Små gleder

Finn eit omtrentleg sentrum i huset og slå ein tenkt sirkel med 15 meters radius. Fotografer det som er inni sirkelen, enten det er planter eller klesvask til tørk, Kombinér, stå langt unna eller svært nær.

Slik tilnærming er fin mental trening når det er kaldt og vått og mørkt ute. Kanskje det kan bli noko fint av det. Eg tenkjer på Irving Penn som eg siterte i sist innlegg; sjølv ei kake kan bli kunst. Det finst nok av kjende fotografar som har tatt for seg knivar og gaflar og egg, eller lys og skugge på ein vegg. Eg er så heldig at eg har ein veranda med gjennomsiktig tak. Der fotograferer eg veden min, og alle bileta i dette innlegget er tekne der. Det er svært enkle tema. Geraniane er tilmed visne. Løkane er heller ikkje i bestedressen.

Det er ikkje uvanleg for ein fotograf å gjera eit motiv negativt. stundom er det perfekt, som med sukulenten på det siste billetet av di formene er så fine oh reine.