Framleis mellom Hol og Aurland, nesten fram til det som føre heitte Sogn og Fjordane fylke, no Vestland. Midt i juni skin snøen på Hallingskarvet i sør, som her med den løvetanndekte bøen. Kanskje er motivet banalt, men den fotografen som berre reiser framom utan å sikra seg eit slikt motiv er dum og blasert. Like ved står dei to stabbura, som har nokre år på baken.
Lengre vest ligg Strandavatn, som er blant dei mange regulerte innsjøane i denne delen av landet. I juni var strendene tørrlagde, hadde kronglete tilkomst og gav heller ingen store opplevingar. Men no er det kanskje eg som er dum og blasert. Dei to siste bileta er frå dette området.
I dei to neste bloggane er eg ved Tunhovdfjorden.