Tunhovdfjorden I

Tunhovdfjorden langt nord i Viken fylke har normalt ei overflate på 24,5 kvkm. Vatnet er eit kraftmagasin, og dermed tidvis kraftig nedtappa. Strendene ligg då nakne, slik som det var midt i juni i år. Hytteeigarane rasar, som det heiter i moderne mediaspråk. Foreninga Tunhovdfjordens venner karakteriserer det nedtappa området som 'en gold steinørken eller et månelandskap', og minner om at straumen vert eksportert til Europa til svært gode prisar. Eit av irritasjonsmomenta er at det kan vera opptil  200 meter frå brygga og ned til vatnet, alt etter hellinga på stranda.  Då blir det vanskeleg å få sett ut båten.

For ein fotograf er den nedtappa innsjøen ei gåve. Steinørken og månelandskap betyr noko heilt anna for meg enn for dei som har hytter her. Eg kunne ha vandra der i fleire dagar – trur eg.