Paradis

For meg er ikkje Edens hage dei mange rhododendronane langs innfartsvegane i Bergen. Det er snarare alt 'ugraset' på vanstelte enger på landsbygda, der naturen er overlaten til seg sjølv. Engsoleier i full bløming. Det same med løvetanna – og ikkje minst når løvetanna har ei korona av frø i toppen.

For fotografen oppstår ofte eit anna dilemma: Farge eller svart kvitt ? For meg fortel svart-kvitt-bileta ei anna historie enn fargefotoa. Det er enklare å forhalda seg til, og formene kjem tydelegare fram. I denne regnbogens tid er det snart ikkje svart-kvitt å sjå.

Bileta her viser også kor viktig blenderen, lukkaren og vinden er. Det øvste fotoet er ein blå akeleie med gyvel i bakgrunnen. Blendaren er 2,8. Då er berre akeleien skarp og gyvelen blir uskarp. Det andre fotoet viser skjermplanter under eit kastanjetre. Her er blendaren 14, og eksponeringstida er to-tre sekund med kamera på stativ. Det var vindstille. Ti minutt seinare var eg på same standpunktet. Då gjorde vinden det umogleg med lang eksponeringstid. Biletet er også gjort litt uskarpt med vilje.

Dei to siste er på blendar 14; altså er djupneskarpleiken stor. Det siste er i utgangspunktet nesten fargelaust, og det kom seg når all fargen vart fjerna.