Reise 3

Når snøen er borte er strekningane Hol – Aurland og Gol – Lærdal to fine vegar mllom aust og vest. Når berre ein gjev seg sjølv tid nok. På ein kvardag utanom turistsesongen er Hol gsmle kyrkje stengd. Som opptatt av bjørker og gravminne har eg likevel glede av å vandra på kyrkjegardar. Hol gamle kyrkje vart bygd som stavkyrkje på 1200-talet. I dag er det lite att av den originale bygningen.

Små statuar av englar, og særleg av Kristus-statuen av Bertel Thorvaldsen, er ganske vanlege på kyrkjegardar. Og det er vanleg at statuane manglar eine armen. Gravminna kan vera interessante, men dei fleste er ganske keisame. Men så er dei heller ikkje sette opp for å underhalda publikum. «Kvil i fred» er vel den vanlegaste teksten. «Me møtest i Himmelen» er ein lovnad som kan vera vanskeleg å halda.

Barnegraver er spesielle, ofte overlessa med leiker.