Jeg gikk en tur på stien…

… og søkte skogens ro. Nei, tvert om. Desse skogspartia er det lite ro over. Dei er enten brannskadde, herja av storm eller snauhogde av store maskiner. Slik er det å vera skog i dag. Det er spennande og vemodig å gå i slikt terreng, og ikkje minst å sjå korleis naturen prøver å få til ein balanse att etter skaden. Om ikkje grunneigaren plantar ny skog, vil det snart oppstå eit nesten ugjennomtrengeleg villniss som kanskje snart vil ordna seg i ulike biotopar.

Det er ikkje ufarleg å gå inn i hogstfelt som er nokre år gamle. Graset løyner gamle stubbar og groper, og er du (u)heldig ligg mobiltelefonen att i bilen medan du sjølv sleper deg fram med knekt fot. Eg føretrekkjer dei velordna skogsvegane og -stiane der eg til vanleg finn skogens ro. Samstundes veit eg at eg stundom må bevega meg i det ukjende for å finna nye motiv.


4 responses
Ein variert og fin serie Olav, med høg kvalitet på dei fleste, ser litt vekk frå den nr.2 frå toppen, som blir litt mørk på skjermen min. Dette med biotop og trer så blir liggende er både spennende og intresant, og også nyttig for insekter å fugle og dyr. Litt av grunnen til det har blitt så dette, med skogs skade er i hovedsak forsøk på moderne flathågst og stormer så kjeme no frå nord vest, mens det før kom frå sør vest, og medføre masse rotveldt. Helsing Inge-Martin Føyen
Kjekt med attendemelding. Stundom ser ein ikkje skogen for berre tre, eller ein ser ikkje trea for berre skog. Det som står att kjem ekstra fint fram når det andre er borte. Olav Bj.
2 visitors upvoted this post.