Uforståelege Stonehenge

Nyleg høyrde eg ein reprise på Stonehenge-songen til Vegard Ylvisåker. Den kjende songaren og komikaren forstår det meste, men vitsen med Stonehenge er komplett ubegripeleg for han. Eg tenkte på Stonehenge då eg fotograferte denne konstruksjonen på eit industriområde nyleg. Dette er ikkje noko mystisk eller kultisk, men ein eller annan konstruksjon knytta til oppdrettsnæringa. Eg veit ikkje kva som skjer eller har skjedd her. Poenget er den svimlande avstanden mellom dette 'stonehenget' og originalen i England. I menneskeleg historisk samanheng er avstanden i tid ganske liten. Det er imponerande å byggja eit moderne oppdrettsanlegg med tanke på all den kunnskap som er akkumulert i eit slikt anlegg. Men eg beundrar vel så mykje tankekrafta og arbeidsinnsatsen som skapte Stonehenge, kanskje mest av di det truleg var ein arbeidsinnsats som ikkje var direkte matnyttig.

Eit par ord om denne bloggen: Det er to år sidan han var oppretta. Nesten kvar veke har det vore eit nytt innlegg, og bloggen er truleg, så langt, den mest stabile norske fotobloggen driven av amatørar. Stundom fryktar eg at me slepp opp for foto eller går leie. Eg kunne ønskt at det var fleire som klikka seg inn og sa si meining om det som blir presentert. Du som les dette kan kanskje medverka til å spreia kjennskapen til bloggen! Fleire kommentarar vil vonleg inspirera til arbeidet vidare, og at andre også kan la seg inspirera.