Ta den stol og la den vandre…

Dei seier at 90 prosent av alt du ser på fjernsyn er søppel. Men 90 prosent av alt er søppel.

Sitatet er attgjeve på bloggen til Colin Pantall, som vert rekna som ein oppegåande fotograf. Eg såg gjennom ein del av bileta hans på nettet, og konstaterte, for eigen del, at ein viss prosent av det var søppel.

Eit av poenga med fotografering er å skapa noko nytt, seier Pantall. Du vert sjølv ei kopimaskin når du kopierer andre. Javel, det er førti trillionar foto der ute. Ein annan fotograf, Harvey Benge, roar det ned: Me kan ikkje unngå å stå på skuldrene til dei store. Mykje av det me gjer er fotohistorisk betinga. Benge har eit skeivt blikk på seg sjølv, han har mellom anna ei nettside som heiter More Useless Photographs (Fleire ubrukelege foto). Søppel?

Her er i alle fall meir søppel: Dei to lenestolane er framleis i bruk på ein luftig arbeidsplass i skogen. Avisa i stolen til høgre er 9 år gamal. Tosetaren i midten er sett ut med den usynlege merkelappen «Berre forsyn deg». Dagen etter var han borte. Den svarte tosetaren skal ein ikkje krevja meir av. Og sidan eg samlar på stolar: frå symjjehallen på Leirvik på Stord, kvelden før eit symjestemne.