Steinjakta

Kvifor må det alltid handla om noko? Kvifor må fotografia mine alltid representera ei handling eller ei djupare meining? Kvifor må eg for all del unngå klisjeane, eller kan klisjear i visse tilfelle ha sin misjon? Eg greier ikkje svara på slike spørsmål. Fotolæraren Jörn Colberg seier dei fleste tar klisjear jamnleg, og at det ikkje er noko gale i det. Samstundes seier han at klisjear utfordrar ingen; i staden stadfester dei (kva?).

Kanskje klisjeane viser det trygge og normale, samstundes som me blir litt matte: Ikkje no igjen!

Francis Hodgson har ein enkel definisjon på det gode fotografi: Det er ikkje laga berre for å bli sett, men for å setja tankane i sving.

Eg held meg unna den lærde gjengen, betrevitarane og vørksjåppane, vel vitande om at eg kan glipp av noko viktig. Dette er ikkje omvendt sjølvskryt. Eg trivst best i mi eiga fotografiske boble. Men også den kan ha pustehol til verda utanfor.

Jakt på kjempesteinar gjev i alle fall mosjon og fine opplevingar. Det første biletet viser den største frittliggande steinblokka i Noreg, Skipheller, rett sør for Odda sentrum. 65.000 tonn. Den kom med isen, og la seg til ro for mange tusen år sidan. Vidare ein elvestein endå litt lengre sør for sentrum. Så detalj frå ein mosegrodd stein i Buerdalen, like ved Folgefonna. Treet som veks på ein stein er frå grenda Fykse ved Hardangerfjorden. Heile grenda er bygd på eit gamalt steinras, det største i Hordaland. Mange av steinane er så store og spesielle at dei har fått eigne namn.