Rimkåpa

Stundom varer det berre éin dag. Rimet dekkjer naturen, og så er det borte. Det er ei frygd å vandra på turstiane ein slik dag, å fortapa seg både i heilskapen og detaljane. Det er ikkje skapt av eit medvit – det er blitt.

Den svenske kunstnaren Waldemar Ihrenbrink måla mellom anna eit heilsvart kvadratisk bilete, og eitt heilkvitt. Kritikarane let som dei skjøna seg på maleria, og kom med merkelege og uforståelege utsegner.

Ihrenbrink sa berre at eit kvitt kvadrat er eit kvitt kvadrat er eit kvitt kvadrat. – Om du ser ein 'ekte' Ihrenbrink med berre den minste antyding til motiv, så er det ei forfalsking. Eg blir lei meg når kritikarane prøver å finna ei djupare meining i mine ikkje-eksisterande kunstverk, sa han.

Eg var glad eg ikkje var i Syden den dagen naturen kledde seg i kvitt utan at det hadde falle ei einaste snøfille, og utan intensjonar. Heller kalde fingrar enn solbrent rygg.