Denne turen har eg tatt mange gonger; langs molosteinae i ei båthamn. Kvar gong er det noko å festa augo på. Det har aldri manifestert seg fotografisk på den måten eg ser det for meg. La gå, eit siste forsøk. Ta det med ro. Stativ, anna objektiv, andre blendarar. Og rette veret, som bønhøyrt. Det slutta å regne då eg steig ut av bilen, og då eg var ferdig kom regndropane att.
Ingen av steinane er flytta på for at eg skulle få det som eg ville.
Eg har fleire motiv som eg må vitja fleiregonger i von om at alt klaffar til slutt.