På spissen: Gje blaffen!

– Det er eit privilegium å leva i konflikt med si tid. Kvar augneblink er ein medviten om at ein ikkje tenkjer som andre. (Forfattaren E.M Cioran).

Kva har dette med ein tur til Austevoll å gjera? Svært lite. Kanskje det har noko med foto å gjera; å vera heilt fri (innbiller eg meg) til å gjera som eg vil utan sideblikk på reglar og gode råd eg i beste meining blir pådytta. Då kan eg kanskje bli ein god fotograf. Du har kanskje lese denne, eller tilsvarande overskrifter: «10 gode tips for bedre landskapsbilder.» Då er mitt tips: Gje blaffen! Eg avviser ikkje lærdom, men bortsett frå det: Gje blaffen!

Eg har møtt fotografar så opptatte av å gjera alt etter boka at dei så å seia trykkjer på utløysaren med påhalden finger. Sjølv når dei eksperimenterer må det gjerast på rette måten. Gje blaffen! Det er sett på spissen, men verdt å tenkja over.

Kameraten og eg var i Austevoll denne veka. Målet var å fara over det meste av kommunen utan å stressa, så det vart mest ein rekognoseringstur i tilfelle me fann noko verdt å venda attende til. Ferja «Herlaug» førde oss over fjorden. Te eller kaffi mot 15 kroner i myntboksen. Fint at dei stolar på oss.

Mykje av skogen på vestsida av Austevoll er blåst over ende. Tømmer som er raska saman ser ut som B-vare. Elles fell eg i stavar over dei merkelegaste ting. Eit stykke aluminium som reiser seg mot himmelen. Ein tekst på eit ferjeventerom – den er i alle fall eit kompliment. Ein steingard som følgjer eit søkk i landskapet. Ei grav med ein øydelagd trekross; kransen vitnar om at i alle fall nokon har brydd seg om den som for andre er namnlaus og utan alder.