Landskrona

I august var eg ein av mange besøkande på Landskrona Fotofestival i Sør-Sverige. Nålauga er trangt for å delta på slike festivalar.  Dette er fotokunstnarar med kontroll på alle fasar i prosjekta sine. Dei har jobba hardt, skaffa seg rette kontaktar, knekt kodar og kreert ei truverdig historie. I tillegg til fotobøker, foredrag og paneldebattar var det utstillingar med både kjende og meir ukjende fotografar. Programmet var det bedre. Eg hadde glede av å berre vandra rundt, knipsa litt snapshots. Å ta snapshots gjev meg ei god kjensle. Det er oppløftande og avslappande. Og kanskje materialet kan brukast til noko etterkvart?