Plass for ettertanke

På tide å koma seg utanlands. Først til Island, og – av alle ting – gravplassar.

– Kyrkjegarden er langt frå å vera «dødsens kjedeleg», skriv filosof Jon Hellesnes i boka «Om modernitet og ekstreme tilstandar».

– Der er namn og varierte innskrifter, vitnemål om farne slekter og levd liv, skiftanmde livssyn og ytre konvensjonar. Ein stad for sakn, og kanskje for dårleg samvet.

I boka «Essentialism» fortel Greg McKeown om ein mann som vitjar gravplassar når han reiser kring i verda:  – Til å byrja med tykte eg det var ein sær vane, men no ser eg at han på denne måten held fokus på at også han er dødeleg. Livet til ein essensialist er eit liv utan anger; du er blitt stolt av det livet du har valt å leva.

Dei kvite krossane på Akureyri kyrkjegard minner på avstand om ein krigskyrkjegard. Islendingane brukar lang tid på å skifta dei provisoriske krossane ut med meir robuste gravminne, og mange av dei vert ståande som varige minne. Nasjonsflagget på graver er langt meir vanleg enn i Noreg. Gravminnet forma som eit tønneband er kanskje eit symbol på det evige. Det siste fotoet er frå Vik på Sør-Island; ein kyrkjegard som ligg for seg sjølv høgt over den vesle byen.