Svanesjøen

Tidlegare denne veka gjekk eg tur i utmark. Det var tungt lende, og naturen gav ingen inspirasjon. I ein brakkvasspoll låg fleire svaner. Eg ensa dei knapt, og var sur på meg sjølv av di lengste brennvidda på objektivet berre var 70 mm. Då eg var på veg attende til bilen, kom to av svanene i full fart mot land. Den eine kravla opp på ryggen til den andre og byrja lugga henne i nakken. Kanskje var det eit paringsritual, men det såg brutalt ut. Den som låg nederst var fullstendig passiv. Eg gjekk sakte mot dei og stogga då eg var tre meter unna. Dei brydde seg ikkje. Kanskje eg kunne ha klappa dei. Ei tredje svane låg tett inntil dei to og følgde interessert med.

Så leita eg i arkivet og fann eit par andre svanebilete tatt for nokre år sidan. Me var i robåt, og svanefar kom fossande mot oss for å forsvara avkomet mot inntrengarane. Det var fart og stil over den store fuglen.

Me skal gle oss over småfuglane på fuglebrettet, men det er likevel noko spesielt å koma svaner så tett innpå livet, slik som i desse to tilfella.