Streif II

9, mai 2020  – Streif II, ja, slik kan eg halda på, og tekstane vert magrare og magrare. Når eg frå tid til anna ser i fotobøker blir eg likevel freista til å gje att dei inntrykka eg får. Wynn Bullock var ein av dei meste kjende fotografane på den amerikanske vestkysten etter sist krig. Der Ansel Adams legg stor vekt på det teknisk fullkomne fotografiet, med jamn fordeling av toneomfanget i heiile biletet, har Bullock i mange av sine bilete ei svært kontrastrik tilnærming. Store delar av biletflata kan vera kolsvart, og mellomtonar er det smått med. Det høyrest trist ut, men er fascinerande. Å søkja er alt, seier han, er å koma seg attom det som ligg oppe i dagen. Han snur gjerne opp ned på motiv som nærmar seg det abstrakte og det 'mystiske', eller han lagar negative kopiar. Likevel er han alltid nær naturen. Å fotografera menneske er med få unntak ikkje hans greie.

Eg er ikkje i nærleiken av Bullock i mine bilete, men er open for kva som kan skje.

Øvst snittflata i ein ospekubbe. Så ein løvetannplante som har kjempa seg til ein plass i eit industriområde. Der etter eit oversiktsfoto av ein del av det same område, og så tre bjørker mot ein mørk bergvegg – også frå same sykkelturen.