Presset II

I boka «Fra Gud til Gucci» (2004) skriv Erling Dokk Holm tankevekkande om kjøpepress, designpress og konformitetspress. Dei fleste av oss er fanga av dette presset, og dei fleste av oss nektar for at me er det. Finst det eit kamerapress? Javisst. Produsentane spyr ut nye modellar, og alle er litt betre enn dei føregåande. Eg kunne greidd meg med kameraet eg kjøpte for 15 år sidan, men må vedgå at eg har kjøpt fleire etter den tid. Det siste har moderat zoom og søkar, og hovudpoenget – det glir fint ned i lomma på ytterjakka. Eg er nøgd  – så lenge det varer. For siste modell har alltid nokre funksjonar som er irriterande lite funksjonelle…

Enten du er religiøs eller ikkje, så stikk innom kyrkjer når du har høve. Eg tek meg tid til litt kontemplasjon, og så snusar eg rundt både nede og på galleriet. Dei tre øvste motiva er frå Bakka kyrkje ved Nærøyfjorden i Sogn. Det nedste biletet er frå Undredal, som har den minste stavkyrkja i landet. Døra var låst då eg var innom bygda. Så slik vart oppgåva «stavkyrkje» løyst.