Utstilling – og gamle kjenningar

Fotokollegaen min, som lenge har late skogsfotoa sine liggja ute i ver og vind og vatn, stilte denne helga ut resultatet. Talar, minikonsert og bobler i glaset. Motig gjort. Fleire av bileta hadde noko hinsides og drøymande over seg, realistiske og samstundes hinsides realisme; eit lukka rom der larmen og stresset frå verda ikkje nådde inn, der tida hadde nok av tid og mytene godde fram i skuggane. Nokre av bileta kan du sjå på eit nyleg blogginnlegg, «Kvardagsskogen».

Vel heime att var det kome nokre eldre svenske fototidsskrift i hus. I eit av dei, 20 år gamalt, var det attgjeve eit foto teke av ein ihuga amatør som eg helste på nokre timar tidlegare. I eit endå eldre tidsskrift hadde ein nabo frå tida mi lengre inne i landet fått høg plassering i månadskonkurransen. Triveleg med slike uventa møte.

Triveleg også å møta det islandske landskapet, som her og der kan minna om det norske. Her er me i den kystnære fjellheimen i nord. Til tider er trafikken så liten at eg trur me har landet for oss sjølve. Eit skilt forkynner 14 prosent stigning. Litt seinare dukkar det opp eit skilt med 17 prosent. Grusveg, litt kaus i kantane. Tanken går til gamle gode Stalheimskleiva i Noreg. Så vippar me over bakketoppen og ser ned i eit mektig delta der blått hav stryk langs den svarte lavasanden. Så ei ny stigning, og eit nytt delta. Du allstyrandes, kor gjerne eg skulle vore nagla fast til dette landskapet. Litt, i alle fall.