Sorg og lykke…

Fotograf  Signe Christine Urdal har nett hatt separatustilling i Galleri Giga på Stord. Får du seinare sjansen til å sjå «Walls», så gjer det. Det er stillferdige og varme foto, og det er svært godt handverk. Galleriet fører intensjonen hennar i pennen på denne måten (utdrag): «Historier og tilstedeværelse av mennesker som har satt avtrykk i veggene, og som skildrer et liv av skjørhet og glemte historier. – – Veggene bærer fortellinger og merker av sårbarhet, lengsel, sorg, lykke, ensomhet og fellesskap. – – Urdals intensjon med prosjektet er å sette fokus på de hverdagssituasjoner vi mennesker kan ha, og utforske hvordan disse påvirker identitet, framtidshåp og relasjoner.»

Dermed kjenner eg meg tåpeleg som ikkje oppfattar alt dette. Eg ser ingen framtidshåp, sorg eller lykke i desse veggene og kniplingsgardinene. Eg ser ikkje kva fotografens utforsking har resultert i. Kvifor må eit galleri la tilskodaren stå att som ein narr? Denne språkbruken er ikkje spesiell for Giga; den er som ein mal som blir brukt om att og om att frå utstilling til utstilling, og ofte i langt større teoretiserande grad. Det er til å få fnatt av.

Kanskje eg skal bruka same metoden på fotoa nedanfor? Dei vitnar om eit godt liv framfor fjernsynet, og om den overflodsvelferd som gjer eigaren i stand til å vraka eit møbel som ser tilsynelatande brukande ut.  Kan henda dukkar det opp ein kaffiflekk om du utforskar grundig nok.

Eg har ikkje som mål å skapa kunst, berre reine foto utan dikkedarier, gjerne med variasjonar over tid, som her, og overlatne til det tolkingsregisteret tilskodaren rår over.