Rust og einer

Ordet prosjekt har ein bismak av noko seriøst og gjennomtenkt. Eg veit ikkje om eg er komen så langt, men når eg tenkjer meg om, er datamaskina mi full avkategoriserte foto – altså prosjekt. Eitt av dei er løer. Eg var i gang med dette arbeidet om lag samstundes som journalist Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth var i gang med det store bokverket «Norges låver». Her serverer dei ein overdose av norske løer.

Låvane mine stiller i divisjonen under, dersom ein først skal gradera. Prosjektet er førebels konsentrert om ein liten del av Vestlandet, og desse uthusa speglar eit liv i armod og slit. Mange av løene eg finn er fortapte. Her er eit lite knippe med hovudvekt på rust og einer. Bølgjeblekkplater var i si tid berginga for mange løer i verharde strøk, men også akilleshelen. Rusten gneg seg inn i metallet, same kor galvanisert det er.

Brakeløer (einer) er eit særfenomen for det området nord for Bergen som vert kalla strilelandet. Konsentrasjonen er spesielt stor på Osterøy. Ein velkledd brakevegg kan gje livd i fleire generasjonar. Han er luftig og regntett, men alt har si tid, også for ein brakevegg. Det siste biletet i serien viser også Ole Bulls hus på Valestrand på Osterøy, ferdig i 1869. Huset fekk att sin rosa farge ved restaureringa i 2006.