Reise 1

Det er fint med godt reisefølgje på langtur, men det er også fint å vera solitær. Utgangspunktet var Stord på vestkysten, og derfrå arbeidde eg meg innover i landet. Dei fleste har høyrt om Måbødalen (trur eg). Færre har høyrt om Hjølmodalen, som er ei side'kløft' til Måbødalen. Etter tallause krappe svingar møtte eg snøen, og greidde mirakuløst nok å snu. Eg køyrer aldri den vegen meir.

På slutten av 1700-talet gjorde eit steinras stor skade på Hjølmo-garden. Nyare hus ligg i dag vegg i vegg med steinblokkene. Det bur ikkje folk der lenger. Jan Vivelid er fødd der.No er han pensjonist og held eigedomen ved like. Han har mellom anna frakta store steinar og takheller langvegs frå og brukt dei på ulik vis Det artigaste er at ein av rassteinane dannar ein heil vegg i eit av husa i tunet. Her er det ein sofakrok med vedomn. Kjøkenkroken har Vivelid skore til av gamle takheller.

Mannen imponerte meg.

0