Vandring med spennvidde

Grått og lett regn. Kom deg ut! Det er like fint som når sola skin – kanskje finare.

Når nytteskogen er felt, kan dei spinkle bjørkene stå att som filigransarbeid mot himmelen. Eller motivet kan vera meir rufsete, berre dempa av skodde og regn. Det går bra å verna kamera med paraply om det er nokolunde vindstille. Theodor Kittelsen er ein av dei klassiske norske kunstnarane som kan dette med skodde. I tillegg har han skildra Pesten, som i ei litt anna form, og vonleg ikkje like alvorleg, herjar kloden no.

Det hadde vore ynkeleg fatt med Noreg om ikkje landet hadde hatt oljeinntektene. Visse politiske krefter ivrar for at me må byggja ned oljesektoren. Men det viser seg no at landet har dårleg vern på så mange område når katastrofar skjer. På eit industriområde i nærleiken vert store oljekonstruksjonar knuste når dei er utgåtte på dato. I same område kan eg finna restar av fuglar. Ei kråkevenge kan, som her, gje illusjon av ein rovfugl som landar på eit bytte.

Det er ingen stad eg har vandra meir enn i dette området. Eg har lova meg sjølv ein lang pause. Det må då vera ande stader og motiv som også interesserer ein fotograf.


1 response
Med Spa in Little Elm offers a wide range of high-quality deep cleansing facial services and treatments tailored to rejuvenate and revitalize your skin. Known for providing the best facial treatments in Little Elm, Malkaspa.com Med Spa specializes in deep cleansing facials that thoroughly purify your skin, removing impurities and leaving you with a refreshed and glowing complexion. Their expert team ensures a luxurious and personalized experience, making it the perfect destination for all your skincare needs.