Overfloda

– What thou lovest well remains / the rest is dross / What thou lov'st well shall not be reft from thee

(Ezra Pound, sitert i boka «Sally Mann A Thousand Crossings»)

Eg er ikkje den som har flest foto på harddisken, eller på smarttelefonen. Likevel har eg ei kjensle av at det vert for mykje av det gode / middels / dårlege. Ein engelsk fotograf vart nyleg heilt frå seg då alle bileta på smarttelefonen var vekke; minst 10.000… Etter eit par veker prøvde ho å hugsa kva ho hadde mista. Ho kom ikkje på fleire enn pluss-minus tjue. Det som hadde hendt var ingen katastrofe, berre frigjerande.

Kanskje eg skal sletta ei gamal nettside eg har, der det ligg nokre tusen foto av, etter kvart, historisk verdi, blant anna frå kulturhendingar. Så viste det seg at eg ikkje hugsa passordet. Ein eller annan datafreak må vel kunna hjelpa meg slik at eg kan få fjerna alt. Verda greier seg utan.

Det er på tide å ta det langsamt. Eg har fått eit Minolta Autocord 6x6 toøygd kamera. Kanskje det er starten på noko. Kjøpa film, framkalla.

Danmark er greitt så lenge det er utanom turistsesongen. Det øvste fotoet er frå Løkken på Nordvest-Jylland. Ei uendeleg rekkje av det eg reknar med er badehus, ventar på invasjonen.

På ein del av åkerlandet i Danmark vert det dyrka knallgul raps, som er ein svært fotogen oljeplante. Eg valde heller ei bilete av noko som truleg ikkje skulle vore der – mengder av løvetann i frø. Eg likte det. Det tredje fotoet snakkar for seg sjølv. Eg hadde tid til å kvila i ei sanddyne og la skyene drive over Kategat.