Plastens estetikk

Lite sidespor: Roy Anderssons nye film «En due sitter på en gren…» : Eit meisterverk, ein stillferdig knytneve midt i fleisen.

Sist eg blogga om plast var eg ein smule moraliserande, og viste til medaljens bakside. Plast skaper død og forderving når den er blitt søppel, for i global målestokk er det på langt nær alt som blir resirkulert. Dette stoffet kan, i sine tallause manifestasjonar, også ha estetiske dimensjonar, mange fleire enn det eg viser her. På eit lite båtverft med historiske tradisjonar er mange av restaureringsobjekta dekte med presenning. Eg tar utsnitt og forenklar i staden for å visa alt. Dei to første bileta er frå verftet. Det tredje er frå ein liten trebåt tilfeldig parkert på ein nedlagd ferjekai. Eg får assosiasjonar til elefanthud.

Det siste er utsnitt av ein stor, kassert presenning som ligg innafor grunnmuren til eit fjerna hus. Eg har kome attende til denne presenningen fleire gonger. Det eg ikkje oppdagar første gong, ser eg kanskje neste gong, og så vert det ein liten serie av det. Det er den same gamle oppskrifta; oppsøk lokalitetane på nytt og på nytt.

Eg er svak for bedrifter basert på handverkstradisjonar. Første punkt er å kontakta leiinga og klargjera intensjonar og avgrensingar. Like viktig er det å prata med «gutta (jentene) på gølvet» og visa interesse for arbeidet deira, utan å forhasta seg, og å fletta inn nokre anerkjennande ord der det fell naturleg. Når du er på ei bedrift for å fotografera skal du gje deg tid til å bli «husvarm» og å visa respekt. Du skal bli sett på som gjest, ikkje inntrengar.