleg gjort på eit samleband på kort tid. Og kjenner du ikkje lukta av dampande jungel i det det tette bladverket der fuglane flyg mellom greinene og gibbonane slengjer seg frå liane til liane?

Det siste fotoet er noko heilt anna, ein daud ferjekai på Løfallstrand i Kvinnherad. Eg må pressa kamera mot vindauge for å få med meg dei hjarteomslutta jentenamna, for venterommet er låst. Ved kaien ligg M/F «Fitjar».


Goliat

Goliat-krana til Kværner på Stord vart sprengt ned i mai. Første forsøket feila (foto nr. 1). På andre forsøket fall kjempa. Alt om Goliat og den nye krana  Storen finn du på internett. Eg tok turen for å sjå på den falne kjempa. Litt vemodig; eg har ein tendens til å personalisera daude ting eg har vore van med å sjå over fleire år.

Det knuste skjelettet av Goliat ligg nøyaktig der det var planlagt å landa. To av bileta er av konstruksjonar som eg har frilagt for å visa kva krefter som har vore i sving. Det gule abstrakte 'maleriet' var også på Goliat.


Det enkle

Flytting frå eit hus til eit anna er ei underleg oppleving; stressande og slitande, men også med små glimt av det fine som i og for seg ikkje har noko med flyttinga å gjera. Før me forlet det gamle huset for godt stod badedøra ein dag på gløtt.

På badet i det nye huset sildra sola gjennom persienna og ned på vasken.

Meir komplisert er det ikkje.



Andre og siste gong – Eggleston

Normalt unngår eg sol når eg skal fotografera. Etter å ha irritert meg kraftig over William Eggleston, roa eg meg ned og tenkte at den fyren må vel ha noko å læra meg, både om sol og fargar. Så eg gjekk eg med kamera ein dag sola stod høgt og himmelen var blå. Resultatet vart over forventning. Fargane var saftige, og kontrastane kunne eg godta. Biletet av brakkeriggen viser at det fungerer også med store deler av motivet i skugge.

Det femte motivet er fotografert i djup skugge, og trehjulssykkelen så seint på kvelden at det var på grensa med handhalde kamera.

Så her er ein trehulssykkel til, mr. Eggleston. Den eine kan vera like bra som den andre. Men i kunstkrinsar er det den som kjem først med noko nytt som står øvst på pallen, same kor bra det kan vera, det som kjem etter. Til alle tider har kunstnarar lånt frå kvarandre; musikarar, biletkunstnarar, forfattarar. Den som for første gong fotograferte ein soloppgang har ikkje patent på evig førsteplass. Tusen andre som har gjort det betre. Det same med roser og snømenn. Så eg slappar av. Med fare for å verta kalla hovmodig og lite jordnær, ser eg min trehjular som likeverdig med mr. Egglestons. Eg ser det unike med Egglestons, men ser også det unike med min. Annleis kan det ikkje vera.

Då eg fotograferte trehjularen tenkte eg på det enorme sløseriet og miljøøydelegginga som framstilling av plastleiker representerer. La oss seia at ein trehjular av dette slaget veg 2,7 kilo. Han veg framleis det same når han vert vraka. Slik er det med dei fleste plastleiker – vekt frå produsent er identisk med vekt som avfall.

Me kan ikkje alle vera pionerar. Så lær av dei beste, og kopiér ivrig til du står på eigne bein, og på det nivået du kjenner deg heime. Når det er gjort kan du strekkja deg litt til.


Bømlanatur

For kort tid sidan var eg enno ein gong på Bømlo, og fekk nokre fine turar. Mange let seg fascinere av den spesielle naturen, og då særleg den lengst ute med havet. Også eg vender attende år etter år. Opplever meg fri med høg himmel og fri horisont. Livet er nøydd å tilpassa seg dei tronge rammene som naturen set. Tre og andre vekster overlever ved å føya seg på stader når livd er mangelvare.

Fotografisk vert det aldri tomt der ute.

Eg er glad i fargar, men her ute høver det godt med svart-kvitt eller svake fargar. Og eg fell for den grafiske enkle forma. For meg er det store opplevingar og masse inspirasjon. Eg vandrar saman med ein lokal fuglekikkar tidleg om morgonen og får god tid til å pusla med mitt.

(Lagt inn av Lars Bø)