Streif

Det er bitkaldt og sterk vind. Eg streifar omkring på måfå. Kanskje dukkar det opp noko vakkert eller interessant. Eg går langs ei strand eg ikkje har sett før. For meg er ei knekt brygge betre enn ei ny og fin. På småsteinstranda like ved ligg to plastjollar som aldri meir kjem på sjøen. Der sjøen skvala mot stranda låg også fleire mindre, mørke steinar der marine småkryp hadde funne feste. To av steinane fotograferte eg på staden. I etterkant såg eg at eg ikkje hadde gjort det bra nok, så eg reiste attende – 40 minutt tur-retur – og tok steinane med meg heim.

På ein annan tur passerte eg ei ung kvinne som blidt lurde på kva eg fotograferte. – Avfall og rust, sa eg. – Då ligg det noko til deg i vegkanten der borte, sa ho. Eg tok den rustfrie suppekjelen og sjøsette han i ein stor vassdam like ved.

Det er rikeleg med hogstfelt på mine  kantar. Skogsarbeidarane bryr seg ikkje med å fella pistrete tre som ikkje kan omgjerast i pengar. Her var det likevel den vindblåste vasspytten i framgrunnen som drog blikket til seg.