Stor blendaropning

– Stor blendaropning i dag, seier turkameraten, når årets mørkaste dagar har kledd seg i massivt grått skydekke. I tillegg nærmar jula seg fort i indre bane. Det er ikkje mange ferske foto å velja mellom for ein bloggar, men alle desse vart tekne denne veka. Det var ein dag med sol og blå himmel og minusgrader, og dermed var sesongen i gang for ein isfotograf. Det skal så lite til; ein sølepytt og nokre isbitar.

Den store steinen har eg sett på lenge utan at eg har brydd meg. Ein dag oppdagar eg ein ny konstellasjon. Skrifta på bussventeskuret har også vore der lenge, fleire år, trur eg, men måtte oppdagast på nytt. Sikkert ein gut som har skrive det. Så hadde han noko å gjer på den stunda.

Det finst meir spektakulær julepynting av hus, men det får greia seg med dette. Om ikkje mine bloggkollegaer dukkar opp, så vert det ein pause til over nyttår. God julehelg, og godt nytt år!