Siloballelandet

Attende til Island, og først to små seriar med islandske siloballar. På Island er topografien sterkare merkt av siloballane enn i Noreg; dei står meir fram som installasjonar. Ballane ligg i eit nake og reint landskap, og den skulpturelle verknaden blir desto større. Det øvste biletet er frå Eyafjördur, som går frå Nordishavet og inn til Akureyri. Eit meir minimalistisk landskap skal ein leita lenge etter. Eg var dessutan så heldig å få siloballar i tre ulike fargar i same haugen (ja, eg veit at svart og kvitt ikkje vert rekna som fargar).

Islendingar har ingen hemningar når dei skal fargeleggja husa sine. Dette uthuset ligg også på Nord-Island.

Men det er Sør-Island som er det store siloballområdet. Dette var ein av dei finaste haugane eg såg. Eg rekna meg fram til at det var om lag 1 700 ballar – du kan jo kontrollrekna.

Frå det vidstrekte sørislandske slettelandet.