– Eg får ofte lyst til å arbeida med dei gamle ideane, i vissa om at dei vil stå fram i nyttl lys trass i at dei er dei same, sa den amerikanske fotografen Harry Callahan.
Eg har det på same måten. Alle stader eg oppsøkjer på nytt har endra seg sidan sist, som til dømes dette verftet for små og gamle båtar. Eg seier som Askeladden 'Eg fann, eg fann!'. Ein skulle tru tida står stille her. Båtar vert slepte inn og innhylla i plast til det er deira tur. Utsnittet av ein oselvar viser ein båt som er mykje brukt – sjå på dei slittte keipane. Smia med dei gamle maskinene og verktøya er stort sett ute av bruk. Styrehuset til 'Askeladden' er truleg parkert for godt, men ein veit aldri.
Tekstane til denne bloggen kjem til å verta kortare. Kvifor fortelja at solnedgangen er vakker når alle kan så det med eigne auge.