Ord over grind

– Du går fram til mi inste grind / og eg går fram til di / Innanfor den er kvar av oss einsam, / og det skal vi alltid bli. – Aldri trenge seg lenger fram, / var lova som galdt oss to. / Anten vi møttest tidt eller sjeldan / var møtet tillit og ro.

Halldis Moren Vesaas tenkte ikkje på fysiske grindar då ho skreiv diktet. Dei eg ser i jordbrukslandskapet er ein del av stengslet mellom beitemark og innmark og vegar. Nokre av dei har framleis sin misjon, andre står der av gamal vane. Grindane vert borte etter kvart som jordbruket endrar seg. Eg såg dei ikkje før eg tok til å sjå etter dei, og då dukka dei opp overalt.

Grindar er bygde over nokre få grunnformer. Den vanlegaste er ei rektanguiær ramme med hønsenetting og ein diagonal avstivar. Som fotomotiv er dei einsformige; eg må stola på variasjonar i lys og landskap. Nokre sauer eller ei ku hjelper på. Det endar som med det meste i fotografiet – det er lite att når sorteringa er gjort.