Skjermen

Innlegget skulle på like før jul. Så fekk eg kalde føter. Tenkte det kunne oppfattast som ei moralsk fordøming like før tv-selskapa opna for fjorten dagar med juleglede at eg hadde tenkt å oppmoda folk om å slå av fjernsynet i jula. Det hadde vore eit fint eksperiment for å sjå korleis born og vaksne fungerer utan både tv og andre skjermduppedittar i ei stor familiehøgtid.

Eg kvitta meg med fjernsynet for mange år sidan, og har fått gjort mykje anna kjekt i det som vert rekna for beste tv-tid. På oppsamlingsplassar for elektronisk avfall kan eg likevel bli ståande og glo på daude skjermar som tilsynelatande har hatt kort levetid. Akkurat der og då er det berre eg som er vitne til det som ikkje skjer på skjermen. Eg trudde eit frydefullt øyeblikk at nokon hadde perforert ein av dei i reint sinne, men så vel var det nok ikkje; heller nokre ungdomar som i gjerandsløyse hadde bruk for ein blink.

Dette innlegget er skrive på datamaskin. Det er prisen for fotohobbyen.

Med ønskje om eit moderat skjermår!